Hulda Garborg

Hulda Garborg, forfattar og kulturentrepenør og folkeopplysar. Hulda Garborg var med på å grunnleggja Det Norske Teatret i 1912 og var den første styreleiaren der. Ho skreiv vel 40 større og mindre bøker, var dramatikar og sceneinstruktør og gjorde stor kulturhistorisk innsats for å gjenopplive folkevisedansen og bunadtradisjonen i Noreg.

Hulda Garborg
Hulda Garborg
Karen Hulda Bergersen var fødd 22. februar 1862 på Stange i Hedmark og døydde 5. november 1934 i Asker. Ho voks opp saman med mor si i fattige kår, først på Hamar og deretter i Kristiania. Ho hadde inga formell utdanning etter folkeskulen og arbeidde i ungdommen som butikkjente i manufakturforretninga til Brødrene Dobloug i Kristiania.
Hulda var gift med Arne Garborg. Dei gifta seg i 1887 og budde først på Kolbotn i Tynset i Østerdalen. Dei flytta til Labråten i Asker i 1897, der Garborg-paret var sentrum i den såkalla Askerkretsen av kunstnarar og forfattarar.
 

Allsidig forfattar

Hulda Garborg var ein rikt og allsidig utrusta person med stor intellektuell kapasitet og arbeidskraft. Ho debuterte som romanforfattar med Et frit Forhold i 1892 og som dramatikar med Mødre i 1895. Deretter gav ho ut bøker og skrift nesten årleg, romanar, skodespel, dikt, debattbøker og folkeopplysningsskrift og sjølvbiografiske bøker.
Ho skreiv i dagboka si 1915 at ho hadde så mange emne å skrive om at ho kunne halde auksjon over dei. «Hulda holder paa med at male Borde og Vægger, sy Skindfælder sampt skrive Tragedier,» skreiv mannen, Arne Garborg, i eit brev.

Ho hadde mange lesarar i samtida, og bøkene hennar vekte oppsikt og diskusjon. Kvinden skabt af Manden. Studie af en Kvinde, som ho gav ut anonymt i 1904, vart trykt i ti opplag og omsett til svensk og tysk.
Hulda Garborg var ein produktiv og populær dramatikar. Ho skreiv større drama og mindre farsar og lystspel. Den vesle komedien Rationelt Fjøsstell, 1896, vart trykt i åtte opplag.

Folkeopplysaren

Å gjenreise kulturen på dei norske bygdene var eit mål for Hulda Garborg. I heftet Norsk klædebunad, 1903, gjenopplivar ho dei gamle festbunadene og gir råd om sying og stell. Ho studerte folkevisene og songdansen på Færøyane og gav ut bøker om song- og danseviser i Noreg. Ho var sjølv danseinstruktur, drog på turnear og spreidde kunnskap om folkedansen. Som pioner for nynorsk teater etablerte ho i 1910 amatørgruppa Det Norske Spellaget, som var forløparen til Det Norske Teatret.

Hulda Garborg skreiv artiklar i aviser og blad. I landsmålsavisa Den 17de mai, som ho også heldt liv i økonomisk utover i 1920-åra, hadde ho ei spalte om husstell og matlaging som seinare kom i bokform, Heimstell, 1899. Matstell paa Landsbygdi, 1907, er den første kokeboka på norsk mål. Hulda reiste mykje i Europa og USA og arbeidde for ein matkultur som kombinerte det heimslege med det internasjonale.

 

Frå Sigri Bø Grønstøl: "Hulda Garborg", Allkunne.no, sist oppdatert 25.1.2018 [lesedato 26.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.


Tekstar om Hulda Garborg
Biografi av Anton Aure (1916)

Nasjonalt Garborgsenter
Nasjonalt Garborgsenter er organisert som ei avdeling under Jærmuseet og skal etter planen opnast på Bryne i 2011.