I hjartedjupet ligg ein streng

    (Salme, 1949)

    Av Olav Eliasson Fylsvik

     

    I hjartedjupet ligg ein streng

    Som rekk ifrå Guds hjarte;

    Der ned til oss på engleveng

    Sviv tonar fagre, bjarte!

    Det er når glade engle-kor

    Si gleda kann kje gøyma,

    Då uutsegjelege ord

    I song fær til oss strøyma.

     

    I slike stunder er det rett

    Som lyftest me på venger,

    Når tonar stig med songen lett

    Som bogedrag på strenger.

    For songen hev ei himmelart,

    Han gløder av Guds-varmen;

    Når hjarta ligg der kaldt og hardt,

    Han kveikjer liv i harmen.

     

    Igjenom songen gjeng ein straum

    Som friske, svale vindar,

    Som ber åt hjarta stråleflaum

    Meir ljos enn sol på tindar,

    Når slike straumar svalar her

    Oss ein og annan gongen,

    Kor må det ikkje verta der

    Som frelst me lyfter songen!

     


    Frå Nynorsk salmebok for kyrkja heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.


      O.E. Fylsvik

      (1833-1908). Fødd i Volda. Skulehaldar og bonde.

      Gav 1857 ut "Possian. Hyrderne paa Bethlehems Mark" og 1888 "Vaarblomster. Fædrelandsdigte og sange av O.E. Følsvik". I 1870- og 80-åra tok han til å skrive på landsmål. Hadde ymse kommunale ombod. På slutten av 1880-åra vart han gripen av den  religiøse vekkinga som gjekk over Sunnmøre. Mange av salmane hans vart prenta i Barstads blad "Stille Stunder". Har vore omtalt som "nærmast ein husdiktar for voldingane" (Jostein Fet). JG

      Litt.: Per Aarviknes: Ætt og minne. Gamal segn og soge. I. (Volda, u.å.), s . 4-7 og 125-35.
      Per Årviknes: Volda-soga. III. Gardar og slekter. Volda 1973, s. 163.