Jon Fridtun

    (1867-1914). Fødd på Flo i Oppstryn. Gardbrukar.

    Jon Fridtun
    Jon Fridtun
    Lærde seg sjølv Landsmål. Skreiv i Fedraheimen og i andre blad. Selde ei tid bøker for Mons Litleré, og var ein av førarane for den frilynde ungdomsrørsla i Sogn og Fjordane. Var med i styret for Firda mållag fram til 1908. Skreiv stemnesongar og andre songar. JG