Stefan Frich

    Stefan Frederik Frich var skulemann, avismann og forfattar, som omsette den første barneboka til landsmål og den andre islandske ættesoga.

    Stefan Frich
    Stefan Frich
    Frich var presteson og av gammal embetsmannsslekt, fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord på Sunnmøre, oppvaksen i Stjørdal og hadde arbeidslivet sitt på Fåberg og i Lillehammer. Han døydde 14. mars 1927.
     
    Frich tok artium i 1862. Han studerte filologi i Kristiania og kom inn i krinsen kring Olaus Fjørtoft. Frich meinte som han at landsmålet måtte bli meir talemålsnært. Etter påverknad frå Christopher Bruun reiste han til Danmark for å setje seg inn i skulesynet til Grundtvig. I 1874 starta han ein privat friskule for born på Fåberg, og denne skulen dreiv han til 1903. Syster hans, Mina, tok etter ei tid over småskuleklassene, seinare hadde Dorte Smerud dette arbeidet.
     
    Frich var målmann, og kjempa for å få austlandske dialekttrekk inn i landsmålet. Han var med i Austmannalaget frå starten, sat i styret i 15 år og var formann 1903–06 og 1910–12. Han skreiv for Den 17de Mai, var redaktør for målbladet Bonden på Lillehammer 1911–21 og gav ut debattskrift om målsaka, Maalspørsmaalet og det nye Norge (1906) og Eitt einaste riksmaal i landet (1926). Frich omsette Laksdølafor Samlaget i 1899 og Soga um Bjørn Hitdølakappei 1926. Dessutan skreiv han bøker for born, blant andre Smaafolk (1908). Den første kjende barneboka på landsmål, Klas Omnstuv og mange andre morosame stykkje for born av Zakarias Topelius (1884), er omsett av Frich.


    Frå Turid Kleiva: "Stefan Frich", Allkunne.no, sist oppdatert 26.5.2017 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

     
    Tekstar om Stefan Frich
     
    Dikt. 1931
    Av Olav Aukrust