Jon Fosse

    Jon Olav Fosse, forfattar, dramatikar og omsetjar, ei særmerkt røyst i ny norsk litteratur og mellom dei mest spela nolevande dramatikarane i verda.

    Jon Fosse
    Jon Fosse
    Fosse er fødd i Haugesund 29. september 1959. Han voks opp i Strandebarm i Kvam kommune. Han studerte litteraturvitskap i Bergen, der han no er busett, og debuterte som romanforfattar med boka Raudt, svart i 1983. Seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker. I 1989 kom essaysamlinga Frå telling via showing til writing. Fosse debuterte som dramatikar i 1993, og det er på det området han har hatt størst suksess. Bøkene hans er omsette til meir enn tretti språk.
     
    Fosse er mellom mykje anna tildelt Nynorsk litteraturpris (1992), Ibsenprisen (1996), Aschehougprisen (1997), Gyldendalprisen (1999), Doblougprisen (1999), Anders Jahres kulturpris (2006), Svenska Akademiens nordiska pris (2007) og Den internasjonale Ibsenprisen (2010). Fosse er kommandør av St. Olavs orden.
     
    Odd W. Surén
     
     
    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.

    Jon Fosse var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 1998.

    Temautstilling laga av Nynorsk kultursentrum
    Kunsten i livet - diktaren Jon Fosse

    Bøker og artiklar om Jon Fosse
    Jon Fosse. Artikkel i Allkunne.no
    Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på guds jord. 2009. Samlaget og BIBSYS

    Litteratursøk
    BIBSYS: Bøker og artiklar om Jon Fosse
    Bibliografi over norsk litteraturforsking: Bøker og andre skrifter om Jon Fosse 
    Norske tidsskriftartiklar: Artiklar om Jon Fosse

    Nettstader