Kjartan Fløgstad

    Kjartan Fløgstad, forfattar. Få, om nokon, norske forfattarar har gjort meir for å bryte ned skilja mellom høgt og lågt i kunst og litteratur.

    Kjartan Fløgstad
    Kjartan Fløgstad (foto: Jo Michael)
    Fløgstad er fødd i Sauda 7. juni 1944. Etter nokre år til sjøs og avbrote arkitektstudium i Trondheim studerte han språk og litteratur ved Universitetet i Bergen. Han debuterte med diktsamlinga Valfart (1968) og har seinare forma språkleg og litterær meisterskap i så ulike sjangrar som prosa, poesi, essayistikk og historisk framstilling.
     
    Gjennombrotet var romanen Dalen Portland (1978), som han fekk Nordisk Råds litteraturpris for. Hovudverket i fiksjonsdiktinga hans er og blir Fyr og flamme (1980), og i essayistikken er Tyrannosaurus text (1988) hovudverket.
     
    I 1994 var han den første festspeldiktaren under Dei nynorske festspela. Fløgstad har blant mange prisar fått Brageprisen for Kron og mynt (1998) og Edvardprisen frå TONO 2003 for teksten til songen ”Slak line” på cd-en Stolpesko (2002). I 2008 kåra Dagbladet essaysamlinga Loven vest for Pecos til ei av dei viktigaste sakprosabøkene i Noreg etter 1945.
     
     
    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no
     
    Kjartan Fløgstad var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 1994.