Rasmus Flo

    Rasmus Jørgensen Flo, filolog, lærar, språkrettar, omsetjar og tidsskriftredaktør. Han gjorde hovudarbeidet med tidsskriftet Syn og Segn dei første åra og sat i den første rettskrivingsnemnda for nynorsk.

    Rasmus Flo
    Rasmus Flo
    Flo var fødd 29. september 1851 i Stryn og døydde i Kristiania 30. november 1905. Han tok lærareksamen ved Stord seminar i 1871, examen artium i 1873 etter eit år på Heltbergs studentfabrikk og vart cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1881 med faga engelsk, fransk, tysk og norsk. Fram til 1892 livnærte han seg som lærar, deretter dreiv han med litterært arbeid.
     
    I 1892 vart Flo hjelpesmann for Moltke Moe i arbeidet med Nordahl Rolfsens lesebok, og deretter drog det eine arbeidet det andre etter seg. Han var redaktør av Syn og Segn frå tidsskriftet vart skipa i 1894 til han døydde, dei første åra saman med Arne Garborg og Moltke Moe, seinare saman med Halvdan Koht. Han gjorde storparten av arbeidet med andre og tredje bandet av Andreas Austlids lesebok, og han hjelpte Steinar Schjøtt med Snorre-omsetjinga frå 1900. Mange av skaldekvada der var omsette av Flo. Han var rådgivar og språkrettar for dei fleste nynorske forfattarar og bladfolk i samtida. I Det Norske Samlaget var han varamedlem til styret i 1894–96 og medlem av styret i perioden 1896–1903.
     
    I 1900 omsette han Frederick Marryats barnebok Styrmann Stav,og i 1902 gav han ut Gamle skaldar og kvad, med kvadi umsette paa nynorsk.
     
    Då den første rettskrivingsnemnda for nynorsk vart nedsett i 1898, kom Flo med, saman med Arne Garborg og Marius Hægstad. Her gjorde han hovudarbeidet med framlegget frå fleirtalet, Garborg og Flo, som tilrådde den såkalla midlandsnormalen, bygd på austnorsk fjellbygdmål. Mindretalet, Hægstad, gjekk inn for ei modifisert Aasen-norm, som var den norma departementet fastsette i 1901 for skule og administrasjon. Elevar som ønskte det, kunne bruke midlandsnormalen, men denne norma fekk lite å seie.
     
    Flo levde eit kravlaust liv i tronge kår. Ved fødegarden på Flo i Stryn er det reist ein minnestein over han.
     
    Frå Jon Grepstad: "Rasmus Flo", Allkunne.no, sist oppdatert 30.4.2013 [lesedato 16.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.