Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn

    (Målpolitisk artikkel, 1871)

    Av Olaus Fjørtoft

     

    Maalmennene gjeng ut ifraa noke, som alle e einige om, og dæ e dette:

    Bokmaale e Dansk, Bondemaale e Norsk.

    Dei hev no i mange Aar streva mæ aa faa dæ norske Maal fram i Bøkene, og Bokmaale hev vel i den siste Tia vorte mykje bære og mykje meir norskt hell før nokre Aar sia; men endaa hev dei inkje gjort dæ slag te at Bonden, som vel mest trengde te aa faa ei Maalreinsking i Bøkene sine, kunde faa sitt eie Maal i Aalmuskulen. Men dette maa snart gjerast, og at dæ kann verte noke Aalvor ta mæ dæ, vil me vende oss aat dokke Bondevenne. Men fyst ska me fortelja ein Grand om Maalsaka, korleis ho e oppkomen, korleis ho no stend, kva me vil og kva som no maa gjerast:

    I dei gamle Dagane, daa Norge va eit Rikje før seg sjøl, snakka Storkarane i Norge reint Norsk. Men daa Norge kom under Danmark, tok dei te aa leggje av sitt goe Maal. Daa vart dæ Skjikk aa skrive Dansk, og so lærde Storkarane seg opp aa snakke ette Bøkene. Men den store Mugjen i Byane heltt paa Gamlemaale sitt og snakka Norsk, og endaa den Dag idag bruka dei Norsk i Byane mæ, om dæ kanhende hev vorte noko veikt og fattegslegt ta seg; for dei hev tekje mykje ette Storkarane, som dei hev vore so mykje ihop mæ, og so hev dei no i mange Herrens Aar vore opptamde te aa lesa Bøke, som hev vore skrivne paa reint Dansk. Men Bondemaale kring Lande e no like norskt endaa. Dæ e daa inkje Gamalnorskt førstend seg, men Nynorsk, sameleis som Maale dei snakka i Sverik no e Nysvensk og inkje Gamalsvensk. Men daa me i 1814 vart eit fritt Folk og slapp laus fraa Danmark og fekk stelle oss te Rettes her oppe i Norge, so kom Storkarane te aa tenkje paa, at dæ skulde vera gjilt, om me hadde eit norskt Maal, og so gjore dei dæ norskt mæ eingong og kalla dæ Norsk istanfør Dansk. Før dette vart no Danskjen sint, og vilde, at Normannen skulde vera so snild aa kalle Maale Dansk, naar han skreiv Dansk. Og Normannen maatte staa te at dæ va Dansk, han skreiv; men likevel kalla han Maale Norsk. Dette kunde Danskjen naturlegvis inkje førby, og soleis gjekk dæ før seg, at dansk Maal kom te aa heite Norsk, naar Boka berre va trykt i Norge. Men Kvar Mann skjyna naturlegvis, at Maale vart inkje norskt i Grunnen, om dei alder so mykje kalla dæ so, all den Dag dei skreiv same Maale som i Danmark, mea Lande sjøl hadde eit Maal, som hadde staatt og vore norskt, solengje Norge hadde vore te. Dansk skriv dei endaa her, og dæ skriv baae Bondegutten og Byguten, for dei hev inkje lært aa skrive noke anna i Skulen. Men likevel, so kann no den norske Naturen inkje so reint førnekte seg heller; dæfør skriv no Diktarane vaare Bjørnson og Ibsen eit Maal, som Danskjen slett inkje lika, for der stikk Norsken fram. So hev ein Mann, som heite Knudsen, som e Overlærar paa Latinskulen i Kristiania, gjort svert mykje te aa faa Bokmaale vaart norskare. Han vil ta opp norske Or og norske Orskøp smaatt i Senn. Men dette Maale e no inkje reint Norsk dæ helde, og skjøl kalla han dæ berre «Dansknorsk». Han hev inkje vaaga seg te aa gaa so vitt som Bymaala eingong. Men likevel e dæ endaa inkje mange, som vaaga aa gaa so vitt som Knudsen. Bjørnson tek vel opp norske Or, som Danskjen inkje hev; men han bruka inkje aa gji Ora norsk Skap. Sameleis e dæ mæ den andre norske Diktaren vaar Ibsen og. Slike Or som: «Naut» og «Beist» bruka Ibsen paa Norsk istanfør «Nød» og «Best». Norsken ska vel vera go nok te slike Or, meina han vel daa. −Men i dei siste Aara hev nokre tekje te aa skrive reint Norsk, ompass som dette Maale eg no skriv her, og hev mæ Tia tenkt aa faa rein Norsk in i Bok og Bla atte. I gamle Daga va dæ vel og ein og annan Karen, som skreiv Sanga og Vise paa Bondemaale. Soleis va dæ i 1734 ein Student, som heitte Nils Heiberg. Han skreiv den vikjende Brøllopsvisa «I rykandes Ovær og fykandes Vind», Gudbrandsdølen Edvard Storm: «Os ha gjort kva gjeras skulde», Tomas Stokflet: «Heimatkomsten: Lengje venta Laurdagskvellen eingong kom», Hans Allum: «E sku au ha Lyst te gjifte me san». Dette va i dæ fyrre Hundertale; men dæ va alder tenkt, at dæ skulde verte noke Aalvor mæ aa bruke dæ norske Maale. Dei skreiv so før Moro. Men daa dæ lei frametter i dette Hundertale kring 30-Aara, tok dæ so smaat te aa verte Aalvor i Leiken. Han Henrik Vergeland va Mannen, som ga fyste støyten og som va ute her mæ som i alt anna norskt og gjilt og stort. Sjøl brukte han ofte mange goe norske Or og skreiv om dæ norske Maal. Han ga soleis ut ein Visebundel, som han kalla «Langeleiken», som va skriven paa Norsk i 1842. Mot Henrik Vergeland sto no Finfolkje, som va sint paa han og Norskheita hass. Dæ va Velhaven og Sveigaard og Stassraa Stang og fleire andre, som no e Embætsmenn. Velhaven, som va baae den verste Motstandaren og Ovenen hass Vergeland, skreiv mot hass norske Arbei og Maal og sa, at dæ va eit: «til dyrisk Søleri og Vildhed førende ækelt Surogat for dannet Sprog.» Men dæ nytta inkje, kva dei kridde og ga vont fraa seg før. Vergeland vart folkekjær over heile Lande. Og mæ Vergeland og hass Tanke hev Norge gaatt viare fram paa den norske Vegjen.

    I 40-Aara kom dæ fram ein Bondegut fraa Sunmør, som skulde verte Karen te aa ta opp dæ norske Arbeie hass Vergeland i Maalvegjen. Denne Mannen va Ivar Aasen. No e han ein gamal Mann, men endaa sit han mitt oppe i Arbeie. Daa han va ein Gut aa kalle, kom han te ein. Prest, som tok seg av han, so han vart Skulemeistar. Han va dygteg i noke, som dei kalla Botanik elde Blomsterlære. Paa Blomstrane bruka dei Lærde mange latinske Namn. Men no syntest han Ivar, som va vel kjend mæ Bonden og kjende Bondemaale sitt, at dæ skulde vera morsomt aa koma mæ dei norske Namn paa Blomstrane istanfør alle disse latinske. Han kom mæ ei Optekning baae paa dæ og mangt anna fraa Folkemaale, og no vart Bisp Neumann var han. Han tok seg av han, daa han saag dæ va noke stort mæ Karen. Paa den Ti va dæ og utsett Løn før den, som kunde greie noke ut om dei norske Bondemaal. Bispen fekk Ivar te aa fara kring Lande og lære Bygdemaala og fekk Vitskaps-selskape i Trondhjem te aa koste Færa, og sia fekk han Hjelp av «Oplysningsvesene». Ette at han hadde fare runt Lande, kom han mæ dei tvo store Verka sine: «Det norske Folkesprogs Grammatik», som kom ut i 1848 og «Ordbog over det norske Folkesprog» i 1850. Grammatiken sin hev han omarbeitt sia, og andre Utgaava kom i 1867. Orboka e og omarbeidd, og nett no i disse Dagane e dæ fyste Binde av henne utkome. Om disse tvo store Verk ska alle lærde Menne vera einige i dæ, at dæ e Mønsterarbei. Viare so hev han gjitt ut: «Prøver paa Landsmaalet i Norge» (1853) og «Norske Ordsprog» (1856), Sangspele «Ervingen» (1855) og «Symra, tvo Tylfter med nya Visur» (1856) som vart omattrykt i 1867. Ellest so hev han skrive mange Stykkje om Maalsaka i Bok og Bla, som eg inkje her veit aa nemne.

    Men va me so lukkelege, at me fekk Maalmannen, som gjore Aalvor av Tankane hass Vergeland mæ dæ, at han samla alle norske Or i Bondemaale og sette opp ei Mønsterform før heile Lande, som alle Bondemaal liksom kunde gaa opp i, so va me helde inkje so uhepne mæ den Mannen, som ette kom, som skulde syne, at dæ gjekk før seg aa skrive og syngje og dikte paa dette Maal mæ, og denne Mannen va Skalden: Aasmund Olavson Vinje. Aa rekne opp alt, han hev skrive, e dæ helde inkje Meininga her aa gjera; men dæ vigtigaste bør nemnast. Vinje va fraa Telemarken og dæ fine Telemaale va Toe i Songen hass. Han va frilynd Politiker, stor Skald, heit Normann, heilhuga Kar og klok Mann. «Dølen» heitte eit Vikebla, som han ga ut paa Bondemaale. Dæ kom ut fyste Gongen i 1858, og mæ dette Blae stelde han so lengje han levde. Her dikta og skreiv han om alt mesta, som dæ stend om Salomon. Dølen va vel dæ morsomaste Bla, som hev kome ut i Norge og syne ein heil ny norsk Tenkjemaate. Her skreiv han dryge Or mot Landsens Styre, og før dæ mista han Kopistposten sin. Han va inkje meir hell Kopist, og før dæ han skreiv Sanning, so va Tap av den Stakkars Posten Løna han fekk. Han fekk inkje Eignelute her i Væra. Men trudde Regjeringa ho skulde stagge Munnen hass mæ slik Aatfær, so kom ho nokk te aa forrekne seg; for Dølen levde so lengje han Aasmund levde. S t o r e g u t e dæ gjildaste Skaldverkje hass. Han kom ut i 1866, og sia er Storegut vorte oppattetrykt. «Ferdaminni», «Blandkonn», «Vaar Politik», «Om Sveigaard», «Diktsamling» e allesamen gjilde Bøke fraa Vinje skrivne i Bondemaale. Tak og les! Dæ e dæ einaste me kan seie. I Somar døydde Vinje, og naar dæ norske Maal eingong e kome te sin Rett, ska Namne hass staa høgt i Jamnbreidd mm Vergeland og Aasen. Vergeland tenkte Tanken, Aasen førde han i Buna og Vinje leika mæ han. Ellest hev mange andre trottige Menn arbeitt før Maaltanken. Eg ska nemne Eirik Torvaldson Sommer, som i Aare 1860 skreiv ei gjild Noregs-Saga paa Norsk endaa Maale dengongen va so lite opparbeitt. Denne Mannen hev i dei siste Aar tekje Avskje, for han e no blind. Dæ va stor Skae, at han gjekk ifraa, for dæ va norskt Emne i den Karen. So hev me Henrik Krohn bort i Bergen, som hev skrive nokre Bøke paa Landsmaale og styrt tvo Aarganga av Ferdamannen, eit Maalbla, som kom ut eingong kvar Vike i 1866 og 1867 bort i Bergen, Diktaren Kristoffer Janson fraa Bergen, prestlær, som hev skrive: Fraa Bygdom, Norske Dikt, Jon Arason, Han og Ho, Marit Skjølte, 5 Dikt-arbei paa Maale og 2 smaa morsome Fortellinga: «Slaastkjempa» og «Etter Bjørnen». No før Tia e han Lærar paa Folkehøgskulen hass Kristoffer Brun opp i Sell i Gudbrandsdalen.

    Kristoffer Brun e ein dygtig ung Teolog, som hev vigd seg før Folkehøgskulen og hev gjort seg kjend før sine djerve Or og Tala, han hev kome mæ oppe i Studentersamfunde her inne i Kristiania. 1 1866 heltt han ein gjild Tale om Maalsaka, som dæ norske Studentersamfund hev kosta i Trykken; og der samla han om Maalsaka, heile den nationale Reisingstanken. Denne Talen heltt han herinne fyrr han drog ut paa Lande og tok paa mæ Folkehøgskulen sin; men ifjor kom han ne te Kristiania og sa, kva han tenkte om Storkarslive vaart i Norge i Motsetning te Folkelive, som han hadde lært dæ aa kjenne. Disse merkjelege Talane has kom som ein Elding over Kristiania og vart snart baarne ut over Lande. Gji Gud han Livedagane, so vert vist inkje disse Ora dei siste, han hev sagt i Norskesaka og Folkeoplysingsvegjen, og me trur, at fær han arbeie i 20 Aar, som han sjøl sa, som Folkehøgskulelærar oppe i Gudbrandsdalen, so ska Gudbrandsdalen verte ei andeleg Makt i Lande, der dæ ska gaa ut ifraa ei stor norsk Vekkjing, og me vil vone, at mange andre norske Folkehøgskula ska møte han paa Vegjen i dæ norske Folkearbeie hass.

    Her inne i Kristiania hev nokre Studenta og gjitt ut eit Maalbla, som gjekk i tvo Aar og heitte «Svein Urædd». Dæ gjekk inn ve Juletie i Vinter, men istaen kom dæ ut eit anna, som endaa gjeng unde Namne «Andvake». Fyrstemannen før dette e filologisk Kandidat Steinar Schjøtt. −I Bergen e dæ eit stort Maallag, som heitte Vestmannalagje, som tell ein fir-fem hunder Mann. Eit Tisskrift, som heitte «Fraa By og Bygd» kjem ut der bortanifraa. Ellest e dette Lagje mest før Bergjensarane, og dæ e eit mykje vispurt Lag før si Hyggje og Moro i Selskapsmøto, og ifraa dæ vil me vone dæ ska gaa ut ein stor Elsk te Maaltankjen te Bygdene runt i kring; for inkje rettare hell me skjyna so e Vestmannalagje eit stor Lag, som dreg Folk av alle Stende aat seg derborte, og e dæ einaste større Lag i Lande, som hev vorte eit Folkelag i høgre Meining. I Kristiania e «det norske Samlag», som hev gjitt ut fleire Landsmaalsbøke. Dæ e mest paa Lag som eit Folkeoplysningsselskap, som no hev staatt i 3 Aar og vist tell inpaa ein 400 Mann. Ellest ska dæ no vera fleire Maallag utover Lande, serleg vil eg nemne eit opp i Gausdal oppe ve Vetlehamar, som Per Bø e Formann før.

    I disse 20 Aar hev soleis Maalsaka gaatt snart fram, og me hev alt faatt mange Maalbøke; men me maa staa te, at Maaltanken hev vunne lite fram te Bonden og dæ e serleg te han, han skulde vinne fram. Vel e dæ so, at den store Mugjen inkje bryr seg stort om slikt noke og vel maa me helde døme Folkje ette dei, som kjem ut fraa dei lægre Stende i Lande, som hev arbeitt seg opp te eit høgre vitslegt Stelle hell ette den store Mugjen, som endaa inkje hev faatt Vett paa sitt eie Beste og vel e dæ so og at Maaltankjen verkeleg hev vunne mange av dei likaste Menn før seg baae av dei som hev vore opalne i Stormanslive og i Bondestova; men all den Dag slik ein Ting, som me maatte tru kvar Mann maatte ta mot som eit Lette, inkje hev slaatt ne som ein Elding hos Lægmannen, so maa Skulda vera hos Maalmennene sjøle. Tanken mæ Maalsaka e grei, og ingen kan ha noke vitugt aa bera imot han, kjenne ein dæ Slag te Bondemaale, og dæfør hev og mange Kara, som dæ e noke te Tak i, gaatt in paa Maaltanken; men Ulukka hev vore den, at Maalmennene inkje hev vore dygtege Folk i Norsk. Dei hev i Grunnen skrive Dansk. Me e opplærde i Dansk, optamde te aa tenkje og bera ~q fram Tankane vaare i danske Or og Orlag, og om me hev snutt Ora om i norsk Form, so hev me gjort lite likevel. Naar soleis Bergjensarane ska bruke dæ danske Or «deri», so tenkje dei som so: «der» heite «dar», «i» heite «i», so e alt færigt, «deri» maa heite «dari»; men noke slikt Or finst inkje hos Bonden. «Deri stikker det» omskriv inkje Bonden mæ «dari stikk dæ»; men «i dæ stikk dæ» eller anna slikt noke; men «dari» heite de slett inkje. Slikt noke e so merkjelegt at dæ bør nemnast, alt mæ dæ mange kunde synest dæ va smaatt; men dæ e so raakande, kor lettfærigt dei fer fram mange. Dei vri om Ora og so e alt færigt, og so ein Stil Gud hjelpe oss som e verre hell dæ hadde vore skrive ta den argaste Tysk. Fraser som slike: «Er dat slike Synkvervingar i dat Yttre og med Hensyn til Ting, som hava sit ein Gong gjevne likamlege Skap, so kan det so myket lettare gaa fyre seg i alle meir aandelege Forhold o.s.v.», kan ein uti Eitt treffe paa i Brevsendinga fraa dei bergenske Maalmenne. At ein Ting er «uden Hjemmel» skriv dei om mæ: «at han er utan nokor Heimild». Men dæ vert lett aa skrive Norsk paa slik Maate, naar ein inkje vil gjera seg Umakje mæ aa lye ette korleis Bonden og Normannen sjøl tenkje og snakka. Ein Bymann tessmeir vilde alder snakke soleis; men dæ smaka nokk ta Fugl sa Kjerringa, kokte Supe paa Garstauren Kraaka hadde sote paa, meina vel Bergjensarane. Dæ hev vore «dansk Aand» i norsk Buna berre og her maa vist dei flestalle Maalmenn staa te: Anda hev vore viljug, men Kjøte veikt. Me fær ta Skjeia i ei anna Hand her ette Dag alle ihop og snakke ut kva me meine og rette og hjelpe kvarandre og inkje sitje og skryte og skreppe ta kvarandre, berre me skriv paa Landsmaale og inkje hev noke gott aa skrive om og inkje skriv dæ litle, me skriv skjikkelegt helde. Og naar eg ska seie mi Mening, so trur eg, Ulukka hev vore den, at mange Maalmenn meir hev tenkt paa aa faa eit Maal, som mæ Pokkers Makt skulde vera norskt paa den Maaten, at de snarare va gamalt Norsk hell ny Norsk og Ora snarare inkje-danske hell livande norske elde kanhende snarare eit tankerett maal-lappa Maal hell eit Maal, som dæ kunde vera ei Lette før Bonden aa faa inført istanfør Dansk. Men dæ hev gaatt ofte so, at dæ hev vore lite vunne paa Byte, og her trur eg Bergjensarane hev dei støste Syndene paa Samvittigheita si. Dæ stikk noke fram av «Musètankjen» deira. Men mæ slikt fær me halde opp herette Dag og sjaa te aa skrive greitt og klaart og so ny-norskt eit Maal, at inkje Bonden berre vinn paa Byte, men og sjøl ser, at han vinn og daa fær me leggje av alle Gamalnorskheitene vaare, som me te denne Ti hev leika oss so mykje mm og rette oss meir ette Daglegtalen. For dæ e inkje Meininga, som so mange trur, at dæ e Gamalnorsk som ska in; men dæ e berre den Norsken som leve den Dag idag utyve Bygdene. Gamalnorsken korkje kan elde vil me ha; dæ vilde vera Tull aa gaa soleis attlengs. −Dæ seie seg sjøl, at ette dæ eg hev sagt om Aasen og Vinje, dæ alder hev vore mi Meining, at inkje dæ Maale dei hev skrive, skulde ha vore norskt og gjilt og gott. Hev dæ i Bøkene deira ender og daa staatt Bokstava, som e utdøydde mest alstaen i Lande, so hev dæ likevel inkje gjort noke viare, for dei hev kunna Maale te Gagns, og Bondemaale hev vore deira Morsmaal; men sia so hev dæ og mesta berre vore dei, som te denne Ti hev skrive so baae Maalmennene sjøl og andre kunde ha vore nøgd mæ dæ. Do maa eg ta unda ein prestlærd Mann, som heite Blix, som hev skrive nokre gilde Salma, som hev vorte vel mottekne over heile Lande. Han skriv Norsk, so kvar Mann kjenne paa Flekken, at ein hev mæ ein norsk Maalmann aa gjera. Men han e og Bondegut. Men bortanifraa Bergjen hev dæ somenn vore smaatt; og Grunnen te dæ ligg vel i dæ, dei e Byguta, som inkje kan skrive noke anna Landsmaal hell dæ dei hev studera seg te. Dæ e so fritt før all norsk Stil, at dæ e snodigt dei inkje hev sett dæ sjøle. Naar ein les Ibsen og Janson, so maa ein sant aa seie staa te dæ, at Ibsen skriv mykje meir norsk. Men e dæ daa mi Meining, at Bymennene inkje ska skrive norsk, men berre Bokmaale vaart? Nei slett inkje. Eg trur dæ, at vilde Bymaalmennene berre stikke Fingeren i Jora og lukte der dei e, so hadde dei go Raa te aa skrive gott Norsk, for i kvar By ne paa Gata snakka dei gott Norsk og Anda elde Stilen om eg kan kalle dæ so i eit Maal, som vert snakka, e so norsk, at me no før dæ fyste hev mange Gange meir hell nok mæ aa gjera Bokmaale vaart so norsk; men dæ hev vore Ulukka, Maalmennene og daa serleg Bergjensarane hev støtt blaast aat Byane og tenkt dæ alder kan koma noke gott fraa Nasaret. Der hev Janson sote og skrive og lært seg nokre norske Or utenat ette Orboka hass Aasen, og hev han so some Tie treft te aa skrive Norsk, so hev dæ inkje vore eie, men Ettelikning. Han vaaga alder rive seg laus og vera seg sjøl og tenkje ette kor dei snakka ne paa Gatene; dæ e so liten Vaagna; men Ulukka hev vel vore, at Mesteparten av disse Bergjensarane alder hev snakka Norsk, daa dei va smaa, Mesteparten e Storfolks Søne, som hev gjort Bykse mæ eingong fraa Salongmaal*) og te Bondemaal og dæfør hev dæ gaatt som dæ hev gaatt mæ. Og so e dæ dæ merkjelege mæ alle disse bergensiske Maalmenn, enten snakka dei i Live ompass kav Dansk elde so knota dei eit kunstigt Normalmaal kvar Gong dei stend opp og ska halde Tala i eit Maal, som korkje finst paa Himel elde Jor, korkje inne elde ute. Dæ e so merkjelegt aa høyre slike Folk seta fram den Læra: Snakk enten fint Dansk heilt ut elde so heilt Norsk heilt ut; men paa slik Maaten vinn inkje Maale seg fram. Ska me vente te Bymaalmennene, som tek dæ, som dei no gjer, tek te aa snakke norsk te andre Tie hell dei e oppe og held dundrande Tala i eit sprikjande Maal, so fær me vente lengje. Dei stend opp og snakka eit naragtigt Maal, som ingen vil kjennast ve, paa Talarstolen, og snakka du te dei, naar dei hev stige ne, so gjeng dæ i den gamle Trallen paa Dansk; berre du ender og daa kan treffe te aa faa høyre gamle utdøydde Or som aa «kvessa Tjodskapshugen» og «Stjorni» og «gamle Bjørgvin» og mykje anna rart, som kvar Mann inkje kann kalla anna.hell Affektation. Nei Bymaalmennene maa her ette Dag gaa meir ut paa Gata, vil dei hjelpe oss elde so kan dei gaa heim og leggje seg mæ eingong. At dæ kann koma noke gott fra Nasaret hev me i dæ siste havt Merkje paa. I Andvake hev Kandidat Schjøtt some Tie skrive nokre smaa Stykkje og av dei vil eg serleg peike paa eit, som heite «Til Fjells». Der hev me ein Bykar fra Skien, som hev tekje Fotafeste sitt i sitt Gatemaal, og dæ Stykkje e dæ eit Makelaust gott norskt Maal i. Dæ kan mesta setast jamsies mæ dei beste Stykkja hass Aasen og Vinje. Vil Bergjensarane hjelpe oss her ette Dag, so fær dei vera meir seg sjøl hell no, ifall dei hev noke norskt sjøl aa by daa aa seie. Dei fær lye meir ette Bryggesjauaren. Dæ e den Raa-a eg vil gji dei, ifall dei vil høyre ette noke som kjem her austanifraa.

    Men so vert dæ og ein arman Ting, som no maa skje snart: i dei høgre Skulane i Byane hev dei faatt Lærebøke, som i dei seinare Aar hev vore skrivne paa eit «norskare» Maal hell i gamle Dagane. Men som eg sa fyrstna i dette Stykkje mitt, før Bonden e dæ endaa inkje gjort dæ Slag i denne Leia, og dæ e daa før Bonden Maalsaka i Grunnen hev vokse fram i desse Aara likevel, dæ maa me merkje oss hev vore Tanken, om dæ some Tie liksom Gud bære oss e gaatt i Gløymeboka. Kakjistna e skriven paa slikt eit gamaldags Dansk, at dæ e ei Skam aa vite dæ; og paa sine Kante i Lande bruka dei endaa den gamle Forklaringa: «Sandhed til Gudfrygtighed» som Eirik Pontoppidan sjøl skreiv i fyrre hundertale og slik Stygheit te Maal ska Bonden vera nøydd te aa lære. Paa dette maa dæ snart skje ei Omvøling. Mea Storkarane, som daa mest snakka Dansk, fær Lærebøke, som baae e ein grand norske og e skrivne i Norgje og nokaleis nye, so ska Bondebonna, som snakka reint norskt Maal vera nøydde te aa bruke gamle kavdanske Bøke, so danske, at dæ alder kan gaa før seg aa faa dei danskare. Paa dette maa dæ bøtast, og her trur me, Bondevennene maa ta te Mæle og før dæ e dæ og me sende ut denne litle Boka te aa greie ut om Maalsaka før dokke og te aa arbeie før, at dæ endeleg maa verte Aalvor mæ dæ, at Norsken kjem in i Bondeskulen. De ska kreve, at den fyste litle Leseboka (A-B-C Boka) og Kakjisma ska vera skrivne i Bygdemaale, so at Strilen fær Strilemaale, Vossen Vossemaale, Sunnmøringen Sunnmørsmaale og so viare Framette. Dei flestalle Bøke, som hev vore skrivne paa Norsk te denne Ti, hev vore skrivne i Normalmaale, som liksom skulde vera eit norskt Sammaal før heile Lande. Men eit norskt Sam maal vert inkje skapt paa ein Dag, ska dæ vera so, at Bonden, som inkje mykje e bokvand, ska verte tent mæ dæ, og so kan me skyne, at Storkarane, Prestane, Prostane, Bispane og Regjeringa endaa inkje vil kjennast ve eit Maal, som dei mæ «ein Slags Rett» kan seie e skapt av ein Mann (Ivar Aasen) og berre brukt av oss Maalmenn, som endaa e ein liten Flokk. Eg trur, at me Maal menn endaa fær drive paa og skrive Bøke paa dette Sammaale og flikke paa dæ alt dæ me kan, so dæ endeleg mæ Tia kjem istand eit Maal, som daa eingong kan verte slaatt fast som Landsens Maal. Men dette vert vist inkje i dei fyste Aara. Tia gjeng og Bonden fær Søne og Døtre kvart Aar, som ska ta paa og lesa, og han, som dæ va tetenkt skulde faa eit Lette ve Maalsaka, fær dæ inkje, og kor mykje me Maalmenn skriv Bøke, so hjelpe dæ han lite og dæ hjelpe Bonna lite at den Mugjen, som no kan lesa og helde vil lesa Bokmaal hell Normalmaal, som Motstandarane vaare seie, kan lesa Dansk. Møa vert den same over alt Lande iaar som ifjor og neste Aar som iaar; for om Bonden skjyna Bymannen og te Nø kan lesa i ei dansk Bok, so snakka han alder Dansk sjøl korkje heime elde ute, ifall han e noke te Kar, so dæ hjelpe lite dette, at dei kan lesa i Bok no Bonden. Den same Vanden ligg der endaa den Dag idag i Skulen; for kvart Aar ska Tusenvis av Smaabonn te aa lesa. Dei vert daa inkje fødd mæ Gaave te aa tale og lesa i framande Tungemaal likevel Bondebona meir hell andre Bonn, om Foreldra alder so mykje kan lesa Dansk, naar dei alder snakka dæ i Live. Dæfør vil eg, at den fyste litle Leseboka og Kakjisma ska skrivast i Bygdemaala no so lengje te eit Landsmaal før heile Lande liksom fær skapa seg ta seg sjøl. Bygdemaala leve, dæ kan daa ingen nekte, enten han e Bisp elde Klokkar, og dei vil me, de Bondevenne ska krevje ska verte tekne i Bruk paa Almuskulen Lande runt. No e dæ vel mange Bygdemaal i Lande; men dæ vert inkje so vanskelegt endaa. Fyst so kunde no svert mange Bygde slaa seg ihop og hjelpe seg mæ eit Sammaal, og sia so kunde no ein dygteg Maalmann skrive ei Kakjisme tenkje eg meg paa eit Landsmaal aat heile Lande, som daa naturlegvis maa liggje so nær in te Bygdemaala som dei vert snakka, som mulegt. So kunde Skulelærarane ut yve Lande velja seg ein ut or sin eien Flokk i kvart Prosti for Eksempel te aa skrive Boka om i Bygdemaale deira. ABC-Bøke og Kakjisme ska kvart lite Baan ha. Kvar Bygd treng slike Bøke i Tusenvis, so dæ kan inkje verte so dyrt aa trykkje opp Bøke før kvart Prosterikje te Dømes. Inkje anna me veit, trykkjest no disse Bøke opp i alle Bya og daa kunde kvar trykkje opp før dei Bygdene, som laag omkring dei paa deira Maal. Og fekk me dette te, at Bonna fekk Lov te aa bruke Bygdemaale sitt i Skulen, so va me ovapaa, so hadde me i Grunnen vunne og Maalsaka va snart avgjor. Naar Bondeguten fekk sjaa Maale sitt paa Prent, so vilde han faa Mot te aa bruke dæ paa Prent sjøl mæ og paa Kjyrkjegolve baae før Prest og Bisp, og so vilde Skulemestarane snart vaaga seg te aa snakke norsk baae i Skulen og ute i Live ellest og inkje snakke eit Maal, som korkje e Fugl elde Fisk, korkje Finmaal elde Bondemaal, som dei ofte bruka no før Tia, naar dei ska fara mæ aa snakke «fornemt». Eg tek dæ opp att: De Bondevenne ska ta denne Sak før dokke og sjaa te aa gjera Aalvor ta dette. Ifall eit slikt Krav kjem fraa Bondevensamlaga runt Lande, so vert nok enten Regjering elde Storting nøydd te aa ta seg ta Saka. Eit Or fraa 20.000 Bondevenne i Lande e inkje so lett aa blaase aat, som some no lest tru. Tak Mot te dokke, tenk over Saka, dryft henne, skriv so in te Jaabæk, kva de meine om disse Tankane, so ber nok han dei fram, naar Tia kjem. Men dry inkje og ver inkje rædd Storkarane:

    Tak Verkty i Hand, gott Folk, uten Votte,

    Mæ Handska i Labb tek Katt inkje Rotte

    seie Henrik Vergeland. Dæ gjeng inkje minder Staak i slik ei Sak; for her vil nok Storkarane bera imot, naar dei ser dæ vert Aalvor av, for daa vert dæ eit Storslag, de kjem te aa slaa mot dei. Lika inkje Storkarne dokke no, so kan de vera stø paa, dæ vert minder Brorskap, naar Bonden vert so stor, at han vil ha Rett te aa lesa og be og syngje og skrive paa sitt eie Maal. Men tap inkje Mote, gakk berre paa og Segren ska vera vaar. Jaabæk kom og hjelp! Vinn me dette Slagje, so vinn me i Grunnen dæ støste Slag, som Storkarane hev bua seg mot alt fraa Dagane hass Velhaven, daa dei budde seg te aa kjøyve Norskheita og Henrik Vergeland. Vinn me her, so vert Draumen hass Vergeland førd fram te Sanning, og kva bære kan me faa te Siglestein hell Henrik Vergeland?

    Eg ska no mæ faa Or ta opp dæ eg hev sagt her:

    1. 1 mange Aar hev dei no trottigt arbeitt paa aa faa eit norskt Maal i Bok, som me hev dæ i Live og mange norske Bøke e komne.

    2. Men endaa e inkje den norske Tankegang komen te sin rett. Eit Fotfeste før denne finn Bymaalmannen paa Gata og Bondemaalmannen paa Lande og inkje i Gamalnorsken. Bymaala ne paa Gata e norske og, og dei maa helde inkje vanvyrast.

    3. Og endaa e dæ inkje gjort dæ Slag te aa faa Norsk in i Aalmuskulen, der han mest trengst.

    4. Paa dette maa dæ bøtast, og her maa Bondevennene ut og seie Regjering og Storting og Skulestyre beint ut, at dei Bøkene, som kvart Baan skal lære utenat i Skulen, ska vera skrivne paa Bygdemaal liksom den fyste litle Leseboka.

    Dette te aa tenkje paa norske Bondevenne. Hald berre ihop, saa ska det nokk gaa, ska de sjaa. Vaart norske Bondemaal e liksogott som dæ danske Storkarsmaal, som ska jagast at ende te dei Stelle, dæ eig heime, og me, som snakka Norsk vil og ha Rett te aa bruke dæ i Skulen i Bok og Bla. Og so te Slutt berre dette gott Folk:

    Snakk Maale ditt Bonde og gji inkje Sonen din Lov te aa danske.

    Dette bør staa i Logjene aat kvart Bondelag ut yve heile Lande likso vel som dæ andre de vil ha fram om Sparing og norskt Stell ellest før vaart fattige Fjelland. Me maa helde inkje gløyme dæ andelege, gott Folk. Vert me sterke i dæ, so kjem dæ hitt lettare, om me inkje vaage aa seie som some, at dæ daa kjem ta seg sjøl. Dæ eine maa gjerast og dæ hitt inkje gløymast.

    Note:

    *) Salongmaal e dæ Maal Storkarane snakka naar dei e paa dæ finaste. Salong e ein fin Sal i ei fin Laan mæ fine Stola og Greie og fine Manfolk og Kvinfolk.

     


    Frå Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn av O. J. Fjørtoft fraa Samlagje «Fram» i Kristiania. Kristiania: Trykt i Ringvold Boktrykkeri 1871. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad


      Olaus Fjørtoft

      Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft er ein av dei mest interessante og originale personane i nynorsk kulturhistorie. Han var matematikar, skribent og politisk agitator, og var ytterleggåande både i kristentru, sosialisme og målsak. Berre 14 år gamal gav han ut ei lærebok i praktisk rekning.

      Olaus Fjørtoft
      Olaus Fjørtoft
      Fjørtoft vart fødd 19. januar 1847 på Haram i Sunnmøre og døydde 21. mai 1878 i Kristiania. Sjølv om han berre vart 31 år, sette han djupe spor etter seg i samtida si, først og fremst som politisk debattant, men også som eit av dei største matematiske talenta Noreg har hatt.
       
      Fjørtoft starta dei to blada Tiraljøren og Fram, der han tok til orde for ein radikal politikk, tydeleg inspirert av dei nye sosialistiske straumdraga i Europa. Kombinasjonen av ein karismatisk veremåte og strengt logiske argument særmerkte Fjørtoft. For han var ein radikal sosialisme, ein dogmefri kristendom og eit dialektbasert norsk skriftmål alt saman delar av det same humanistiske frigjeringsprosjektet. Denne sterke blandinga av politikk og religion gjorde at Fjørtoft vart marginalisert i dei fleste miljø.
       
      Sindre Hovdenakk
       
      Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.