Lars Eskeland

    Lars Øysteinsson Eskeland, folkehøgskulestyrar og diktar, ein av dei fremste folkehøgskulemennene i si tid. Han arbeidde svært aktivt for målsaka og likeins for bondereisinga.

    Lars Eskeland
    Lars Eskeland
    Lars Eskeland var fødd på Stord 6. mars 1867 og døydde i Bergen 30. september 1942. Han er gravlagd på Voss. Eskeland tok eksamen ved Stord lærarskule i 1886, med beste karakterar. Han hadde fleire lærarpostar før han vinteren 1889–90 gjekk på Askov Højskole i Danmark, den gongen den mest kjende folkehøgskulen i Norden. Året etter følgde han førelesingar ved universitetet i Kristiania og las språk privat. Frå 1892 til 1895 var Eskeland tilsett som lærar ved lærarskulen på Elverum.
     
    Etter oppmoding frå «De unges forbund» på Voss grunnla han Voss Folkehøgskule i 1895, saman med Olaus Alvestad. Dei sleit tungt økonomisk dei første åra, men det gjekk betre etter kvart. Frå 1898 var Eskeland styrar åleine. Han kjøpte garden Seim, som før hadde vore embetsmannsgard, og bygde opp skulen der. Saman med gode medarbeidarar arbeidde han skulen fram til å verte ein av dei førande folkehøgskulane, med elevar frå heile landet og dei nærmaste grannelanda. På det meste hadde skulen over 180 elevar.
     
    Aslak T. Helleve
     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne.   Les heile artikkelen på Allkunne.no