Marit Eikemo: Festspeldiktar 2018
Marit EikemoFoto: Agnete Brun

Marit Eikemo: Festspeldiktar 2018

Marit Eikemo, forfattar og kulturarbeidar som i bøkene sine har utforska samtida og den nære fortida både på eit individuelt og eit sosialt plan. Marit Eikemo er festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2018.

Eikemo er fødd i Odda 6. april 1971 og er utdanna cand.mag. Ho har vore journalist i Bergens Tidende, redaktør for Syn og Segn saman med Hilde Sandvik (2002–2006), informasjonssjef for Festspillene i Bergen (2006–2009), kunstnarisk leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda (2009–2014) og redaktør i forlaget Vigmostad og Bjørke (2014–2016). Frå 2016 er ho dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen.

Eikemo har gitt ut reportasjeboka Her, no. Møte med unge menneske, saman med fotografane Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth (1999), romanane Mellom oss sagt (2006), Arbeid pågår (2009), Samtale ventar (2011) og Alt inkludert (2015), og essaysamlinga Samtidsruinar (2008).

I romanane sine utforskar Eikemo menneskelege relasjonar og daglegdagse situasjonar gjennom personar som anten har falle utanfor eller ikkje finn tilhøyrsle i tradisjonelle fellesskap. Rammene kan vere eit studentmiljø som er i ferd med å bli borte, ein norsk koloni i Syden, eit lokalsamfunn eller barnefamiliar som møtest ved leikeplassen. Perspektivet til outsideren vert eit grep for å kaste eit framandgjerande blikk på det vande.

I Samtidsruinar tek Eikemo lesaren med til moderne bygg og anlegg som står til forfalls, og nyttar dette til å reflektere vidare over eit moderne Noreg i endring. Samtidsruinar vart i 2008 kåra til Årets nynorskbok av Dag og Tid. Eikemo fekk Nynorsk litteraturpris 2011 for Samtale ventar. I 2017 fekk ho Amalie Skram-prisen for forfattarskapen sin. Eikemo er festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2018.

Frå Kåre Johan Mjør: "Marit Eikemo", Allkunne.no, sist oppdatert 18.9.2017  [lesedato 18.9.2017]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.