Marit Eikemo
Marit EikemoFoto: Agnete Brun

Marit Eikemo

Marit Eikemo, forfattar og kulturarbeidar som i bøkene sine har utforska samtida og den nære fortida både på eit individuelt og eit sosialt plan.

Eikemo er fødd i Odda 6. april 1971. Ho har vore journalist i Bergens Tidende, redaktør for Syn og Segn saman med Hilde Sandvik (2002–2006) og informasjonssjef for Festspillene i Bergen (2006–2009). Frå 2009 er ho leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda.

Eikemo har gitt ut reportasjeboka Her, no. Møte med unge menneske saman med fotografane Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth (1999), romanane Mellom oss sagt (2006), Arbeid pågår (2009) og Samtale ventar (2011), og essaysamlinga Samtidsruinar (2008). Mellom oss sagt er ei utforsking av det sterke kravet i samtida om å realisere seg sjølv og dei utilsikta konsekvensane dette kan ha. I Samtidsruinar tek Eikemo lesaren med til moderne bygg og anlegg som står til forfalls, og nyttar dette til å reflektere vidare over eit moderne Noreg i endring.

Arbeid pågår handlar om ein norsk Ibsen-forskar som tek ein pause frå akademia til fordel for Costa Blanca i Spania, der han søkjer arbeidsro. Han vert likevel dregen inn i det norske miljøet her, som han både er tiltrekt av og kjenner seg framand overfor. Som i Mellom oss sagt er den konfliktfylte lengten etter å høyre til ein fellesskap eit sentralt tema også her.

Samtidsruinar vart i 2008 kåra til Årets nynorskbok av Dag og Tid. Eikemo fekk Nynorsk litteraturpris 2011 for Samtale ventar.

Kåre Johan Mjør

 

Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no