Olav Duun

    Olav Duun, lærar og forfattar, ein av dei fremste norske forfattarane. Han var ein eminent språkkunstnar og djuptloddande psykolog, og sjeleskildringa er samanvoven med fundamentale etiske problemstillingar.

    Olav Duun
    Olav Duun
    Olav Julius (døypt Ole) Duun var fødd på øya Jøa i Fosnes kommune 21. november 1876 og døydde i Tønsberg 13. september 1939. Av åtte sysken døydde tre unge, og det var alvor og streng religiøsitet heime. Begge foreldra kom med i frikyrkja, som Duun kjende seg heimlaus i. Han var med i det frilynde ungdomslaget på Jøa og publiserte dei første tekstane sine i ungdomslagsbladet Forsøget. Han arbeidde på garden og var med på fiske til han var 25 år. I 1901 tok han til som elev ved Levanger lærarskule, og han tok den høgare lærarprøva i 1904. Skuleåret 1904–05 var han lærar ved Sakshaug skule på Inderøya, og dei neste tre åra var han lærar i Singsås i Gauldalen. Frå 1908 var han lærar ved Ramberg skule i Botne, i dag Holmestrand. Her budde han resten av livet.
     
    Ved lærarskulen hadde han forfattaren Vetle Vislie som norsklærar og tok til å skrive landsmål, som vart forfattarspråket hans frå debuten i 1907 med novellesamlinga Løglege skruvar og anna folk («soger» er hans eiga tidlege nemning på stuttare stykke på prosa). Han gav i alt ut 35 romanar, fire novellesamlingar og to barnebøker. Hovudverket hans er Juvikfolke, ein serie på seks band (1918–23). Andre viktige bøker er Medmenneske (1929) og Menneske og maktene (1938).
     
    Duun hadde diktarløn frå 1923. I 1937 fekk han den tyske Henrik Steffens-prisen. Huset han budde i, er i dag Duun-museum.
     
    Otto Hageberg

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne.  Les heile artikkelen på Allkunne.no
     
    Tekstar av Olav Duun

    "Månedens gjenstand" på Nasjonalbiblioteket, mars 2007: Løglege skruvar og anna folk (1907)