Elias Blix

Elias Blix var professor og politikar, men framfor alt kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Gjennom salmane og omsetjinga av Det nye testamentet står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.

Elias Blix
Elias Blix
 
Blix var fødd på Sandhornøy i Gildeskål 24. februar 1836 og døydde i Kristiania 17. januar 1902. Han gjekk lærarseminaret i Tromsø i 1853–1855. Etter nokre år som lærar i Tromsø reiste han i 1859 til Kristiania, der han blei buande.
           
Blix tok examen artium i 1860, examen philosophicum i 1861 og teologisk embetseksamen i 1866. Vidaregåande studium av hebraisk og andre semittiske språk skaffa han ein doktorgrad i 1876 og eit professorat i 1879. Med unnatak av åra 1884–1888, då Blix var statsråd i Johan Sverdrups regjering, underviste han i hebraisk og bibelfag ved universitetet.
 
Blix var hovudmannen bak den første nynorske omsetjinga av Det nye testamentet. Salmesamlinga Nokre Salmar blei i 1892 godkjend til bruk i gudstenesta.
 
Anders Aschim
 
Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.
 
 
Elias Blix
Bøker og artiklar om Elias Blix
Anders Aschim: Elias Blix. Artikkel i Allkunne.no
Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix. 2008. Samlaget og BIBSYS 
Stefan Frich: Blixsalmane og dei norske kyrkjene. 1917
 
 
Elias Blix
Temautstilling om Elias Blix laga av Nynorsk kultursentrum
 
"Mannen som kristna landsmålet"
 
 
Elias Blix
Elias Blix på Internett
BlixBlog  -Anders Aschim sin omfattande vevlogg om Elias Blix som ein del av arbeidet med Blix-biografien Ein betre vår ein gong(2008).
Eliasblix.no – Nettside i samband med markeringa av at det i 2011 er 175 år sidan Elias Blix vart fødd.
 
 
Elias Blix
Tekstar av Elias Blix
 
Julesongar av Elias Blix finn du i avdelinga Julesongar
 
 
Elias Blix
 

    Gud Fader

    (Salme, 1900)


    Himmelske Fader,
    Herleg utan Like!
    Til alle Stader
    Naar ditt store Rike.
    Stjernor du styrer
    Og alt Liv, som yrer,
    Alt ned til Mauren i Mold.


    Ramnungar ropar
    Og du giv deim Mette.
    Hungrande Hopar
    Til ditt Bord vert sette:
    Alt giv du Føda,
    Signar Landsens Grøda,
    Sender oss Solskin og Regn.

    Mannsbarnet vilde
    Du i Naade verna,
    Miskunn og Milde
    Ter du oss so gjerna:
    Fører som Fader
    Fram i lange Rader
    Borni, du vann ved din Son.

    Sonen du sende
    Som vaar Frelsar trugen.
    Alle, som vende
    Heilt til honom Hugen,
    Deim han og frelsar
    Og som Brøder helsar,
    Leider deim fram til ditt Fang.
     
    Fader, du sæle,
    Høgt i Himmelstova!
    Med Barnemæle
    Me ditt Namn vil lova.
    Takk, at du vilde
    Med ein Faders Milde
    Taka oss til dine Born.

     

    Gud Fader

     

     

     

     

     

     

     

     

     



    Frå Elias Blix: Salmar og Songar. Oslo, Huseby, 1900. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad