Oskar Stein Bjørlykke
    Oskar Stein BjørlykkeFoto: Herborg Pedersen

    Oskar Stein Bjørlykke

    Oskar Stein Dalen Bjørlykke, teolog, lærar og prisløna forfattar av ei lang rekkje bøker for barn og vaksne. Han skriv naivistisk om sanseopplevingar til barn, som ofte er hovudpersonar i bøkene.

    Oskar Stein Bjørlykke er fødd 4. desember 1939 i Fitjar på Stord, der han voks opp, og han er busett i Oslo. Bjørlykke er utdanna teolog frå Menighetsfakultetet og har mellom anna undervist i kristendom i mange år. Han var litterær rådgivar i arbeidet med omsetjinga av Bibelen 2009–2011.

    Bjørlykke debuterte i 1966 med diktsamlinga Deg høyrer dagen til og har ein stor og mangfaldig produksjon av meir enn 40 bøker i mange sjangrar: romanar, noveller, dikt, forteljingar, barnebøker, bønnebøker, andaktssamlingar og musikkspel. Den omfattande forfattarskapen hans har ikkje fått stor merksemd i media, men Bjørlykke har nådd ut til mange lesarar. Fleire av bøkene har utgangspunkt i hans eigen oppvekst. Han blir gjerne gruppert i den sentrale kjernen av Sunnhordlandsdiktarar, og sentrale tema i diktinga hans er tidlause spørsmål og forholdet til Gud og historia. Språket hans er lyrisk, enkelt og varsamt.

    Bjørlykke var leiar av organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere 1979–81.
    Han fekk Samlagsprisen i 1995, Kulturdepartementets spesialpris for barne- og ungdomslitteratur i 1999 for Hendene i veret (1998), Kritikarprisen for forteljinga Kom til dammen! i 2003 og Falturiltu-prisen i 2007.

    Bjørlykke har skrive mange diktsamlingar for barn. Den modernistiske skrivemåten i barnelyrikken som han representerer, slo for alvor gjennom i 1980-åra. Den første var Hallo mamma! (1980), så kom Det dirrar slik (1989) og Uteinne, uteinne (1995). Alle tre er samlingar med kortdikt som har kvardagslege situasjonar som utgangspunkt. Biletdikta i Hallo mamma! er sansedikt der ein kjenner att konkrete opplevingar.

    Lyrikk og prosa for vaksne

    Bjørlykke debuterte i 1966 med diktsamlinga Deg høyrer dagen til, og seinare kom ei rekkje diktsamlingar, mellom anna Breviarium (1979) og Bakken (2006). I Brevarium er dikta forma som monologar skildra med varme og intimitet. Dikta hans er ofte utforma som visdomsord eller aforismar, dei er kvardagslege og enkle, med humor og ironi. Jan Ove Ulstein og Jan Inge Sørbø var redaktørar for Diktet lyser i kvelden (2009), dikt i utval, som blei gitt ut i samband med 70-årsdagen til Bjørlykke.

    Bjørlykke er oppteken av ulike konfliktar menneska har med seg sjølve, av tru og tvil, mann og kvinne, tradisjon og modernitet. Han skriv enkelt, med ei audmjuk tilnærming til menneska og miljøa han skildrar. Forfattaren er kritisk til utviklinga i samfunnet, og han skildrar bygdesamfunnet på ein positiv måte, likevel utan at målet er å finne tilbake til det gamle livet der.

    Bjørlykke har gitt ut fleire religiøse tekstar for barn og vaksne. Ord i bønn (1973), Fadervår (1992) og Perlekransen (2006) er bønebøker. Han var redaktør for Denne vanlege epistelen. 13 brev om tru (1981). Han har òg omsett bibelhistorier for barn.

    Frå Vibeke Lauritsen: "Oskar Stein Bjørlykke", Allkunne.no sist oppdatert 20.03.2012 [lesedato 21.12.2017] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no