Ei freisting

    (Lesestykke, 1889)

    Av Brita Bjørgum

     

    Ei gjenta fraa Voss fortel

     

    Det var ein sundag. Eg var fullt helgarklædd og kom gangande burt etter gata paa Vossevangen og vilde aat kyrkja. Daa eg kom midt fram fyr fatighusdøri, kom det ut ei gomol, krylad gjenta og skulde same vegen; ho hadde gamledags, men elles skaplege klæde, ho var halt og gjekk seint. Ho hadde ingen til aa fylgja, difyr gav ho seg i lag med meg; me pratad og fylgdest burt etter gata.

     

    Burt paa kyrkjegarden stod det mange folk; dei ventad paa, at kyrkjedøri skulde verta upplati. Daa me kom burt imot deim, flaug den tanken fyr meg: Nei, er det inkje skam, at du, som er so ung og frisk, skal fylgja ei slik gomol menneskja? Kva vil folk segja, trur du, naar dei ser det? Eg tykte, dei smaalog. Eg tok alt til aa skunda meg og vilde ganga ifraa henne. Men daa kom det snøgt ein annan tanke: Jesus - gjorde han slikt? Aa nei. Han hev brytt seg so mykje um denne gamle, helselause gjenta, at han vilde døy fyr aa gjera henne lukkeleg! Og du tykkjer, det er skam fyr deg aa fylgja henne eit lite, lite stykkje - paa vegen til Guds hus - og vera skapleg mot henne! Eg kjende, kor eg raudnad av mi eigi skam.

     

    Men daa fekk eg mot.

     

    Eg sagtad paa gonga att straks og fylgde den gamle gjenom gutaflokken og gjenteflokken og alle flokkarne, like til kyrkjedøri, og derfraa inn i kyrkja.

     

    Sidan hev eg inkje skjemst av aa fylgja ei gomol laglaus menneskja.

     

     


    Frå Lesebok fyr born. Av Andreas Austlid. Bergen 1889. Utgjevi av Mons Litleré ©. Prentad hjaa J. W. Eide. Side 242-243. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad