Brit Bildøen

Brit Bildøen, forfattar av barnebøker, romanar og lyrikk, og har i tillegg arbeidd med gjendiktingar.

Brit Bildøen
Brit Bildøen

Brit Bildøen er fødd 28. januar 1962 i Ålesund, er oppvaksen på Aukra i Møre og Romsdal og er busett i Oslo. Ho er utdanna bibliotekar (1981–84) og arbeidde ved Kvinnherad folkebibliotek fram til 1989. Ho har studert sosiologi og har vore student ved Skrivekunstakademiet i Bergen (1991). No er ho forfattar på heiltid. Ho har òg vore kritikar og omsetjar, konsulent i Det Norske Samlaget sidan 1999 og har vore med på å skipe tidsskriftet Utflukt.

Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn. Gjennombrotet kom med romanen Tvillingfeber (1998). Romanen Alt som er (2004) blei hovudbok i Bokklubben Nye Bøker, og det var uvanleg for ein kvinneleg forfattar som skreiv på nynorsk. I essaysamlinga Litterær salong (2009) er ho oppteken av kvinnene si stilling i litteraturen.

Bildøen er ein god forteljar. Ho er stilsikker og bruker språket medvite, ho eksperimenterer med språket og er tydeleg i metaforbruken. Ho har ei ironisk og feministisk vinkling på emna ho tek opp, som oftast gjeld samliv og kjønnsroller.

Bildøen fekk Nynorsk litteraturpris i 1998 for Tvillingfeber, Osloprisen i 1998 og Sunnmørsprisen i 2004. I 2001 var ho festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta. Bildøen fekk Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet for romanen Landfastlykke (2001).

Vibeke Lauritsen
 
Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no 
 
Brit Bildøen var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2001.