Rune Belsvik

Rune Johan Belsvik, framståande, prislønt og nyorienterande forfattar av ei rekkje barne- og ungdomsbøker, romanar, noveller, dikt, forteljingar og skodespel i meir enn 30 år. Han har skrive bøkene om Dustefjerten og Verdas mest forelska par.

Rune Belsvik
Rune Belsvik

Rune Belsvik er fødd 14. april 1956 i Haugesund, oppvaksen på Stord og busett i Kristiansand. Han er utdanna hjelpepleiar på Dikemark i Asker på slutten av 1970-talet, har arbeidd på Valen sjukehus i Kvinnherad (1981–83) og blei forfattar på heiltid frå 1983.

Belsvik debuterte i 1979 med ungdomsromanen "Ingen drittunge" lenger som han fekk Nynorsk barnelitteraturpris for. Foreldre protesterte då boka gjekk som opplesingsserie i «Tid for bok» i NRK. Han skriv om gutars seksualitet i fire ungdomsbøker om Arne Bu (1988–2000), og han har skrive seks bøker om Dustefjerten (1991–2003). Desse har dyre- og fantasivesen i hovudrolla.

Forteljingane frå Bløygen om Verdas mest forelska par (2001) og Tøddel Blisterpytt (2005) er humoristiske, men og melankolske. Tjuven (2008), der Belsvik skriv om små barns seksualitet, vakte merksemd. Belsvik utforskar forelsking og kjærleik gjennom heile forfattarskapen sin og står for ei nyorientering i norsk barnelitteratur. Forteljingar om Jolver kom i 2009.

Belsvik var festspeldiktar for Dei Nynorske Festspela i 2000 og har motteke ei lang rekkje litterære prisar, mellom andre Brageprisen og Nynorsk litteraturpris i 2000 for Ein naken gut. Fleire av bøkene hans er omsette til andre språk.

Kjelde: allkunne.no