Anton Christian Bang

(1840-1913). Fødd i Nesna. Kyrkjehistorikar, biskop og politikar. Cand.theol. 1867, dr.theol. 1876.

Anton Christian Bang
Anton Christian Bang

Anton Christian Bang, kyrkjehistorikar, biskop og politikar. Han var den første som omsette juleevangeliet til landsmål.

Bang var fødd i Dønna i Nordland 18. september 1840 og døydde i Kristiania 29. desember 1913. Han tok lærareksamen ved Tromsø Seminarium i 1860, tok artium som privatist i 1862 og vart cand.theol. ved universitetet i Kristiania i 1867. I 1876 tok han den første teologiske doktorgraden ved universitetet. Avhandlinga hadde tittelen Om Kristi Opstandelses historiske Virkelighed.

Bang var prest i Gran på Hadeland, Tromsø og Kristiania og vart i 1885 utnemnd til ekstraordinær professor i kyrkjehistorie. 1893–95 var han kyrkjeminister i Emil Stangs andre regjering, og 1896–1912 var han biskop i Kristiania stift. Han var konservativ både som politikar og teolog.

Han var ein produktiv forskar. I 1874 gav han ut Hans Nielsen Hauge og hans Samtid, eit kontroversielt verk på over 500 sider. I 1979 kom Kirken og Romerstaten indtil Constantin den Store, og seinare følgde ei rad arbeid om norsk kyrkjehistorie. I 1912 kom det store verket Den norske Kirkes Historie. Med Portrætter, Faksimiler og Billeder. 1901–02 gav han ut Norske Hexeformularer og magiske Opskrifter.

Bang var den første som omsette juleevangeliet til ein variant av landsmål. «Gudspjallet aa fyrste Joladagen» vart prenta i Den norske Folkeskole i 1868 og vart seinare prenta på nytt i Den 17de Mai i 1897. Som biskop stødde han arbeidet for å gjere nynorsk til kyrkjespråk. Han hadde kontakt med målmennene i samtida. Då A.O. Vinje låg sjuk på Rikshospitalet, besøkte Bang Vinje og inviterte han til Gran på Hadeland, der Vinje døydde 30. juli 1870.

Bang utarbeidde i 1891 ei ny utgåve av Luthers katekisme, som avløyste Pontoppidans forklaring, og gav i 1909 ut livsminna Erindringer.

Jon Grepstad 

 

Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no