Tove Bakke

Tove Bakke, omsetjar og gjendiktar av om lag 60 bøker og skodespel. Ho har omsett bøkene til Anna Gavalda til nynorsk.

Tove Bakke
Tove Bakke

Tove Bakke er fødd 19. desember 1954, voks opp i Sande i Sunnfjord og er busett i Oslo. Ho er utdanna cand.mag. med faga fransk, spansk og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Bakke arbeidde i mange år som litteraturkritikar, redigerte Kritikkjournalen (1984–87) og arbeider i Norsk kulturråd (frå 1989). 

Den første omsetjinga hennar var Døden i Vesten (1977) av den franske historikaren Philippe Ariès. Bakke er særs språkmektig og produktiv, språkleg presis og med litterær innsikt. Ho har omsett og gjendikta 60 bøker, 30 av dei barne- og ungdomsbøker, frå sju språk: spansk, katalansk, fransk, portugisisk, dansk, svensk og engelsk. Ho har omsett mellom anna Albert Camus, Astrid Lindgren, Pablo Escobar, Daniel Pennacs, Gabriela Mistral og Federico García Lorca. 

Bakke fekk Bastianprisen i 2003 for omsetjinga av romanen Hund! Hund! av Daniel Pennacs. Ho fekk Samlagsprisen i 2008 for omsetjinga av diktsamlinga Alle skulle bli dronning (2007) av den chilenske Nobelprisvinnaren Gabriela Mistral, og for arbeidet med å spreie verdslitteratur til norske lesarar. Ho fekk Kulturdepartementet sin omsetjarpris for 2010 for omsetjinga av Auroradagbøkene.

Tove Bakke set om verk av høg litterær kvalitet og eit mangfaldig utval av verdslitteratur. Ho har til no omsett om lag 60 faktabøker, romanar, skodespel, diktsamlingar, sakprosabøker og skjønnlitterære bøker for barn og ungdom. Dei fleste bøkene har ho omsett til nynorsk.

Tove Bakke var festspeldiktar på Dei nynorske festspela i 2009.

Frå Vibeke Lauritsen: "Tove Bakke", Allkunne.no sist oppdatert 26.03.2014 [lesedato 21.12.2017] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.