Minne-stev

(Dikt, 1903)

Av Andreas Austlid

    Soleis syng me til leide smaagutar:

Veks upp smaagutar late og lange,
vetter og sumar stend dei i krok.
Sko'rne og sokkarne skeive og vrange,
tungt kjem dei stampand' med hengslute brok.
Mysa og vatn i deira koppar,
so det renn ut-yver alle døra-stokkar.
    Hei falera, aa hei falera!

    Soleis syng me til snilde smaagutar:

Veks upp smaagutar sterke og snilde,
knapt um eg kjenner deim att fraa i fjor.
Rake i ryggen, staute og gilde,
raskt kjem dei gangand' med att-snørde sko'r.
Rjome og smør i deira koppar,
so det flyt ut-yver alle bjørketoppar.
    Trall-la-la-la, aa tra-la-la-la!

    Soleis syng me til snilde smaagjentor:

Veks upp smaagjentor vakre og væne,
vetter og sumar hjelper dei mor.
Klædi paa kroppen reine og pæne,
lett kjem dei trippand' med sylv-spente sko'r.
Mjølk og honning i deira koppar,
so det flø'r ut-yver alle busketoppar.
    Trall-la-la-la, aa tra-la-la-la!


Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Andre bandet. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1903. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad