Fyreord (til ABC-bok)

    1924

    Av Andreas Austlid

    Denne vesle boki hev si eigi soge – ho var den fyrste abc-bok på norsk maal i Noreg, og ho kann halda femtiårs-høgtid um fem år.
    I 1877 kravde Vestmannalaget i Bergen einorskabc-bok åt landsens eigne born, og sette upp ein liten premi for ei slik bok.
    Då hadde eg havt friskule i Lom i fleire år, og kjende godt kordenskoen klemde. Desse friske fjellborni frå øvst i Gudbrandsdalen visste ikkje at "vand" var vatn, eller at "en tro" var ei tru – endå mindre at "grød" skulde vera graut; dei visste ikkje ein gong at "en ko" var ei ku! So lite hadde det danske bokmålet bite på deim.
    For her levde den gamle bondekulturen ubroten. Kom ein av deira eigne med knot, vart han og lædd ned so det var ein ynk. Embetsmannen og målet hans var frå ei heilt onnor verd, som kanskje nok hadde sin vyrdnad, men ikkje kom bonden det minste ved.
    Borni mine lærde å lesa av ei tavle, "Ein sogebundel" og eit par eventyrbøker. Sume såg ikkje abc-bok. Å, eg syntest egsågkorleis ei slik bok laut vera! Eg sette meg til å skriva straks.
    Det kom inn 5 bøker åt Vestmannalaget; ingen mindre enn Ivar Åsen hadde sendt prøve.
    Denne mi vart so teki. Ho vart prenta hjå Eide i Bergen.
    So gjekk 16–18 år, og det kom eit par upplag.
    Då gjorde "Det norske samlaget" i Oslo eit nytt framtak: fekk Stortinget til å lova ut pengar åt ei norsk abc-bok. No vart premien større. Og no kom det inn 11 handskrifter.
    Denne vart teki på nytt. Ho var umarbeidd og mykje større; og no fekk ho teikningar frå Bergslien.
    Serleg i dei siste 25 år hev denne vesle bokibrøytt vegenfor mange småfolk i Noreg. Frå hundradtal heimar kom same meldingi: at dei lite og inkje bry hev havt med borni og lesingi no sidan; "og då fær det vera det same kva mål ho er skrivi på", hev sume lagt attåt.
    No kjem ho att, i ny bunad, med fargelagde bilete og lette barneteikningar åt kvar bokstav, og dertil det nyaste på denne umkverven: med små, einfelde klippe-øvingar, som borni vil ha moro av ågjera etter, naar dei kjem heim frå skulen. Den nyaste godkjende rettskrivingi er brukt i heile boki.
    Det eg ynskte for 45 år sidan slo godt til. Lat meg so ynskja det upp att: Gud signe boki og borni, so ho kann fylgja deim ein varm og rein ange frå skog og dal og fjell, frå all hans friske natur!
    So skal dei nok få hug på å lesa – sjølvbedne.

    Garden Austlid i Gausdal, oktober 1923.


    Frå Andreas Austlid: ABC-bok. Ny om umvølt utgåve. Bergen: A/S Lunde & Co.s Forlag 1924. (Niande upplag – Nittiande tusen) Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad

     

     

     

      Til barnevener

      (Etterord, 1889)

      Av Andreas Austlid

       

      Dette er fyrste bandet av ei lesebok fyr born, som eg vil halda fram med og faa ferdig i tvo band til.

      Planen for heile boki er slik:

      Fyrste bandet, Barneheimen, tek upp og set i høgsætet den næmaste ringen kring barnet, det heimslege, som born so aa segja fødest inn i, og som dei skynar og elskar utan vidare. Som eit kjent, kjært andlit skulde dette fyrste bandet slaa deim i møte, føra heimen inn i skulestova og læra deim aa lesa naturlegt. (Same tanken som i mi ABC-bok; men det, som der er i spiring, kjem her til full bløming). Fyrste bandet skal stig fyr stig vera troppi upp til andre bandet.

      Andre bandet vil faa ei større synsvidd. Der vil eg rulla upp bilæte av norskt folkeliv med sine sermerkte drag i dei ymse landsdelar, soleids, at landsdelen gjerne kann vera yverskrift. Her skal barneringen vida seg ut og i forteljingar - gullkorn av sjølve livet - umspenna folket og landet, so borni kann skyna og elska vidare enn sin eigen vesle heim og sjaa, at Noreg er den store, fagre harpa med dei mange, mange strengjer, og kvar dal og fjord med sitt liv og stell ein streng, som gjev ljod. Detta skulde so verta troppi upp til tridje bandet.

      I tridje bandet vil eg (etter Snorre og dei kjeldor, eg veit) føra fram bilæte av vaar soga, forteljingar, som i barnsleg bunad syner fram mann etter mann av deim, som bar det beste i tidi fraa gamle dagar og upp til no. Med det vert boki ferdig.

      Ho skal, med fot i heimen, hjelpa borni (so mykje, som ei bok kann det) til aa elska folk og land - og utvikla og styrkja den historiske sansen. Paa desse tvo flekkjer skal ho stempla so djupt, ho kann. Og paa den tridje flekken: ho skal hjelpa smaaborni til aa kjenna, at ein livande, kjærleg og veldug Gud stirer ned i vaart liv og held vakt med, korleides me liver.

      Andre bandet, som eg no skal i ferd med, kjem til aa krevja mest baade av tid og arbeid. Her er utkomet mange samlingar fraa ymse bygder, og er til sitt bruk. Men eg kann mest ingen [t]ing bruka, daa det anten svingar millom raa naturkraft og yvertru, elder er noko smaaplukk, som vantar sermerkje og aalvor; naar ein daa tek burt slagsmaali og skarvestykki og so det underjordiske, vert det mest ingen ting att, som det er noko adlande i. Nei, det eg skal bruka, maa samlast av ny rot. Og det vantar inkje paa, at det finst. Her renn ein straum av folkeliv av eit eiget slags gjenom kvar dal fraa slegt til slegt, det, som held den einskilde mannen og den einskilde slegti og, gjenom slegterna, folket uppe. Aa syna fram den gullaadri (gjenom forteljingar) skal vera maalet, um eg kann naa det. Lett er det inkje. Det djupaste er alltid tungt aa faa upp, dette her sit um hjarterøterne paa folk. Ein sogestubb um den og den, som var so og so sterk elder sløg og gjorde det og det karstykkje elder skarvestykkje, er lett aa faa - og so læt dei samlaren renna med limpinnen. Men det, som hende deim sjølve elder foreldri elder besteforeldri, og slo soleids ned i deira liv, at det sette merkje paa deim fyr all deira dag, støypte deim i hug og tanke og gjorde deim til det, dei vart - det, som er heilagdomen i deira liv, som greip deim slik, at det grip paa ny, kvar gong det vert fortalt, det

      teg[j]er dei med til dagleg dags.

       

      Her skriv eg fyr aa beda um hjelp. Veit du noko, som du trur elder tenkjer kunde høva til andre bandet av mi lesebok, so bed deg deg um dette: skriv det upp naturlegt, som det hev hendt, elder som det vert fortalt, etter daglegtalen, og send meg det. Det nyttar inkje her aa setja upp forskrifter um, kva du kann senda - send i meste laget. I »Ymse stykkje « i denne boki hev eg ein og annan stubben, som slær pa dei strengjer, eg vil ha fram. Sja paa deim. Men lat inkje det binda deg; livet hev mange sidor. 

      Alle, som tek tak og hjelper meg, gjerer ei god gjerning. Og veit du nokon, som kann gjeva meg noko munntlegt, so skriv aat meg um det; og eg vil koma, um det inkje er altfor langt.

      Ullensvang, Hardanger, 17de mai 1889.

      Andreas Austlid.

       

      Frå Lesebok fyr born av Andreas Austlid. Bergen 1889. Utgjevi av Mons Litleré. Prentad hjaa J. W. Eide. [Side 247-248]. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad

        Rolv Trælviki

        (Forteljing, 1924)

        Av Andreas Austlid

        Hev du høyrt gjete honom? På skeisom var han lauken. Han gjekk forare med ei halv-tunne korn på ryggen, han, enn dei hine skeise-lauparane gjekk lause. Han kapp-gjekk ofte, og då hadde han moro av å sleppa deim fram-um seg; men når dei kom åt målet, var han Rolv fyre.
        Han åtte heime ved Vågåvatnet. Ein kveld fekk han sjå ein ulv ned-på isen; det var blank måne. Då spente han på seg skeisone, greip ein staur og sette utpå. Han gjorde tvo-tri sett og skaut seg beint på ulven –og til å daska på han! Men ulven tok stauren i kjeften og heldt fast, flutte seg upp og upp med tennene og hogg etter fingrane hans Rolv. Han Rolv laut sleppa, men svinga um og tok att-i hin enden. Men so gjer ulven som fyrr, og kjem etter med tennene og høgg etter fingane hans på nytt lag. Då skyt han Rolv seg beint over ulven og tek hin enden. No vil ingen gjeva seg.
        Best det var, hoppa han Rolv ende upp og spente ulven so han trilla og tok spranget. Men han Rolv hadde stauren, og braut han i tvo stubbar over kneet og sette etter. Ulven snudde seg og gliste og tok staurstubben med tennene. Men når ulven hadde ein stubb i kjeften, so smurde han Rolv til med den andre; og no var det rapp på rapp, rapp på rapp ––
        Då han fór heim-att over isen, hekk ulven etter føtene bak på ryggen hans.
         

        Frå Andreas Austlid: ABC-bok. Ny om umvølt utgåve. Bergen: A/S Lunde & Co.s Forlag 1924. (Niande upplag –Nittiande tusen) Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad

         

          Skotteslaget 1612

          (Soge, 1885)

          Av Andreas Austlid

          (1879)

          Kringum ("Kringen") ligg halv-onnor mil ifraa Raamundgard; her skyt det seg fram ein bratt, diger krugg; det er den eine fjellsida, som sig uti dalen og velter seg kav aat elvi. No ruver det ikkje so sværande; for det gjekk ei jordskride i I789, som sopad med seg skogen og gjorde det flatare; og no gjeng nyvegen nedunder etter elvi. Men i dei tidom hekk vegen uppi bergom og svingad seg umkring kruggen. Elvi heiter Logen, og her er ho stor og strid; for strakst nordpaa renn Otta attaat; ho kjem reisande fraa Vaage og Lom.

          Daa bønderne kom aat denne kleivi, stadnad dei; det var tidleg dags Men dei fann folk fyre seg. Og hit kjem no folk ifraa alle kantar. Det skulde vera bønder utor 6 prestegjeld i dalen: fraa Ringbu, Fron, Lesja, Dovre, Vaage, og nokre fraa Lom. Daa alt kom ihop, var det millom fire og fem hundrad av dølom.

          Dei hadde ikkje stort anna enn økser aa slaast med; mest alle vaapen, som var noko tess, var ute i krig. Og attpaa alt: dei visste ikkje tal paa fiendom, dei skulde slaast imot. Ordet hadde gjenget fyre Skottom og gjort dei tallause. Alle hadde høyrt um denne avbragslege heren, ingen visste det, som var sant. Det vart ei spennning so stor, at ho leitad paa for mange; sume tok paa aa murra, at det fanst ikkje raad. Men daa gjorde dei ein lovnad: "no vilde dei staa der dei stod, um so heile helvite kom".

          Ein bonde ifraa Ringbu heitte Per Randkleiv, han var lensmann; han var komen der med Ringbyggingom og Trøningom. Han og Lars Hage fraa Lesja tok styret.

          Ein bonde til ifraa Ringbu, han heitte Arne Gunnstad, var den sterkaste av alle. Det gaar store segner um styrken hans. Han hadde mest aa segja næmst desse tvo.

          Morgonen er blank med solskin. Bønderne pustar utatt og umraader seg lite grand; so reiser dei uppum vegen, høgt uppi, og tek til aa hogga timber. Sume høgg og sume dreg ihop. Dei dreg det utpaa brattaste bakken og legg det i digre lunner, mange lunner paa breidd; dei kjem rullande med store steinar og legg uppaa timbret, so tjukt, som' det eig rom. Dei gjer ei breid og diger velte. Men under timber-lunnom laag det sleipe stokkar, som var ihop-bundne og hekk utyver fjellet mest-som inange ormar. Paa desse sleipom ligg heile velta; ho ligg so laust, at det er berre nokre reip og stolpar, som held ho. Naar ein hogg av reipi og slo unda stolparne, so rullad det utyver alt ihop - og. aat elvi. Dei tek bar og lauvbuskur og legg attpaa og gøymer burt alt saman, det ser ut som smaaskog heile bakken uppyver. Eit par mann stend att til aa loysa velta. Og ein stor flokk dreg uppum timbret og vil vera etter med øksom paa hoggande flekk.

          Ein flokk dreg nordum og lagar seg til med store tre, som dei vil velta uti vegen, so at Skottarne skal ikkje kunna snu, naar dei kjem inni klemma. Ein annan flokk dreg sudyver i same ærend.

          Det var med ein bonde utor Ringbu, som heitte Berdon Segelstad; han var den beste skyttaren. Han og tvo andre skulde faa skjota Sinklar. Daa segjer han Berdon: "Eg vil vera den fyrste, som løyser skot i desse leikje", og det laut alle gaa under paa. Han hev høyrt, at Sinklar kann fri seg for skot; daa tek han sylv-halsknappen sin og tygg han ihop og køyrer'n stad inni byrsa. So gjeng han bakum nokre graner og murar seg upp som ein bringe av stein, og der stend han. - Gamle folk syner fram av dei, same steinom endaa.

          Dei laag der, men kunne ikkje sjaa, naar Skottarne kom; for vegen kom svingande og gjekk innunder berge-hamrom, so han vart reint burte. Dei kunne ikkje eingong sjaa djuvet nedunder seg for alle smaaknausom, som laag attfor. Men her galdt det um aa vita som paa ein prikk, naar Skotteheren var paa rette flekken. Og so var dei rædde noko anna, - at Skottarne kanskje kunne snusa det upp og gjera til inkjes alt ihop. Dei hadde høyrt um verlauparen og visste, at han foor fyre og var faarlegare enn alle andre. Daa tok dei tvo raad:

          Det var med ei gjente, heitte Guri, dei kallad ho Pillar-Guri; ho var innerleg god til aa blaasa i bukkhornstuten. Ho reiste tvert yver Logen og gjekk uppaa ein fjelltopp, heiter Selsjordskampen. Der stadnad ho og saag nord og sud, vidt yver dalen. Men naar ho fekk sjaa Skotteheren, skulde ho taka paa aa laata; ho skulde faa dei til aa gaa i andre tankar. Og paa armom hadde ho eit langt kvitt haandklæde hengjande; det skulde ho svinga umkring armen og stytta, etter som heren foor fram og kom næmare og næmare. Alt dette saag bønderne og høyrde.

          Det ligg ei øy beint uti elvi, ho gjeng nordyver fraa Kringum eit godt stykkje, ho heiter Storøyi. Der utpaa fekk dei ein mann til aa rida paa ein kvit hest.So er sagt, at han sat att aa bak og hadde hengt eit raudt, digert turklæde yver manken paa hesten; han vilde faa Skottarne til aa glaama etter seg. Han reiste nørdst nordpaa øyi, der vilde han venta, til dei kom ifraa nordantil; naar dei kom, skulde han rida fram og halda seg jamt med Skottom all vegen sudyver att. Men naar dei var komne aat det og det stelle, skulde han tversvinga; det var merkje for bøndom til aa løysa velta. Det hadde møtt fram gamle folk, som ikkje dugde vidare til aa slaast, og sume var for unge og sume rædde. Daa segjer han Arne fraa Gunnstad, at desse her skal taka med seg alle fille-gjeværi og utpaa Storøyi og skjota med laust krut. Men dei skulde staa so langt undan, at Skottarne ikkje rokk med kulom sine. Og etter di vart gjort. - Alt dette gjorde dei og var ferduge.

          * * * So vart det dag andre dagen. Det er 26de august, klaart ver. Men Skottarne kjem ikkje. Daa rid det ivegen ein av bøndom og skal kika etter dei. Han heitte Audon Skjenna og aatte heime ei halv mil nordpaa. Han kjem nord aat gaarden sin, og her fær han sjaa Sinklar, som mynstrar heren sin strakst utpaa vollom. Han held still og ser paa, til dei er ferduge. Daa kjem Skottarne, dei kjem fort; strakst baketter fer dei yver ei bru - og fær sjaa han. Daa spreng-rid han attende. Men dei var so tett innpaa han, at dei ropad: "Sjaa buren renn unda paa ein pert!" ("Bur" er bonde, og "pert" det same som hest).

          No kjem ein flokk av Skottom, det er innpaa 100 mann. Dei hadde brotet lag ved heren og foor eit langt stykkje fyre. Ho Guri ser dei, men tegjer still; desse utpaa øyi held seg rolege, han paa hesten røyver seg ikkje. Dei foor nedunder kleivi, merkte ingen ting og var trygge.

          Daa kjem sjølve Skotteheren. Dei fer i ei lang line, kjem med styr og staak og er kaate; dei ridande er fremst.

          Sinklar hadde høyrt, at bondeheren skulde vera langt unda seg reist; han sit trygg. Frua hans rid tett innpaa, og barnet i armom hennar. Daa tek ho Guri paa aa laata. Det var slikt eit tungsinn i tonom, alle stadnad og lydde. Skottarne svarar med ein frisk krigsmars. Daa læt ho andre gongen, og same slaatten; men det er som liksong og graat gjenom heile dalen. Det vart so stilt etter tonom. Daa set Skottarne i med ein sterk krigs-mars og kjem aat Storøyi. Men her tek ho paa aa laata att. Og laatten er til endaa, han heiter Pillarguri- leiken. Den hin er Sinklarsmarsen. Spilemenner her i dalen kann dei baae tvo.

          Daa smell det ifraa Storøyi; dei med laust krut skaut. Skottarne svarar og skyt med skarpt; men desse utpaa øyi stend like kjappe, det naar ikkje kula dit aat dei. Og laust-krut-kararne skyt ein gong til; og endaa ein gong. Og Skottarne tek av seg huva og helsar for kvart skot. Daa kjem han ridande den rare øyken; og Skottarne skrattar og svingar med huvom. Sidan so gjekk dei med huvom og helsad. Og so er dei under Kringum.

          Sinklar og frua hans og den fremste flokken er alt komne framum velta. Der stend Berdon Segelstad, han spenner upp og tek sigte. Men det klikkar. Daa klemmer han aat andre gongen, - og det small. Sinklar fekk kula i skallen, beint yver vinstre augat; han gav ifraa seg eit stort rop og seig ned av hesten. Mange høyrde, han ropad: "Berdon Segelstad og byrsa hans!"

          Daa tversvingad han, som reid ute paa Storøyi, og velta kjem veltande; ho køyrer yver ende og klistrar nedaat etter ein breid teig, - og so gjeng det rullande aat elvi. Ho sopad med seg mykje av Skottom. Men storslumpen stod att og saag paa, dei skalv som lauv. Ogso tek dei spranget, - sume imot nord og sume imot sud. Men her møter dei bøndom, som kjem med øksom ifraa baae kantom og klemmer dei ihop att. No set dei beint upp yver bakken og lagar seg til og vil kjempa. Men daa kjem bønderne, som laag bak velta; dei kjem utyver i rasande renn og ropar høgt og gjeng paa; sume slær, sume høgg og sume skyt.

          Her stend Skottarne ihopklemde og kjempar i yver ein time, og slæst baade kvast og godt; dei sel livet so dyrt dei kann. Men bønderne er for føre. Arne fraa Gunnstad gjeng fremst: han høgg den eine yver den andre. So er sagt, at han totte det var som naar han stod og klauv raa-gran heime, elder skar halm. Seks av bøndom ligg daude, og nokre hev fenget saar. Men av Skottom ligg det i haugevis. Daa er det ein flokk, som spring ut yver bakken og kav paa elvi; mange av dei sokk. Og bønderne skyt, so at sume stuper hovudstup uti. Men sume flyt og svem yver og kjem uppatt paa hi sida. Men her stend det bønder, som tek imot dei og høgg dei ned so tett dei kjem upp utor vatnet.

          Det stend att ein liten flokk uppi Kringum; dei legg ned vaapni og fær fred.

          - Ho Pillar-Guri heldt paa og let. Daa ser ho, at Logen renn raud av blod; ho kastar hornet attyver hovudet og snur seg um.

          Og no tok ho paa aa graata. 


          Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania, 1885. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad

            Um dei tri bukkane som ikkje vilde ut or erter-åke

            (Forteljing, 1924)

            Av Andreas Austlid



            Det var ein gut, og det var tri bukkar. So skulde guten gjæta bukkane, og so flaug dei burt i erter-åkeren og vilde ikkje ut-or att. Då sette guten seg på ei tuve og gret. So kom det ein hare.

            "Kva græt du for?" sa haren.

            "Eg græt for di eg ikkje fær bukkane ut or erteråkeren att," sa guten.

            "Eg skal hjelpa deg," sa haren. So drog han i vegen, men fekk ingi råd med bukkane. So kom han att og sette seg på ei tuve og gret, han og. Då kom det ein rev.

            "Kva græt du for, du då?" sa reven.

            "Eg græt for di guten græt," sa haren, og guten græt for di han ikkje fær bukkane ut or erter-åkeren."

            "Eg skal hjelpa dykk," sa reven. So sette han i vegen, men fekk ingi råd med bukkane. Då kom han att og sette seg på ei tuve og gret. Kom det so ein gråbein.

            "Kva græt du for, du då, rev?" sa gråbeinen.

            "Eg græt for di haren græt," sa reven, "og haren græt for di guten græt, og guten græt for di han ikkje fær bukkane ut or erter-åkeren."

            "Skal hjelpa dykk," sa gråbeinen og labba i veg Men han vann ikkje med bukkane; han kom att og sette seg på ei tuve og gret, han og. So kom det ein bjørn.

            "Kva græt du for, du då, gråbein?" sa bjørnen.

            "Græt for di reven græt," sa gråbeinen; "men reven græt for di haren græt, og haren græt for di guten græt og guten græt for di han ikkje fær bukkane ut or erter-åkeren."

            "Skal hjelpa dykk, eg," sa bjørnen. So rugga han i vegen, men kom att og fekk ikkje bukkane ut or erter-åkeren han heller. Han sette seg på ei tuve og gret han og. So kom det ein tordivel.

            "Kva græt du for, du då, bjørn?" sa tordivelen.

            "Eg græt for di gråbein græt," sa bjørnen, "og gråbein græt for di reven græt, og reven græt for di haren græt, og haren græt for di guten græt, og guten græt for di han ikkje fær bukkane ut or erter-åkeren."

            "Eg skal hjelpa dykk," sa tordivelen. So flaug han i vegen og sette seg på bukke-spælen og sa: "brrrrrrr!" Og då fór bukkane ut or erter-åkeren.

             


            Frå Andreas Austlid: ABC-bok. Ny om umvølt utgåve. Bergen: A/S Lunde & Co.s Forlag 1924. (Niande upplag - Nittiande tusen) Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad

              Andreas Austlid

              Andreas Austlid var folkehøgskulelærar, forfattar og den første som gav ut ein ABC på nynorsk.

              Andreas Austlid
              Andreas Austlid

              Andreas Austlid var folkehøgskulelærar, forfattar og den første som gav ut ein ABC på nynorsk.

              Austlid var fødd av bondefolk i Austre Gausdal 26. desember 1851 og døydde på Toten 27. august 1926. Etter tre vintrar som elev ved Chr. Bruuns folkehøgskule i Gudbrandsdalen dreiv han ein fri folkeskule i Lom 1872–79. Deretter gjorde han seg meir kjend med høgskulerørsla i Danmark, og gjennom det meste av 1880- og 90-åra underviste han ved Hardanger folkehøgskule i Ullensvang. I 1899 oppretta han Møre folkehøgskule i Ørsta og i 1913 ein ny i Gausdal (som seinare flytta til Dovre).

              I tillegg til høgskulearbeidet gjorde Austlid ein stor innsats for å skaffe bygdeborn gode lærebøker på norsk. Både ABC-boka hans (1880), den første leseboka (1889) og seinare eit trebands leseverk for folkeskulen (1902–06) vart sentrale hjelpemiddel for opplæringa i landsmålskrinsane.

              På sine eldre dagar skreiv Austlid inngåande og livfulle skildringar av både danske og norske føregangsmenn i folkehøgskulen.

              For Andreas Austlid var det avgjerande viktig at læraren snakka same språket som elevane – både reint konkret og i meir overført tyding. Allereie som ung friskulelærar i Lom kutta han ut ikkje berre den omfattande læreboka av Pontoppidan, men også Luthers eigne forklaringar til katekisma.

              Austlids ABC var den aller første på landsmål. Både der og i lesebøkene tok han utgangspunkt i det som var kjent og kjært for borna. ABC-boka vart send inn til ein konkurranse utlyst av Vestmannalaget, og føreordet syner kva Austlid ville med henne: «Gud velsigne Boki, so ho kan verda fyre Bornom som ein varm og rein Ange fraa Skog og Dal og Fjell, fraa all hans friske Natur!»

              Då Austlid rundt 1880 var eit par år i Danmark, noterte han mykje levande tradisjon om høgskulepioneren Kristen Kold. Etter at han var ferdig med lærebokarbeidet, gav han ut biografien Ein folkelærar om Kold i to band (1911–13). Mot slutten av livet publiserte han også minne om Chr. Bruun (Kirke og Kultur, 1920) i tillegg til talar og ymse sjølvbiografisk stoff i Salt fraa folkehøgskulen (1926).

               
              Per Halse
               
              Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.