A. M. St. Arctander

(Minneord, 1919)

Av Anton Aure

   So er han ikkje meir denne gamle trufaste maalmannen, den varmhuga idealisten som det ikkje var svik i. A. M. St. Arctander, høgskulemannen og bokmannen, døydde i heimen sin paa Vettre i Asker no den 25. juli, ikkje fullt 72 aar gamall.
    Den nynorske bokheimen hev her misst ein av sine mest dugande menner. Det var ei ovleg vitug uppgaave i norsk maalreising han hadde teke fyre seg; aa umsetja nokre av storverki i heimsbokavlen til norsk maal. Og eit stort arbeid fekk han gjort endaa det var seint han tok til med dette arbeidet. Lengste tidi arbeidde han i folkehøgskulen, og her gjorde han visseleg eit stort og godt arbeid. Daa han fekk reist Lofoten og Vesteraalen folkehøgskule var det reine nybrotsarbeidet han laut taka til med. Folkehøgskulen var lite kjend i Nord-Norig og det vart eit tungt strev aa arbeida høgskuletankarne inn der nord. Men Arctander var sjølv nordlending og han elska Nordland; difor gav han ikkje upp Æ€” fyrr han vart so helseveik at han laut slutta for den skuld. Men daa var grunnmuren lagd og andre kunde halda fram der han hadde teke til.
    Han laut flutte sud i landet, der verlaget var betre, og budde fyrst i Hardangar ei stund, men bygde sidan sin eigen heim i Asker. Helseveik var han heile tidi og i di seinste aari kom han ikkje utanum sin eigen heim; men arbeidslaus kunde ikkje den gamle arbeidsmannen vera, og so tok han paa det store og vande arbeidet aa yverføra "Faust", hovudverket av sjølve heimsdiktaren Goethe, til norsk maal. Det var ei vaagall uppgaava aa taka iferd med; det er alltid fælande vandt aa setja um eit diktarverk fraa framandt maal, og "Faust" er halden for eit av deim som er verst aa umsetja. Det vanta daa heller ikkje paa motburd. Heimedanskarne flirde og hædde som deira vis er. Dei trong ingi norsk umskrift, maavita, dei greider seg so framifraa med aa laana den danske. "Morgenbladet" kom med stygge aatak paa Arctander, og jamvel mange maalfolk stod tvilande og kalde.
    Men Arctander gav ikkje upp. I 1911 kom fyrste bolken ut paa Olaf Norlis forlag i ei framifraa fin utgaave med mange bilæte etter den franske maalaren Delacroix. Det var ei utgaava som var til æra for den nynorske bokheimen, og umsetjingi fekk lovord av mange lærde folk baade heime og ute. Soleis hev den maallærde professor Kreuss i Prag sagt at han kjenner ingi Faustumskrift som ligg so nær upp til originalen som Arctander si.
    No hadde han ogso fenge ferdug andre bolken til prentings. Den vaaga ikkje bokreidaren aa gjeva ut, og so maatte Arctander sanka tingarar fyreaat. Han fekk ogso so mange hundrad at boki vilde bera seg. Ho skulde ha kome til joli 1918; men so vart det streik i prenteverki; og no kom ho altso ikkje ut medan Arctander livde. Me fær vona ho likevel kjem i aar.
    Umframt dette storverket hev Arctander umsett "Wallensteins læger" av Schiller, den andre tyske stordiktaren. Den boki kom ut paa Gunleiksons forlag i 1917. Ein skulde tru at norske maalfolk vilde kaupa mannjamt desse umskrifterne av storverki i heimsbokavlen *); men bokreidarane fortel at det er mest ingi bøker som gjeng so lite som desse klassiske diktarverki. Dette er ei stor skam. Lat vera det kostar arbeid aa lesa dei store diktarverki so at ein fær tak i dei; men so hev ein meir att av aa lesa ei av desse enn hundrad av dei vanlege dusinromanar som mange er so galne etter.
    Arctander hev skrive mykje meir paa norsk maal enn desse umskrifterne. Alt i 1884 gav han ut "Peters fyrste brev" i norsk umskrift og i 1900 sende han ut ei utgreiding "Maalrørsla i Norig" paa "Unglyden"s forlag paa Voss. Desutan hev han skrive mange lenger utgreidingar i "Syn og segn" o. fl. blad og tidsskrift. I dei seinare aari hev han ogso skrive mange bokmeldingar um nynorske bøker, mest i "Norig" og i "Unglyden". Bokmeldingarne hans var alltid so grundige, og dei synte at Arctander hadde framifraa godt skyn paa bøker; difor fekk folk au tiltru til deim. Her vert ikkje romet hans godt aa fylla. Me hev so faae verkelege bokkritikkarar som skriv nynorsk, og endaa færre som alltid kann og vil vera rettvise i sin dom.
    Alt det Arctander skreiv var grundigt og klaartenkt. Han kunde lite med aa gjeva store yversyn, han maatte leggja allting fram og lata detaljerne tala. Stilen hans vart litt tung og maalet hadde ein noko gamall svip. Han var uvanleg kunnskapsrik og so var han dertil so rødug og godlynd at det var ein hugnad aa vera saman med honom. Me som kjende honom vil gøyma minne um honom i hugen vaar, og han hev gjort eit so godt arbeid for vaar norske sak, at alle gode maalfolk vil minnast honom med takk. Si eigi livssoga skreiv han til den boki som vart utgjevi daa han var 50-aars student. Me tek ho med her.

*) Me hev ogso Schiller: Wilhelm Tell ved M. Skard, Shakespeare: Macbeth og Kaupmannen i Venetia ved O. Madshus, Jonsokdraumen ved E. Eggen, Shakespearesonettar ved Edv. Alme, Goethe: Hermann og Dorathea ved Alme, Schiller: Songen um klokka ved Ivar Aasen, Homer: Odyssevskvæde ved Garborg, Sallust: Catilina ved E.Skard o. fl.

 


Frå Ung-Norig. Nr. 8. August 1919. 2. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad


    Axel Arbo

    (Minneord, 1914)

    Av Anton Aure 
     
    Nokre gamle maalmenner
    Stutte skildringar fraa den fyrste maalstrævstidi
    II. Axel Arbo 
     
    Millom dei som freista seg med serformer i landsmaalet den fyrste tidi, maa ein og nemna dr. Axel Arbo. Han høyrde ogso til dei som vilde leggja maalet nærare inn til gamallnorsk enn Ivar Aasen hadde gjort; men so gamallnorsk som Jan Prahl i "Hungrvekja", var Arbo ikkje. Det er mest i nokre endingar og i sume einskilde ord han skil seg ut ifraa Aasen.

    Det var i 1859, aaret etter at "Hungrvekja" var komi, at Arbo gjorde sin vesle freistnad med aa skriva nynorsk. Det vart aldri noko meir enn denne freistnaden med honom; men daa det er sers forvitneleg for oss maalfolk aa høyra um alle som freista seg i desse aller fyrste aari, so tek eg Arbo med her.

    Axel Christian Smith Arbo vart: fødd i Aamlid i Nedenes den 2. mai 1825. Far hans William Arbo var daa prest i Aamlid. Han las privat til studenteksamen, som han tok i 1841. Daa han i juni 1842 hadde teke andre-eksamen for han til Kjøbenhavn og studera medisin der i tri åar. So kom han attende til Kristiania og tok medisinsk embætteseksamen i oktober 1848 med haud. Han la seg sers etter aa studera naturfag, helst daa botanik, og han skreiv ei lærebok i botanik som vart lenge brukt paa skularne. I fleire aar var han lærar i naturfag paa Nissens skule og gav desutan privatupplæring aat studentarne. Han var jamvel med aa tevla um eit professorat i botanik; men professor vart han ikkje, og det tok han seg Svært nær av.

    I aari 1855-57 var han kandidat paa rikshospitalet, og vinteren 1857-58 var han konst. distriktslækjar i Nøre Ryfylke. 5umaren etter var han i Fosen og sidan ei stund i Øiestad ved Aren­dal. I juni-september 1859 var han lækjar i Nedre Telemarki, medan det gjekk ein fæl blodgangsfarang (epidemi) der; men so fekk han sjølv denne sjukdomen og maatte slutta. Daa han so hadde friskna til att var han eitid lækjar i Øiestad. Men so vart han heilesjuk i fyrstningi av 60-talet, og han maatte til Gaustad asyl ei tid. Mange trur at det var avdi han ikkje fekk ei gjenta som han var glad i.

    Etter 1863 budde han heile tidi i Øiestad; men daa han ofte var sjukleg, dreiv han lite med lækjararbeid. Han brukte mest tidi til lesnad og, vitskaplep gransking. I dei fyrste aari var det serleg lækjarvitskap og botanik han dyrka, og han hadde brevskifte med fleire kjende vitskapsmenn rundt i Europa. I den seineste tidi studera han helst religionsfilosofi; han var stødt paa leiting etter sanningi. Kyrkjesoga var han vel heime i, og samelis hadde han sett seg grundigt inn i mange av dei andre religionar, buddhisma, brahmalæra og fleire andre. Mange av dei gamle maali hadde han ogso lært seg, soleis indisk, persisk og sanskrit og desutan fleire europæiske maal.

    Dei straumdrag som var framme i aandslivet her heime og ute i verdi, fylgde han vel, og sume av dei vigtugaste aandstraumar som kom upp i den utlendske bokheimen, vilde han freista aa leida inn i den norske. Han var soleis ein av dei fyrste her i landet som la seg etter positivisma, og i 80­aari gav han ut ei bok um " Positivismens rene idì ". Dei filosofiske verki til Friedrich Nietzche las han, og han var frami teosofien og mangt anna. Eit par andre filosofiske verk som han skreiv fær eg berre nemna her. Det eine heitte "Betragtninger over sjælens væsen og de vigtigste sjælelige tilstande. En henvendelse til alle sande kristne", og den andre: "Om tretalstanken. En redegjørelse".

    Men det som me her helst vil minnast, er ei bok som han skreiv i sine unge dagar. Boki heiter "Tourist-Skizzer", og nokra av desse skissone er skrivne paa norskt maal. Han hadde ferdast mykje rundt i landet, Arbo, og her fortel han um noko av det han hadde set paa ferderne sine.

    Norig var ikkje slikt eit turistland den gongen som det no er. Utlendingen hadde ikkje enno rett fenge auga paa den storfelte naturi vaar, og her heime var det faae som tok ut paa ferd berre for aa sjaa. Arbo var ovleg glad i naturi, og difor for han yver store luter av landet og fekk sjaa mykje av det som var storfelt og fagert. Han tok gjerne ut um dei vanlege ferdavegar og kom difor mange stader som det sjeldan eller aldri hadde fare turistar fyrr. Han var jamvel den fyrste ferdamannen som var paa Galhøpiggen.

    I denne boki vil han syna folk noko av det store og gilde han hev set, og han fortel maalande og livfullt, so boki er forvitneleg aa lesa, endaa stilen er noko unorsk. Men det som gjer boki mest forvitneleg for oss er dei tri stykki som er skrivne paa nynorsk. Arbo hadde eit uvanlegt fint maaløyra, og daa han paa ferderne sine lærde aa kjenna det norske folkemaalet, skyna han snart at hans eige maal ikkje var norsk. Dette kjem klaart fram i fyreordet til boki:

    "Som det af det følgende vil sees er enkelte skizzer skrevne i det norske sprog, som efter i saa 1ang tid at have været reduceret til et bondemaal, endelig ved de seneste tiders nationale bestræbeiser atter er bragt frem i skrift. At under disse omstændigheder sprogets grændser ikke kunne være fast opstukne, er naturligt; men de kunne dog nogenlunde fastholdes af enhver der med opmerksomhed har fulgt sagens gang. Hvad det her hovedsagelig kommer an paa er at opfatte sproget i dets continuitet med det oldnorske; thi kun paa denne maade vil det præg af plathed, der er den værste anstødsten i denne sag, kunne undgaaes. De læsere der finder sin nationalitet tilstrækkelig repræsenteret ved vort almindelige danske skriftsprog, vil gjøre bedst i ganske at overspringe de paa norsk skrevne skizzer, som desuden neppe vil kunne forstaaes uden af dem, der ere fortrolige med vort folkesprog eller have lært old norsk. At de læsere derimod, der tænke anderledes om denne sag ville vel disse skizzer betragtes med særlig interesse, ihvorvel vistnok de færreste vil finde sine forciringer til den nationale fremstilling fyldestgjorte. Den nynorske stræben har som enhver ny idee store vanskeligheder at bekjæmpe, men engang paabegyndt vil sagen dog ikke falde, og derfor har jeg ikke taget i betænkning ogsaa at lade disse ringe forsøg følge med her."

    Som ein ser held han her fram plent den same aristokratiske tankegangen som P. A. Munch hadde vore inne paa, og som Prahl hadde halde so sterkt fram i "Hungrvekja". Til prøvepaa maalet i boki hermer eg her nokre linor av stykket "Hedalin og Gjende":

    "Jøtunfjølli høyra til dei fjøllstrok, som fyrst i seinaste tidum hava verit àthugade af vàre eigne og framande ferdamenner; ekki mange àr tilbaka vàro dei meste deilin ukennde, og fyrst dà dei vid landupmàlingi vàro betre utgreidde og làgo i eit klàrare ljos, vard mei re gaum gevit à detti undarlege samlag av fjøllkempur med myrke votn og djupe isfyllde dalar segimillum, sume stadir gevande rum fyrir store fjordar, vide flatir og lange stødledalar, men ingin stad missande sit sermerkte uttrykk af àlvor og einsligheit, aldrig innbjodande vandrarin til lengre uphald, synande honum eit blidare huglyndi; men heldr som ein uvinleg eigare skræmande honum burt frà sine einemerkir."

    Vinje melde boki i "Dølen" og let svært vel. Um Arbo segjer han at han "er ein af dei norske etter min hug og med so stor maalkjensla i bygdarmaal, at her kanskje ikki er fleire en tvo tri i heile landet, som ero betri, og gamalnorsk kann han so mykit av at han kan n reinska maalet." Han helsar Arbo som medarbeidar i "Dølen", og han skriv daa og same aaret (1859) ei forvitneleg melding av Ivar Aasen si umskrift av "Fridtjovs saga"; men meir kom han ikkje til aa skriva paa nynorsk. Maalmann var han nok all sin dag; men han vart sjukleg og kunde ikkje koma paa ferd meir, og so grov han seg ned med bøkerne sine. Og det han sidan skreiv var ikkje slikt han kunde skriva paa nynorsk. Han fekk elles ikkje nytta dei rike gaavorne sine heilt ut og fekk ikkje bruka sine store kunnskapar. All sin dag livde han einsleg, og folk som ikkje skyna honom sa han var "rar". Han døydde i mai 1906, 81 aar gamall. Heile midelen sin (uml. 10000 kr,) gav han til eit legat som skulde vera til hjelp for medisinske studentar.

    Frå For Bygd og By. Nr. 19. 3. aarg. Sundag 20. september 1914. Kristiania. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
     

     
     

      Erik Gunleikson 50 aar

      (Biografi, 1922)

      Av Anton Aure

      Nynorske bokreidarar V.

          I dag skal de faa høyra litegrand um den mannen som med so stor offervilje hev gjeve ut "Ung-Norig" i snart fem aar no og som hev teke seg av so mangt eit ungt bokmannsemne, kosta ut og tapt pengar paa dei fyrste bøkerne deira.
          "No kjem turen til deg i bokreidarrekkja", sa eg til honom; "og so høver det so godt at du nett er 50 aar au, so no set eg deg i 'Ung-Norig'."
          "Er du gælen gut", svara han, "eg kann daa ikkje setja meg sjølv inn i mitt eige blad! Og so bera ut at eg alt er 50 aar; eg som ikkje hev fenge tid til aa gifta meg enno".
          "Ikkje noko motlegg farr, det er eg som styrer bladet og som raar for kva som skal koma i det. Du lyt berre prenta det eg sender du, eller faa deg ein ny styrar. Og dette med giftingi kunde du tenkt paa fyrr; no kann du hava det so godt", meinte eg.
          Hadde no Gunleikson vore en sinna mann, so veit du eg aldri torde fortelja slike private samtalar; men no er han den mest godlynde og venelskne mann du kann raaka. Eg kan aldri tru han nokon gong hev havt ein uven. For ingen som kjenner honom kann verta sinna paa honom – ikkje eingong ein illsinna riksmaalsmann, trur eg.
          Det er dei som meiner han er altfor snill til aa vera bokreidar; og det kann kanskje vera noko i det. Der hev nok kome ut ting hjaa honom som aldrig burde vore prenta; men det er daa helst slikt som boksmedarne sjølv hev kosta ut. For aa hjelpa desse folk sette han likevel sitt forlagsmerke paa bøkerne deira, og hugsa ikkje paa at han dermed fekk skuldi for at reine undermaalsarbeid kom ut, og at det var til skade for honom sjølv. I dei seinaste aari hev han vore meir varsam i so maate. Og det aller meste av det han hev gjeve ut hev vore gode folkebøker. Det kann nok vera at ikkje alt heldt maal fraa ein rein kunst-synsstad; men ein skal hugsa paa at det kann vera gode, ja framifraa folkebøker um dei ikkje er store diktarverk.
          Visst er det at Gunleikson hev hjelpt fram mang ein lovande ung bokmann. Med makelaus offervilje tok han mot desse unge og kosta ut fyrste-arbeid i deira, endaa han visste fyreaat at han kom til aa tapa pengar paa det. Han meinte vel det vilde ganga betre naar dei fyrst var noko kjende. Det slo ogso til med sume; men daa gjekk dei rett nok til Oslo-forlagi. Desse forlagi gjev umlag aldri ut ei bok av ein ny mann som skriv norsk. Difor er det arbeidet Gunleikson hev gjort for nynorsk bokheim større enn mange vil tru. Kven veit um ikkje desse unge hadde gjeve upp i modløysa um ikkje G. hadde teke seg av dei? Eg kjenner personleg dei som vilde gjort det, og som no vert rekna millom dei sers lovande
          Det arbeidet Gunleikson gjenom bokreidarverksemdi si hev gjort for maalsaki er so stort at alle gode maalfolk – og serskilt daa dei som les "Ung-Norig" – vil senda honom si varmaste helsing no han fyller 50 aar. Og dei vil nok gjerne vita noko meir um denne heilhuga idealisten.
          Erik Gunleikson er fødd 5te oktober 1872 paa garden Gjernes i Søndeled. Gjernestangen er det gamle Rygjarbit som var grenseskilet millom Agdir og Telafylket. Det var nok ikkje sunge ved vogga hans at han skulde verta bokhandlar og bokreidar. Faren var bonde og Erik var eldste sonen. Daa han var 20 aar gamall døydde faren og so tok han garden etter honom. Han var ein flink bonde. Dyrka upp mykje ny jord. Fekk stipendium og reiste ned til Danmark og studerte gardsbruket der. Var medarbeidar i "Landmandsposten" og skreiv stykke i "Folketanken" under merket Steinar Rygjarbit. I ungdomsbladi skreiv han og, daa serleg i Steinhamars blad "Avholdsungdomen" den tid den kom ut. Han kom soleis tidleg med i ungdoms- og fraahaldsarbeidet. Dei hadde eit ungdomslag i krinsen, og der var han formann nokre aar. Sjølv fekk han skipa Gjernes avhaldslag og han ferdast mykje paa dei store fraahaldsstemnor og landsmøte. Her vart han kjend med fleire av dei fremste menner i fraahaldsfylkingen og knytte veneband med dei.
          Han hadde ein farbror som han er uppattkalla etter som hadde boklege hugmaal og hadde fenge tak i mange bøker og blad; men han døydde ung. Det er likt til at Gunleikson ikkje berre fekk namnet aat farbroren, men og dei sterke boklege hugmaali hans. Av bøkerne hans fekk han derimot ikkje anna enn ein gamali rar bilætbibel; all den andre "verdslegdomen" tok bestemori og brende upp daa farbroren var død. Men den lesehuga guten fekk laana bøker hjaa læraren sin, og so snart han vart vaksen tok han til aa samla bøker sjølv. No tel boksamlingi hans kring 4000 band og mykje av dette er store verdfulle verk.
          I politikken var han helst konservativ for det fyrste; men daa han vart eldre og fekk meir vit paa slikt, skyna han at paa den vegen gjekk det ikkje. Maalsaki fekk han rett augo upp for daa Bjørnson tok til med sine illgjetne fyredrag imot det norske bondemaalet i 1899. Fraa den stundi var han maalmann med liv og sjæl. G. er ogso interessera songar og er aktiv medlem av Risør mannskor.
          Der var ein bokhandel i Risør og ein dag i 1906 daa Gunleikson var i byen, var han som vanleg innum der og kjøpte seg ei bok. Daa sa bokhandlaren til honom: "Kjøp no likso godt av meg heile bokhandelen, eg skal slutte no". Ja, dette var eit lokkande tilbod for ein mann som var glad i bøker. Han tenkte paa dette nokre dagar, og so slo han til. Garden let han broren Peder G. Gjernes faa, og so flutte han til byen og vart bokhandlar.
          Fryxells bokhandel som G. kjøpte hadde i si tid drive bokreidarverksemd og gjeve ut mest religiøse bøker. Daa so Gunleiksons gode ven Høgevold kom med eit manuskript "Fra Telemarken", so tenkte G. at det var best aa halda tradisjonen uppe og kosta ut denne boki (1912). Snart etter kom ein annan av venerne hans, August Steinhamar med manuskript. Soleis kom han inn paa bokreidarvegen.
          Men desse bøkerne var paa norsk-dansk og det var ikkje nett etter Gunleiksons hug. Skulde han fyrst vera bokreidar, vilde han gjeva ut bøker paa norsk og hjelpa fram nye norskmaalsbokmenner. Dei fyrste nynorske bøkerne han gav ut var "Fraa kaksebygda" av Kristen Løland og "Song or skogen" av Arne Smeland, baae i 1912. Aaret etter sende han ut sju bøker paa norsk. Dei var fyredrag av Sven Aarrestad og B. Th. Anker og hugleiksbøker av desse unge: Olai Aalen, Andreas Agdestein, Arne Espeland, Severin Kvaale og Hallvard Sandnes. Nye folk aa rekna for alle fem. I 1914 var det meir kjende folk: Rikard Berge, John Lie og Peter Slotsvik og ein ny: Oskar Brostrøm.
          Etter den tidi hev han sendt ut 10-12 bøker um aaret, og alt i alt hev det i desse 10 aar han hev drive bokreidarverksemd kome kring 90 nynorske bøker hjaa honom. Og det er ikkje berre smaating heller. Paa hans forlag er soleis kome det store prydverket "Bondesylv" av Rikard Berge, det største bilætverk som til denne tid hev kome paa nynorsk og som baade etter innhald og utstyr er til æra for norsk bokheim. Ei onnor større vitskapleg bok "Husgudar i Norig" av same bokskrivar maa og nemnast. Det fine bilætverket "Saumkunst i norske bygder" hev han landsmaalsutgaava av. Han hev og kosta ut Rasmus Steinsviks skrifter i tri band og det fint utbudde "Haakonarvarde" som kom ifjor.
          Det meste av det han hev gjeve ut er likevel hugleiksbøker (forteljingar, dikt, skodespel), helst av unge folk. Av alle dei bokmenner som umframt dei fyrr nemnde hev fenge ut bøker paa hans forlag skal eg berre nemna: Hallvard Bergh, Olav Gulivaag, Torleif Homme (vitskaplege bøker), Jon Norstog, Henrik Rytter, Torvald Tu, Einride Tveito og Kristofer Uppdal.
          Men vitskaplege verk og fyrstearbeid av unge bokmenner er ikkje slikt som "gjeng" og som gjev bokreidaren mynt. Og ein stor part av maalfolket kjende seg fritekne for aa kaupa slike bøker som kom ut i Risør. For jamvel millom maalfolk finn ein denne meiningslause hovudstadstrui at det er undermaals alt som ikkje kjem fraa "Christiania". Me kjenner alle det gamle ordet som i hovudstaden hev fenge denne formi: "Kan der komme noe godt fra 'provinsen'?" At bokhandlarane – daavisst dei i hovudstaden – kjende seg fritekne fraa aa stella ut eller leggja fram desse bøkerne er sjølvsagt.
          At tapet daa laut verta større enn ein mann kunde greida er ikkje aa undrast paa. Det var berre rimeleg at han maatte koma i vandskar no naar nedgangstidernc kom, so han lyt taka rev i segli. Men me vil vona at det lagar seg og at det ikkje gjeng alt for lang tid fyrr han kann arbeida seg upp att og faa halda fram (med sitt gagnlege yrke.
          Attaat bokreidarverksemdi hev han vore bladutgjevar. I aari 1913-16 gav han ut ungdomsbladet "Dølen" som Kristen Løland styrde. Prentevanskar var mest skuld i at det laut stogga. Fraa 1914 hev han gjeve ut det gode og fint utstyrde folkeminnetidsskriftet "Norsk folkekultur" styrt av Rikard Berge med hjelp av O. Olafsen, Alexander Bugge og Kristofer Visted. Til dette tidsskriftct hev han dei siste 3-4 aari havt noko statstilskot. Det hev fenge vellæte baade av innan- og utanlandske vitskapsmenner. Etter nyaar 1918 tok han so til aa gjeva ut "Ung-Norig" som soleis snart fyller 5 aar. Dei seinste aari hev han havt eige prenteverk som prentar "Ung-Norig" og sume av dei bøker han gjev ut.
          Me ynskjer honom helsa og heppa i framtidi.

       


      Frå Ung-Norig. Nr. 10. Oktober 1922. 5. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad


        Hallvard Bergh

        (Minneord, 1922)

        Av Anton Aure

        Hallvard Bergh døydde den 25de april i vaar, og med honom hev det atter falle ei malmfura i den gamle skogen. Han høyrde elles ikkje til dei det gjekk stort rop um; jamvel millom maalfolket var han heller lite kjend. Og svært faae trur eg det var som kjende honom vel. For Hallvard Bergh høyrde fil desse stillfarande, smaalaatne folk som aldri stakk seg sjølv fram, men heller gøymde seg burt. Me hev havt forunderleg mange av dei millom dei fremste i den gamle maalmannafylking. At dei likevel gjorde verk som varer, det veit me vel.

        Eg kjende honom berre lite. Eg vitja honom ein gong og tala med honom ei stutt helgedagsstund, og me skifte brev litegrand. Men det var nok til at eg vart glad i den einslege gamle mannen. Einsleg livde han all sin dag, han hadde aldri havt raad til aa gifta seg, sa han. Dei seinste aari drogst han med ein hjartesjukdom, og sjukdomen gjorde nok ogso sitt til at han drog seg endaa meir attende fraa utanverdi.

        "Du slepp ikkje inn til honom, han er reint innestengd", sa ein kjenning i Valdris til meg daa eg stod paa vegen og skulde ganga til Bergh. Men eg ikkje berre slapp inn, eg vart vel motteken, og han var svallug og fortalde so det var hugnad aa høyra. Daa eg gjekk att, takka han meg plent som eg skulde gjort honom ei stor velgjerd meddi eg vitja honom, og so sa han med det same me skildest: "Ja no kann eg liva ei god stund paa denne hendingi!" Ja ja, den som hev freista aa liva i ei avstengd bygd, der det kann ganga aar og dag millom kvar gong ein raakar aandsfrendar, han vil skyna det. Etterpaa var det plent som han ikkje visste alt det beste han vilde gjera meg. Fann han ei sjeldsynt bok i tølorne sine, so sende han meg henne. Og daa han frette eg var sjuk, sende han meg varme helsingar og gode raad.

        Eg fortel alt dette fordi det gjev oss ein liten glytt inn i sjæli til denne stillslege mannen. Naar me les bøkerne hans, fær me ein sterk tokke av det store hjartelaget for alt det som lid og hev det vondt, og dette hjartelaget er liksom den raude traaden gjenom heile hans liv. Han hev skrive ei bok som heiter "Den godhjarta kona", men til yverskrift paa Hallv. Bergh si livssoga trur eg ein med full rett kunde setja "den godhjarta mannen."Les berre diktet "Livandeskjeraren" (Vivisektøren) og sjaa korleis han lid med desse stakars smaadyri som vert "ofra paa vitskapen sitt altar." Ei hending fraa Bergh sitt eige liv maa eg òg nemna. Paa ein støl i Valdris fann hann vesle Ragnhild Kaata som var baade blind og dauv og dumb. Ho hadde ikkje lært noko, og foreldri var fatige so dei hadde ikkje raad til aa senda henne til byen paa skule. Daa skreiv Hallvard Bergh i bladi og fekk i stand pengeinnsamling til henne, so ho fekk koma paa skule og fekk læra baade aa lesa og skriva som andre born. Og av alle dei kransar som i vaar vart lagde paa Bergh si kista, var det vel ingen det fylgde slik stor og inderleg takksemd med, som den som kom fraa Ragnhild Kaata. -

        Det var ikkje fritt eg tykte Hallvard Bergh var noko saar i hugen. Og han kunde hava grunn til det; for han vart ikkje paaskyna som han skulde. Jau ein gong kannhenda: daa han hadde gjeve ut "Ferdi til verdsens ende", ei av dei beste barnebøker som hev kome ut i Nordlandi - kanskje den aller beste for born i 9-10aars alderen. Denne boki var "ei perla so skir at ho reint tryllte oss fyrste gongen ho kom", skreiv ein av vaare beste barnevener. Og den vidgjetne finske barnebokskrivaren Zakarias Topelius gav boki dei sterkaste lovord. Ho kom daa ut paa finsk og svensk, seinare ogso paa islendsk, tysk og engelsk. Her i landet hev ho kome ut i tri ymse maalformer. Fyrst kom ho paa valdrismaal i 1889, eit par aar etter paa dansk, og endeleg paa nynorsk i 1905.

        Han skreiv mange andre bøker, Hallv. Bergh, baade paa norsk og dansk, for born og vaksne; men fyrr eg segjer meir um dei, skal eg nemna berre nokre ord um mannen - her er ikkje staden til aa skriva heile livssoga hans.

        Han var fødd 1ste desember 1850 i Gol i Hallingdal; men foreldri hans flutte til Valdris og kaupte garden Ellestad i Vestre Slidre, og Hallvard vart meir valdris enn hallingdøl. Han kom paa ein lærarskule daa han var konfirmera og heldt ei stund skule i heimbygdi; men so for han til Amerika og vilde freista lukka i den nye verdi. Der burte dreiv han med hardt kroppsarbeid um sumrane, og um vintrane studera han paa ein norsk høgskule (college). Men han røynde seg for hardt, so helsa fekk ein knekk, og so tok han vegen heim att til Valdris. Her friskna han utruleg til att og tok imot lærarposten i Høyne og og [sic] Skjel krinsar i heimbygdi. Her arbeidde han sidan heile tidi alt til han slutta skulen for nokre aar sidan.Han hadde soleis ein lang arbeidsdag i skulestova. Attaat hjelpte han far sin som hadde teke til med landhandel, og endaa fekk han tid til aa skriva bøker.

        Fyrste boki han gav ut var "Segner fraa Bygdom. Sogur m. m. fraa Valdris og Hallingdal", som kom hjaa Det norske samlaget i 1879. Det var baade eventyr og segner, gaator og ordtøke i boki. Sidan sende han ut tri samlingar med eventyr og segner paa dansk. Ein slump av desse var berre umskrift av dei same som kom i "Segner fraa Bygdom", men mykje var nytt. Ei sneis aar etterpaa tok han fyre seg att eventyri han hadde skrive upp og skreiv dei um paa nynorsk. Dei som høvde til barnelesnad kom ut i boki "Folke- og huldreeventyr fraa Valdris og Hallingdal" (Oslo 1905, ny auka utg. 1917).

        Folkeminnearbeidet hans er eit gjævt arbeid. Han tok til aa skriva upp saa tidleg at han visseleg hev berga mykje som elles hadde gjenge i gløymeboki. Alt i 1865 hadde han teke til, og han skreiv upp eitt og anna heilt til det siste; men sumt av det er berre prenta i bladi. Vitskapsmennerne hev det aa segja paa uppskrifterne hans at dei er umdikta og stelte paa. For honom galdt det aa faa dei so folkelege som raad var; han var samlar og ikkje granskar. I seinare aar trega han sjølv paa at han ikkje hadde gjeve att alt plent som det vart fortalt; men det kunde rettast paa, for han hadde kladdarne. Daa eg var hjaa honom synte han meg ein stor tjukk protokoll.

        "Sjaa her", sa han, "no hev eg samla i denne boki alle folkeminne eg hev skrive upp i mi tid og her er dei skrivne paa valdrismaal og førde attende til den upphavelege forrni. No er dei plent som dei vart meg fortalde."

        Eg veit ikkje kva lagnad denne boki hev fenge no sidan Bergh fall ifraa; men vonleg sytte han for at ho kom i gode hender. Ho vil hava ovleg stort verd for folkeminnegranskingi.

        Her vert ikkje rom til aa tala noko større um forteljingsbøkerne av Bergh. Dei aller fleste er barnebøker, og um ingi av dei kjem paa høgd med "Ferdi til verdsens ende", so er dei gild barnelesnad. "Ferdi" kom um vaaren 1889, og alt um hausten same aaret kom ei onnor barnebok med det ulenkjelege danske namnet "Hvordan Maria sankede pengene". Boki var paa valdrismaal, men ho er likso tilgjord som "Ferdi" var naturleg og egte barnsleg. Merkeleg nok heldt han henne sjølv for aa vera betre enn "Ferdi", og mange aar etter skreiv han henne um til landsmaal; ho heitte daa "Dokkesjaa" (1912).

        I dei fyrste 10-12 aari etter desse bøkerne kom ut skreiv han berre dansk. Av dei bøkerne han gav ut i dette tidsromet nemner eg berre barneboki "Julekagerne" og "Det evige mausolæum", ei ungdomsbok med emne fraa Austerland.

        Det saag heller vonlaust ut for maalsaki ikring 1890, og Bergh trudde no at fornorskingi av dansken laut vera rette vegen fram til eit norskt skriftmaal; for under fornorskingsfana hadde daa Bjørnson og mange andre av dei største fylka seg. Men i 1902 skreiv han i "Den 17de mai" at "no er det berrsynt at fornorskingi berre var ei ven fjør som vinden hev stroke med." Sidan stod han alltid traust under det heilnorske merket. Og no kom dei den eine etter den andre av desse nynorske barne- og ungdomsbøkerne hans som merkte seg ut med framifraa fint utstyr, gode bilæte og vakkert innhald. Fyrst kom "fraa fjord og lid og fjell" (1902) og sidan "Den godhjarta kona" (1907), "Ola Eivindset og Halldis Friggtun" (1908) og "Nye bilæte fraa bygdom" (1912).

        Alle desse bøkerne inneheldt fleire smaaforteljingar, oftast smaa fintteikna og klaare folkelivsbilæte fraa Valdris. Slike som den smaaløgne forteljingi um han gamle Ola Eivindset er meisterlege paa si vis. Forfattaren er glad i dei folki han skildrar og ser paa dei med kjærlege augo. Difor skildrar han dei ogso med slikt eit varmt hjartelag. Eg trur at jamvel vaksne folk vil hava hugnad av aa lesa desse bøkerne. Berre for det klangreine maalet og den gode norske stilen løner det seg aa lesa dei; for Hallv. Bergh var ein maalmeister av dei sjeldsynte. Det syner at han hev livt seg heilt inn i eit par av dei beste maalføri i landet: valdris- og hallingmaalet.

        Bergh freista seg ogso med eit spelstykke "Gjentestrid" (1913); men det var han lite heppen med. Nokre episke dikt "Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika" (1915) og ei lyrisk diktsamling "Norske dikt i utval" (1916) inneheld mange vene ting, men formi er ikkje allstad fullgod. Det siste han skreiv var ei ny barnebok; ho vart so vidt ferdug, men han rakk ikkje aa reinskriva henne heilt fyrr han døydde. Venteleg vil ho verta reinskrivi og utgjevi.

        Det synte seg daa Bergh vart gravlagd at valdrisarne høgvyrde diktaren sin og skyna paa det arbeidet han hadde gjort. Men Hallvard Bergh hev gjeve norske born og norsk ungdom so mykje at me alle hev skilleg grunn til aa minnast honom med takk.


        Frå Norsk Aarbok 1922 utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen: Norsk Aarbok 1922. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad


         

          Hallvard Bergh 70 aar

          (Biografi, 1920)

          Av Anton Aure

          Hallvard Bergh 70 aar
          Hallvard Bergh
             Me hev havt nokre framifraa barneforteljarar i den nynorske bokheimen. Per Sivle, Løland. Kristen Stalleland, Stefan Frich og seinare Hans Seland, Halvor Floden o. fl. hev skrive gilde barnebøker. Men den fyrste som skreiv ei norsk barneforteljing som med ein gong "slo igjenom", som det heiter, det var Hallvard Bergh. Boki heitte "Reise te versens ende" og var skrivi paa valdrismaal daa ho fyrste gongen kom ut i 1889. Sidan hev ho kome ut i fleire utgaavar paa dansk og i 1905 kom ho paa landsmaal. No hev ho diverre vore utseld i mange aar, og det er stor spott og skam at ho ikkje vert prenta uppatt. Um denne boki hev barnevenen og harnebokskrivaren Andreas Austlid sagt at ho er "ei perle so rein og skir at ho trylte oss reint daa ho kom ut". Den store finske barnetbokskrivaren Zakarias Topelias fekk tak i boki og gav henne dei varmaste lovord. Snart etter kom ho daa ogso ut paa finsk og svensk, og sidan paa tysk og islandsk.
              Hallvard Bergh hev gjeve oss fleire gilde barnebøker som me skal nemna sidan. Men han er ikkje berre barneforteljar. Han er ogso ein av dei fremste folkeminnesamlarane i landet og hev berga mykje gamallt ervegull fraa gløymsla. Den sida av arbeidet hans er ikkje mindre gjævt. Desutan hev han skrive fine lyriske dikt, han hev arbeidt med stor eldhug for skogplanting og vore ein dugande lærar. Det er vel difor ikkje formykje um Norigs ungdom fær vita noko um honom no han hev fyllt dei sytti, og sender honom ein takk for gjævt arbeid gjenom dei mange aar.
               Hallvard Arneson Ellestad Bergh er fødd 1. desember 1850 i Gol i Hallingdal. Faren var bonde og handelsmann Arne Hallvorson Bergh og mori Liv Haugen. Daa Hallvard var 6Æ€”7 aar flutte foreldri til Lomen (undersokn til Vestre Slidre i Valdres) og kaupte garden Ellestad, der Hallvard sidan vaks upp, og vart kraambudsvein aat faren nokre aar. Han tok so eksamen ved Lands lærarskule i 1867 og var lærar i heimbygdi eit aar, men aaret etter drog han til Amerika og vart kyrkjesongar i Dane Co. i Wisconsin eit par aar. So gjekk han paa Luther College (gymnas) i Decorah i 6 vintrar og heldt skule i ein by um sumrarne. Soleis stræva han seg fram til studenteksamen i 1876.
              Men han hadde slite for hardt. Samstundes med at han las til studenteksamen hadde han vore huslærar, bladsendar og teke privatupplæring i gamalnorsk. Det vart meir enn helsa tolde, og hausten 1876 kom han sjuk heim til Valdres. Her friskna han likevel til att og fraa 1. januar 1878 tok han lærarposten i Høyne og Skjel krinsar i Lomen. Her slog han seg no til ro og vart valdris i hug og haatt. Han hadde denne skuleposten alt til han søkte avskil fraa 15. aug. 1913. Paa Høyne hev han ogso bygt seg ein ven heim, og paa sume av bøkerne hev han brukt dette namnet og kalla seg H. Høyne.
               All sin dag hev han livt ugift og hev serleg i den siste tidi vore noko einsleg elles og. Det var vel faae som skyna honom, tenkjer eg, faae som hadde dei same hugmaal. Og naar han so møtte liti skynsemd vart han kanskje hugsaar og stengde seg inne. Kor ofte hev det ikkje gjenge soleis med dei beste og finaste hjartemenneskje.
              Eg kom upp til honom ivaar og var der ei sundagsstund. Og me svaIla um so mangt og mykje. Eg vilde gjerne hava greida paa nokre valdrissar som hadde skrive noko, og han visste so god greida paa alt sovore. Og slik som han kunde fortelja! Det var ei ugløymande stund for meg denne dagen eg var hjaa Hallvard Bergh. Eg fekk læra aa kjenna ein fin hjartegod mann med store og gode hugmaal. Soleis hadde eg elles alt fyrr lært aa kjenna honom gjenom bøkerne hans, og han svara heilt til det bilætet eg hadde laga meg. Daa me drog avstad att sa han: "No kann eg liva ei god stund paa denne hendingi!" Ja ja, den som sjølv hev freista aa liva langt burte fraa andre aandsfrendar han vil skyna det.
              Ei hending i Bergh sitt liv lyt eg nemna. For mange aar sidan daa han var paa ei fjellferd, fann han paa ein støl i Valdres ein gjentunge, Ragnhild Kaata, som var baade blind og dauv og maallaus. Ho hadde ikkje lært nokon ting og visste mindre enn eit dyr. Bergh skreiv um henne i bladi og fekk istand ei innsamling til henne. Det kom inn yver 7,000 kr. og no kom ho paa skule og fekk læra aa lesa, skriva og tala. Han skreiv ogso snart etter ei barneforteljing um korleis nokre born tok til aa samla inn pengar til vesle Ragnhild. Tittelen paa boki var paa dansk, "Hvordan Marie sanked pengene" heitte ho; men heile boki var skrivi paa valdresmaal og ho kom ut i 1889 same aaret som "Reise te versens ende". For nokre aar sidan arbeidde han boki um og gav ho ut paa landsmaal. Daa heitte ho "Dokkesjaa". (Litlehamar 1912). Sjølv meiner han at denne boki er betre barnebok enn "Ferdi til verdsens ende"; men det er vel ikkje mange som vil vera med paa det. Ho er ikkje so upphaveleg og egte barnsleg; men det er ei ven og gild bok elles.
              Hallvard Bergh hadde alt so tidleg som i 1879 sendt ut fyrste boki si hjaa Det norske samlaget. "Segner fraa bygdom IV" heitte ho. (Det skulde elles vore III, for samlaget hadde fyrr gjeve ut tvo samlingar segner fraa bygdom *). Til undertittel hadde ho "Sogur m. m. ifraa Valdres og Hallingdal". Det var soleis ei samling folkeminne og ho innheld mange utifraa gode segner og eventyr. Denne boki var paa valdresmaal, men same aaret sende han ut ei onnor samling paa dansk paa eit anna forlag, og nokre aar etterpaa kom det tvo samlingar til, ogso paa dansk ("Nye eventyr og sagn fra Valdres og Hallingdal".) Elles hev han skrive upp mange ting som ikkje hev kome i bok. Det er soleis ikkje smaating alt det gamle ervegullet som Bergh hev berga or gløymsla. Og for dette arbeidet fortener han stor takk. Men ein ting hev han trega paa seinare og det er at han klædde so mykje av desse norske folkeminni i dansk bunad og sameleis at han brigda og stelte paa uppskrifterne. Dette hev han no rettta paa; han hev ført dei attende til si upphaveleg form soleis som dei vart fortalde, og til det norske maalet di vart fortalde i. No finst dei alle fint innskrivne i ei stor bok. Berre den boki hadde vore prenta!
              Etter 1889 var det 12Æ€”13 aar at Bergh skreiv umlag berre dansk (eller norsk-dansk). Det var ei vond tid for maalsaki fyrst paa 90-talet; det saag reint vonlaust ut. Og Bergh fylka seg under "fornorskings"-merket. Der fanst so mange gjæve stormenner, som Bjørnson og slike. Dei bøkerne han nø gav ut ("Hvorledes bukken kom til ære og værdighet", "Julekagerne" og "Det evige mausolæum") var paa fornorska dansk. Men i 1902 skriv han at "no er det berrsynt at fornorskingi berre var ei væn fjør som vinden hev reist med", og so gjekk han daa heilt yver til det norske maalet.
              I 1903 sende han ut ei bok som heitte "Fraa fjord og lid og fjell". Det var 10 smaaforteljingar med bilæte av Aug. Berg. Det var nett etter "boer"-krigen dette og difor hadde ogso boki eit tillegg um det modige vesle boerfolket og ei helsing til norsk ungdom fraa boergeneralen Louis Botha. I boki er det elles ogso eit lite koselegt barnespelstykke som heiter "Vesla". Sogorne er sume paa vers og sume paa prosa. Nokre av dei hadde vore prenta fyrr, andre er nye. Det episke diktet "Livandeskjeraren" syner oss Hallvard Berghs store hjartelag for alt som lid vondt. Det same finn me att i dei bøkerne han seinare hev gjeve ut.
              Her er ikkje rom til aa tala um alle bøkerne hans; men nemna dei fær eg daa gjera. I 1905 sende han ut "Ferdi til verdsens ende" paa landsmaal som eg alt hev nemnt og same aar kom "Folke- og huldre-eventyr fraa Valdres og Hallingdal". Det var nokre av dei beste eventyri Bergh hev skrive upp og som høvde til barnelesnad som kom i denne boki Æ€” paa nynorsk maal. I 1907 kom "Den godhjarta kona og fleire nye sogor". Det er 13 smaasogor som helst er etla aat born; nokre av dei fraa Amerika og nokre fraa Norig. Liksom mest alt det andre Bergh hev skrive hev dei erend til norske born, dei vil verka paa borni i ei god leid og vera med og uppseda dei til gode menneskje. Aaret etter kom "Ola Eivindset og Halldis Friggtun". Det er "skildringar fraa folkelivet" og Bergh kann gjeva klaare og sanne folkelivsbilæte, i so maate stend han høgt. Han pløgjer kanske ikkje sa djupt i menneskjesjæli, men gjev egte og truverduge bilæte fraa kvardagslivet slik det ter seg i fjellbygderne vaare.
              I 1912 sende han ut "Nye bilæte ifraa bygdom". "Lesnad aat ungdomslag" set han til undertittel paa boki, og sume av sogorne kann høva til upplesing; men elles er det no helst barnelesnad i denne boki med.
              I 1913 sende han ut eit underlegt skodespel eller "midsumarIeik" som han kallar det; det heiter "Gjentestrid for heim og egtemake", og tvo aar etter "Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika". Heile den siste boki er paa vers, og baade rim og rytme er for det meste sers gode. Boki gjev forvitnelege bilæte fraa livet millom dei norske nybyggjarane i vesterheimen. Bokskrivaren hev fyrstehands kjennskap til dette livet, veit me. Men som namnet segjer, det er idyllar. Den tunge saare striden og det harde slitet aat nykomarane ser me lite til.
              Siste boki hans er "Norske dikt i utval" (av H. Høyne) som kom paa Gunleiksons forlag i 1916. Her hev han gjeve eit utval av dei beste dikti sine, baade episke og lyriske, og her finst mange fine ting som ein gled seg ved aa lesa. Dei som er glade i gode vers burde ogso hugsa paa denne boki.
              Enno hev eg att aa nemna eit av dei hugmaali som Bergh hev ofra mykje av si arbeidskraft og teke mange tunge tak for. Det er arbeidet for skogssaki. Han og broren stortingsmannen H. A. Berg gjorde upptaket til aa faa lovfest ein fast plantedag i folkeskulen.
              I aaret 1900 hadde han stipend av "Selskabet for Norges vel" til aa reisa rundt i Valdres og halda fyredrag um skogplanting, og skipa daa 20 plantelag. Han hev ogso gjeve ut ei bok heiter "Skolernes plantefest" med plantesongar og stykke um planting o. s. b. Til takk for alt dette arbeidet hev han fenge diplom fraa "Det norske skogselskap" og diplom fraa "Den norske nyttevekstforening". Daa han slutta med læraryrkjet fekk han ei fin sylvkaffekanna fraa krinsane.
              Enno eitt lyt eg nemna. Den 22. febr. 1898 sette han inn i "Gjøviks blad" eit upprop til kong Oscar II um aa skilja Norig og Sverike paa fredelig vis og lata sonen prins Carl verta konge i Norig. Daa unionen rauk i 1905 vart denne adressa uppattprenta i "Mrgbl." til døme paa kor djupe røter denne hendingi hadde i folket. Og yverbibliotekar Drolsum sende gjenom "Gj. BI." eit takkeskriv til forf. der han segjer at "det staar ialfald en mand af helstøbt karakter bag saadanne ord."
              I 1904 sende han ogso ut det fyrste uppropet um at ein skulde reisa bautasteinar ved kyrkjorne til minne um heltarne fraa 1808Æ€”14. Den tanken fengde, veit me, og no er det reist slike steinar i mange, mange bygder landet rundt.
              Norsklynd ungdom vil takka Hallvard Bergh for det gjæve arbeidet han hev gjort. Um han ikkje høyrer til dei store diktarar i Norig, so hev han likevel skrive gode ting som kanskje hev naatt djupare ned i folket enn mange av dei store diktarverki. Kor mange tusund er det vel ikkje som med hugnad minnest den tid dei i barneaari las "Ferdi til verdsens ende". Det som sermerkjer Hallvard Bergh og bøkerne hans er framum alt hjartelaget og so den varme fedrelandskjærleiken. Difor er ogso bøkerne hans av dei som ein so trygt kann gjeva borni og den yngste ungdomen. Og god lesnad aat deim treng me ikkje minst no daa det er so mykje som bryt ned og øydelegg alt godt og vent i ungdomshugen.

          *) "Segner fraa Bygdom I" (1871) hadde mest segner fraa Valdres uppskrivne av Hallvard Hande og II (1872) hadde segner fraa Selbu uppskrivne av J. P. Sand.

           


          Frå Ung-Norig. Nr. 12. Desember 1920. 3. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad


            Hans Mo

            (Minneord, 1920)

            Av Anton Aure

               Gamle Hans Mo i Bergen er død og med honom er ein av dei eldste og fremste maalmennerne i Bergen fallen burt. Han var no 85 aar gamall, men var likams- og aandsfrisk like til det siste. Som vanleg desse siste aari tok han avstad til Ørsta so snart sumarferien kom, og der i fødebygdi si døydde han den 12. juli. Han ynskte aa faa kvila i den fagre heimbygdi, og soleis vart det.
                Denne bygdi hev fostra mange gjæve søner som det norske folket vil gøyma i minnekransen, og som serskilt me maalfolk bør minnast. Me nemner Ivar Aasen, Anders Hovden og Hans Mo. Den siste naadde nok ikkje so høgt som dei tvo andre i si dikting; men han hev daa skrive ikkje so lite paa nynorsk og elles hev han gjort mykje godt arbeid for maalsaki i Bergen og paa Vestlandet. Han hev skrive fagre tonar til fleire av norskmaalssongarne og desse hev vorte mykje sungne. Pleire av spelstykki hans hev vorte mykje spela i ullgdomslagi og vorte vel fagna.
                Hans Mo vart fødd den 2. mai 1835 paa garden Mo i Ørsta paa Sunnmør. Mori var syster til den kjende Ørsta­klokkaren Anders Velle og skyld Ivar Aasen. Daa han var smaagut var han sers hag til aa gjera trearbeid. Han skjemta seinare med at det var eit mistak av lagnaden naar han ikkje vart snikkar eller treskjerar. "For daa eg var 14 aar," segjer han, "gjorde eg ein spinnerokk berre med tollekniven, og der var dei som vilde forsikra at rokken var svarva.
                Daa han var 15 aar gamall kom han til Aalesund og vart kraambudgut, og der vart han i 5 aar. Daa skreiv dei honom heimatt til aa taka ein lærarpost som han sidan hadde i tri aar med − 12 dalar om aaret i løn! Men i 1858 hjelpte presten i bygdi og stortingsmannen Maurits Aarflot honom so han kom seg til Stord seminar.
                Alt i dei fyrste skulemeisteraari heime i Ørsta hadde han skrive vers som han fekk prenta i "Postbudet" som kom ut paa Egset i Volda. Han skreiv daa paa dansk. Men paa lærarskulen fekk han tak i "Dølen" daa han tok til aa koma ut, og sidan var han maalmann. Straks tok han til aa bruka landsmaalsord i stilane sine. Slikt fekk just ikkje vellæte av lærarane i den tidi; men til eksamen greidde han seg fint, og so snart han var ferdug i 1861 fekk han lærarpost paa "Kristi krybbe" ein av folkeskularne i Bergen. Han tok til med arbeidet der 7. febr. 1862, og heldt ved paa same staden alt til han tok avskil i 1916, daa han var yver 80 aar. Det var soleis ein lang arbeidsdag i same skulestova, yver 54 aar.
                Daa han var komen til Bergen heldt han fram med aa skriva dikt i "Bergensposten", og snart tok han ogso til aa setja tonar baade til sine eigne og andre sine songar. I 1863 bad festnemndi for den store songarfesten honom skriva velkomstsongen. Og paa "Engen" song 500 Bjørgvinsongarar denne songen med ord og tone av Hans Mo. Seinare skreiv han mange vigselsongar (kantatar), baade ord og musikk. Til tusundaarsfesten i 1812 skreiv han ein kantate paa nynorsk.
                I 1874 sende han ut ei "Diktsamling" paa Beyers forlag i Bergen. Fyrste bolken er smaadikt, mest um heimbygdi og barnetidi, um ungdom og elsk. Andre bolken er eit episk sogedikt "Um Njaal og sønerne hans". Ein merkar diverre so altfor lett paaverknaden fraa andre diktarar i denne boki; men der finst elles fleire fine ting, og nokre av songarne hev seinare kome inn i lese- og songbøker.
                Hans Mo var ein ovleg musikalsk mann, og han var alt fraa 70-aari ven med Edvard Grieg. Av honom fekk han baade rettleiding og kveik, og Mo vart sidan ein kjend tonediktar. Millom dei beste tonarne hans kann eg nemna den væne tonen til "At far min kunde gjera". Han er mykje vænare enn den vanlege, men er kanskje litt for "kunstig" til aa verta folketone. Den mest sungne er venteleg den til Krohns "Eg ser dette landet". Elles kan nemnast den rytmefaste tonen til Ivar Aasens "Gamle Norig" og ein til "Gud signe Norigs land".
                Songen var elles ein av dei ting som Hans Mo hadde mest liv for. Han var den fyrste i Bergen som tok til med samsong av gutar og gjentor i barneskulen. Her gjorde han eit stort arbeid, og kom so langt at han heldt fleire konsertar i "Logen" og i Krosskyrkja med 200 skuleborn fraa "Krohnengen skule" − og hadde alltid fullt hus.
                Han hev ogso gjeve ut ei "Syngeplan" for folkeskulen og fleire bøker med korsongar paa ymse forlag i Bergen. Den mest kjende er kanskje "Firstemmige sange for blandet kor", ei stor samling som han gav ut i lag med H. C. Thu. Han hev ogso gjeve ut "Landsmaalssongarne vaare tonesette for sopran, alt, tenor og bass (2 hefte Bergen 1898) og Tonar til Austlids lesebok (3 hefte 1909). Med desse bøkerne hev han gjort mykje til aa fremja songen, serleg korsongen ut yver landet. I 1907 sende han ut ei liti "Norsk songbok" for folkeskulen; men det var nok heller faae heilnorske songar i den boki. No fyrr han døydde hadde han gjort ferdugt manuskriptet til "Norskmaalsskulens songbok" som vonleg kjem ut med det fyrste.
                Kor uppglødd Mo var for songen syner denne vesle soga: Vestmannalaget hadde eingong i 90-aari ei stemna ute i Fana. Dei hadde daa fenge dit nokre av dei beste lurblaasarane dei kunde spyrja uppe; for dei vilde freista faa upp att den gamle lurblaasingi som heldt paa døy ut. Og Hans Mo skulde halda tale um denne gamle nasjonale "musikken". Men Mo var ein stor skjemtegauk, og daa han kom paa talarstolen, sa han at det var ikkje noko tess med denne lurblaasingi, nei song det var noko anna! Og so heldt han ein glødande tale um songen!
                I 1868 var Mo med og skipa Vestmannalaget, og daa Henr. Krohn var flutt fraa Bergen, var han formann der i tri aar (1876−78). I desse aari styrde han ogso laget si tidskrift "Fraa by og bygd" og skreiv mykje der. Elles hadde han alt dei fyrste aari vore leidar for "Vestmannalagets songarlag". Han var ogso ein jamleg talar paa møti i Vestmannalaget og vart motteken med fagnad, for han hadde ei sers evna til aa vera lentug og løgjen. Fru Bolette Pavels Larsen skreiv um honom: "Mod og liv og trivlegskap fyl der med honom jamt. I 1890 hadde han stipend til ei ferd i Danmark og Sverike. Daa møttest me ein dag paa "Kongens Nytorv" i Kjøpenhamn. Det var ein varm dag. Men aa raaka Hans Mo var friskt som foss og fjellbjørk. Klingande norskt maal, snøgg, gløgg, fjaag, drjug".
                Mo hev ogso gjeve ut nokre skulebøker paa landsmaal. Soleis gav han i 1882 ut den fyrste bibelsoga paa norsk saman med Olav Paulson; sidan ein "Geografi" og ei "Religionslærebok".
                Men i dei seinaste aari var det helst arbeidet med aa faa norsken fram paa speltilet som tok hugen hans. "Det er det vigtugaste av alt maalarbeid no", sa han for nokre aar sidan. Og so skreiv han det eine spelstykke etter det andre. Eit paar smaastykke "Amerikafolket vaart" og "Ei vaagsam telefonering" kom ut i 90-aari.Desse vart mykje framsynt i ungdomslagi. Elles hadde han alt i 80-aari skrive eit stykke heitte "Heimfarkvelden". Det var eit songspel og tonediktaren M. A. Udbye sette musikk til det. Det vart spela fleire gonger paa Bergens teater; men hev aldri vore prenta.
                Det var likevel fyrst etter han var 70 aar at Mo rett tok til aa skriva skodespel! I sanning ein merkeleg gamling! I desse siste aari fekk han ut "Ei sjeldfengd kjerring" (eventyret um Gudbrand i Lia), "Fossarne", "Kjerringraader og faderskap" og "Myntmeistaren". Og kor mange han skreiv som han ikkje fekk ut det veit eg ikkje; men han dreiv paa og skreiv alt til det siste. Mest lukke gjorde "Ei sjeldfengd kjerring" som nyst er kome ut i nytt upplag. Noko meir enn amatørstykke var dei elles ikkje noko av dei.
                Hans Mo hev ogso skrive mykje i bladi, serleg i Bergens­bladi. Fylgde godt med gjorde han til det aller siste. Straks fyrr han tok ut paa siste ferdi si i sumar sende han "Ung­Norig" desse blad or minneboki som kjem i dette heftet. Det vert soleis siste helsingi hans til norsk ungdom. Han var ein av deim som heldt seg ung i hugen heilt upp i den høge alderdomen, og sine ungdoms hugmaal sveik han aldri. Han var eit døme paa ein god nordmann.

            [
            Hans Mo
            Bookmark: sysStdLink0
            Hans Mo: Or minneboki (1920)]

            Frå Ung-Norig. Nr. 8. August 1920. 3. aarg. Risør: Utgjevar: Erik Gunleikson. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad

             

              Henrik Krohn

              (Biografi, 1921)

              Av Anton Aure

              Norske ungdom, eg vil fortelja deg um ein mann. Eg vil fortelja deg um ein av dei nordmenner eg er mest glad i. Aldri hev eg set honom; for han var død nokre àr fyrr eg vart fødd; men likevel held eg av honom som min beste ven. Og kvifor? Jau, fordi denne mannen var ein av dei mest eldhuga idealistar eg veit um. Fordi han stod hugheil i striden og gav sitt hjarteblod for den saki eg er glad i. Fordi han aldri sveik eller vingla, men stod trufast fremst i bardagen alt til han seig attmed merkestongi. Difor elskar eg honom.

              Henrik Krohn heitte mannen, og det er meir enn 40 àr sidan han døydde, so ungdomen no veit lite um honom og det verk han gjorde. Men eingong var han hovdingen for den vesle flokken av unge vestlendingar som tok upp Ivar Aasens stortanke: à reisa uppatt det fagre klangreine norske màlet til skriftmàl i Noreg i staden for det innførde danemàlet.

              Flokken var liten den gongen, og striden var beisk og hard. Difor var det ogso sume som trøyttna heller snart og gav upp i vonløysa. Henrik Krohn kunde ogso verta hugsàr og sliten og modlaus kanskje; men aldri gav han upp.

              Sjà pà biletet av Henrik Krohn. For ei fager àsyn! Det fine reinskorne andletet med den klàre, høge panna og det store, vakre skjegget, men framum alt dei vene, livfulle augo! Det er reint so eldhugen lyser or deim. Ja, der er adel yver dette andletet, det speglar av ei fin ànd og ein høg intelligens.

              Krohn var ogso ein fin diktar, og han hev skrive mange ting som ungdomen vil lesa med hugnad. Eg veit nok at ettertidi ikkje vil rekna Krohn for nokon stor diktar; men me hev bruk for dei smàe likso vel som dei store. Det hender jamvel stundom at einkvar av dei «smàe» diktarane kann skriva reint vedunderleg vene ting. Krohn høyrde til bonderomantikkarane, og romantikken er ikkje mykje vyrd no for tidi. Men ungdomen er glad i det som er fagert og vil gjerne lesa noko som kann lyfta hugen mot dei ljose høgder. Sanneleg, ungdomen hev godt av ein gong imillom à taka seg eit laug i den «solljose bonderomantikken», etter all den kvardagsgràe realisme no for tidi, der ein mest aldri finn helg og høgtid. Livet er no ikkje berre gràver og myrkeskodde heller.

              Millom det Krohn hev skrive, skal eg nemna den ljose, vene forteljingi «Svalheimsfolket», som ikkje er stort ringare enn bondeforteljingane av Bjørnson og Janson. Dessutan dei lange forteljande dikti «Svein og Gudveig» og «Geirstad-Trond», og so alle dei fine lyriske dikti. Skrifter av Henrik Krohn er utgjevne i ei stor ven bok og kostar berre 4 kr. Den boki burde norsk­huga ungdom eiga.

              Me unge hev grunn til à gleda oss yver diktaren Henrik Krohn, men likevel er det màlmannen, den store idealisten, som er oss kjærast. Han var rudningsmannen og vegbrøytaren pà Vestlandet. Han fekk skipa det fyrste màllaget i landet; han streva seint og tidleg med munn og penn, gav ut blad og bøker so folk skulde lesa seg glade i sitt eige màl. Um dette arbeidet hans skal eg fortelja meir nedanfyre. Dessverre kom ikkje fruktene so snart han hadde tenkt, og han fekk mange sàre vonbrot.

              Dà eg ifjor sumar stod pà gravi hans pà Sogndals-kyrkjegarden, var det med ei kjensla av høgtid, og hugen min var fyllt med vyrdnad og takk. Dersom Henrik Krohn no kunde «sjà attpà jordi», og sjà kor langt hjartesaki hans hev vunne pà Vestlandet, dà veit eg visst han vilde gleda seg storleg og tykkja det hadde muna godt. Visseleg hev me enno langt att fyrr folket vart vert eitt folk - eit verkelegnorskt folk, og striden er enno tung og seig. Men tenkjer me pà korleis det sàg ut i 60-àri, so lyt me vel segja framgangen er større enn von kunde vera.

              Henrik Krohn høyrde til morgonmennene i den nynorske fylkingen, og han drøymde stort um sitt folk og sitt land. Men han var ingen dàdlaus drøymar. Strid og arbeid var hans liv. Dei store draumane øydelagde honom ikkje i det praktiske liv heller. Dà han budde i Sogndal, var han t. d. ein framifrà hagebrukar, fekk mange premiar og mykje ros.

              Ein sann nordmann var han, og norsk ungdom hev mykje à takka honom for, denne hugheile stridsmannen for norskdom i Noreg.

                                                 *

              Kristofer Janson, som var hjartevenen til Krohn, skriv i ei skildring av honom:

              «Det er umogelegt à skriva malstrævet si saga her i Norig, minders ein og mà nemna Henr. Krohn. Han var snjoplogen fyre strævet pà Vestlandet. Eg mà alltid sjà honom sitjande i ein bàt i andror og vera einaste mann i bàten. Der sit han kipen og kàt og syng, medan han dreg pà àrarne. Og fram gjeng det, so det fyssar um stamnen. Men so vert straumen sterkare og karen trøyttare. Han turkar skallen sin, sputtar i nevarne og ser seg ikring, um han ikkje snart er framme. Han spenner i tilja og slit pà; men so sig armarne, han lyt leggja til hamnar, so mykje han fær kvila litet. Han ser seg modlaus ikring, for det er endà langt att. Og han orkar ikkje meir.»

              Ja vegbrøytar og rudningsmann var han. Det er vel knapt nokon annan einskildmann som hev gjort so mykje for màlsaki pa Vestlandet i den fyrste tidi som Henrik Krohn. Han fekk istand «Vestmannalaget» og var lenge formann der, og han fekk igang den fyrste tidsskrifti pà norsk màl; han var reint utrøyttande i arbeidet.

              Henrik Krohnvar fødd i Bergen den 10de mai 1826. Far hans var kjøpmann og konsul, Wollert Krohn. Han var av ei sers gàverik ætt; soleis hadde fleire i ætti vorte namnspurde kunstnarar. Dà Henrik var 8-9 àr gamall, flutte foreldri til Stend i Fana, til den garden som no er landbruksskulegard. Her voks han upp og leika i lag med strilegutar og strilegjentor til han var l6 àr. «Pà den visi vart eg meir bondegut enn bygut, noko eg no takkar Vàrherre fyre, som lagar alt til det heste,» skriv han sjølv. Mori vilde helst han skulde studera; men han sjølv hadde hug à verta sjømann. Han gjorde ogso ei utanlandsferd; men so var han so plàga av sjøsykja at han leid fælt vondt pà denne ferdi; og han skyna at han dugde ikkje til sjømann.

              Dà han kom heim-att, var det kome meir àlvor i honom, og han tok til à lesa og vilde verta ein dugande handelsmann. Dessutan las han ogso Noregs soga og naturkunna. Soleis kom han til à eigna til seg gode kunnskapar, so ynsket til mor hans gjekk pà ei vis i uppfylling likevel. «Og etter som eg no trur pà den beste màten», segjer han sjølv. «Kannhenda hadde eg i studerat storlæte vendt meg frà mitt land og folk, som so mange større karar enn eg hev gjort. No er det mi største gleda um sumaren à draga ut til folket mitt og studera livet, bàde det stygge, som eg so gjerna vilde fà burt, og det gode trufaste, som eg so gjerna vilde skulde aukast meir og meir.»

              Foreldri til Krohn døydde i 40-àri av kolera, og i 1846 tok han til som handelsmann i Bergen. Han var ein umtenkt mann, og det gjekk godt i mange àr; men i 1858 kom det ei stygg krisa som knekte so mange handelsmenn, og Krohn laut slutta han og. Det var tunge tider; men det som meir enn noko anna hjelpte til à halda honom uppe no, var elsken til det norske màlet.

              I desse àri finn me Krohn i den vesle màlfylkingen som samla seg kring Jan Prahl. Det kann og vera verdt à merka seg at jamvel Bjørnstjerne Bjørnson, som den gongen budde i Bergen, vart dregen med inn i denne ringen. Han let rektor Nygaard umsetja den vesle forteljingi «Et farligt frieri» pà landsmàl, og vilde sjølv ha Krohn til à læra seg landsmàl. Men grammatikken kunde ikkje Bjørnson med, og so gav han upp det heile. Men han og Krohn vart varme vener, og dei bytte brev lenge etter at Bjørnson var flytt frà Bergen.

              Um lag pà same tidi er det ogso at Krohn ràkar saman med Kristofer Janson; og dei to vart vener for livet. Dei var sidan mykje i lag, og dette samværet fekk mykje à segja for dei bàe. Med si ljose tru pà norskdomen og sin glødande elsk til det norske màlet, fekk Krohn stor innverknad pà Janson. «Eg hev aldri ràka ein mann, som so trugen og barnsken trudde pa màlsaki som han, og med slik trott stridde fyre henne,» segjer Janson.

              I 1860 hadde Krohn kjøpt ein fyrstikkfabrikk i Sogndal i Sogn, og seinare kjøpte han ogso Stedjegarden der i bygdi og flytte dit inn. Her likte han seg so framifrà godt. Dei àri han budde der «millom dei store fjelli og det hugsterke folket var sæle àr,» segjer han.

              I àri 1866 og 67 gav Krohn ut bladet «Ferdaman­nen», det fyrste màlbladet pà Vestlandet. Han streva fælt mykje med dette bladet, og han skreiv mykje godt der, so bladet vart friskt og gildt. Han fekk ogso mange lovord for bladet sitt. Soleis skreiv Vinje svært rosande um det, og meinte so til at kunde folk venja seg til à lesa eit slikt blad, «so vilde dei vera betre farne enn ved à lesa alle desse tidender som gjeva seg namn av «folkevenner» eller «almuevenner».

              Men tingarflokken vart forliten, og Krohn laut slutta med bladet. Han var for tidleg ute. Dà vart han sturen; men han gav seg ikkje yver i motløysa. Straks etter at han hadde slutta med bladet, legg han seg i selen med eit nytt strev. Den 21de januar 1868 fekk han skipa «Vestmannalaget», det fyrste màllaget i Norig. Her vart han dà ogso straks vald til formann, og var det so lenge han budde i Bergen. I Vestmannalaget la Krohn ned mykje arbeid; han var den berande krafti der i alle dei àri han var formann. Men der hadde han ogso nokre av sine beste stunder.

              Frà fyrst av var Vestmannalaget helst à rekna for eit gamanlag, der lagsfolki kunde møtast og ha det hugnadsamt. Dei heldt talar, las upp dikt og forteljingar pà landsmàl, song og dansa. Men det varde ikkje lenge fyrr laget sette ei onnor stemna, og tok til med meir praktisk arbeid. Krohn vilde endà gjera det um til eit politisk-nasjonalt samlag. Politikken vart det ikkje noko av; men so tok han upp mange nasjonale saker. Han fekk laget til à samla inn pengar til minnesteinen yver Harald Hàrfagre (reist 1872), og han sette fram tanken um à vøla um Hàkonshalli og samla pengar til det.

              Krohn fekk ogso istand «Det islandske handelssamlaget», som skulde freista fà samhandel millom Island og Noreg. Men det gjekk ikkje; for det fekk ikkje nokon studnad pa Island, og Krohn tapte mykje pengar pà det.

              Endeleg mà det nemnast at Vestmannalaget i 1870 tok til à gjeva ut tidskrifti «Fraa by og bygd», den eldste tidsskrift pà norskt màl. Her var det atter Krohn som laut bera dei tyngste byrder. Han styrde tidsskrifti alt til han flytte frà Bergen. Frà 1875 kom det som mànadsskrift. Sjølv skreiv Krohn mykje der, mest um naturvitskaplege emne, og nokre forvitnelege kringsjà som han kalla «Ute og heime». Elles skreiv mange av dei beste krefter i màlmannsflokken i tidsskrifti, soleis Kristofer Janson, Jon Klæbo, Hans Mo, Andr. Austlid, Olav Lofthus o. fl.

              Endà Krohn hadde so mykje strev med Vestmannalaget og tidsskrifti og mykje anna - det var ogso han som laut stella alt i lag nàr framande talarar kom til Bergen og tala i Vestmannalaget - so fekk han likevel tid til à skriva fleire smà bøker som han fekk prenta. Fyrste boki hans er «Minne fra ei Stockholmsferd», som kom ut i 1867. Det er minste parten av denne boki som fortel um Stockholm; meir er det um ferdi hans gjenom Noreg og Sverike, ei rad med fine, màlande naturskildringar, og vers innimillom. Her fortel han um ei vitjing pa Sagatun folkehøgskule hja Herman Anker, og um Asker seminar og Nils Hertsberg. Han vert i fylgje med Ivar Aasen gjenom Hallingdal, og fortel fint um dette samværet. Boki sluttar med den vene songen «Eg ser dette landet».

              Same àret sende han ut ei onnor liti bok, diktsamlingi «Smaakvæde». Her finn ein m. a. det sterke diktet «Fautaspranget» [sic], eit langt episk (forteljande) dikt, «Svartesmeden og Bratten», og ei rad med stemningsdikt og høvesdikt.

              Ãret etterpà (1868) sende hanut ei ny ferdaskildring, «Ei liti ferd frà Sogndal til Fjerland». Her hev han og ei rad med fine naturskildringar, og boki reint lyser av gleda yver denne ville og storlagde naturi der inne millom Sognefjelli. I denne boki er ogso prenta fyrste gongen diktrekkja «Geirstad-Trond», som straks etterpà kom ut som serskild bok. Forteljingi um Geirstad-Trond hev han bygt pà ei segn som han fekk høyra pà denne ferdi. Det er soga um ei slàstkjempa inne i Sogn og likjest nokolite pà «Storegut».

              Alt same hausten gav Krohn ut forteljingsboki «Fraa Vestlandet». Denne bok i inneheld to sogor. Den fyrste, «Svalheimsfolket», er ei yverlag fin bondeforteljing liksom Bjørnson sine, - og um Krohn ikkje var so stor diktar som Bjørnson, so hadde han i staden kome bonden nærare inn pà livet og kjende honom betre.

              Den andre soga, «Til fjells», er ei skildring av ei fjellferd som Krohn og Janson hadde gjort. Her fortel han og ei rad med huldresegner som han hev høyrt pà denne ferdi. Elles finst det ogso i denne boki songar og vers innsette der dei høver.

              Det næste àret (1869) sender so Krohn ut «Svein og Gudveig», ei noko lang forteljing pà vers. Det er atter ei skildring frà bondelivet, soga um den kàte villstyringen Svein, som vert glad i den vene og hugmilde Gudveig, dotter til den rike Gullstein, og vinn hennar kjærleik. Ei soga um elsk og sorg. Um denne boki skreiv Vinje ei melding i «Dølen», og der segjer han at «her er vers som høyra til dei beste i vàrt bokrike, um dei no ikkje er dei aller beste, som eg trur».

              Bøkene sine laut han kosta ut sjølv; for i den tidi var det ikkje mange som vàga kosta ut ei bok pà landsmàl. Dei gjekk ikkje so godt som han hadde venta. Han vilde dikta for bondefolket; men bonden kjøpte lite anna gudelege bøker, og so vart Krohn sine bøker liggjande uselde. Dà vart han modlaus og skriv ingi bok pa fleire àr. Han hadde gjeve det beste han àtte; men folk skyna det ikkje. Um bøkene hans segjer Janson: «- um dei luktar lite av bonderomantikk, so er dei ein god folkelesnad, alltid reine og sunne.»

              I 1875 vil Krohn atter freista seg som diktar, og denne gongen tek han fyre seg eit større emne. Han skreiv no lystspelet «Dan rette sida» og fekk det framsynt pà Bergens teater. Men her fall stykket heilt igjenom. Det var mykje fint og godt i det; men det var fulla for laust i bygnaden. Arne Garborg skreiv um stykket at den største veila med det var at det kom for seint. Hadde det kome fyrr, so hadde det fenge rom millom «Ervingen» og «Til sæters». Dà stykket kom, hadde romantikken sunge sitt siste vers, og den nye àndsstemna, realismen, braut seg inn i bokheimen.

              Umfram bøkene sine hev Krohn skrive dikt i fleire blad, soleis i «Dølen», «Svein Urædd», «Bergens Tidende» og «Fraa By og Bygd». Det vigtigaste av skriftene hans er no utgjevne i ei samla utgàva, som Vestmannalaget kosta ut i 1907.

              Henrik Krohn hadde som me hev set, fenge mange svikne voner, og i dei siste àri var han hugsàr og nedbroten. Han tykte han hadde so lite att for strevet sitt. Fruktene synte seg nok ikkje so snart at Krohn fekk sjà noko til dei so lenge han levde. Men um det var mange voner som brast, so var det ei som heldt, og det var à verta eigar av Stedjegarden i Sogndal i Sogn. Pà denne garden var det ein gamal kjempehaug med ein runestein pà og fagre hengebjørker ikring. Dette var noko for ein romantikar som Henrik Krohn. Her lika han seg alltid so godt, nàr han var der inne og sàg til stikkefabrikken sin. Og no laga det seg slik at garden vart skift etter den fyrre eigaren, so Krohn fekk kjøpa husi og hagen med kjempehaugen. Dà han var flytt dit inn, lagde han seg mykje etter hagedyrkjing og vart framifra flink, so han fekk premi fleire gonger bade for kàl og frukt. Han àtte no den største frukthagen i heile Skandinavia, er det fortalt.

              Der inne millom bondefolket levde Krohn som ein bonde sjølv. Alltid nàr han ràka nokon pà vegen, laut han stogga og ha seg ei prat med deim. Fann han dà eit gamalt ord som han trudde ikkje fanst meir, dà var han glad. «Og so la han ut fyre deim um màlsaki fyrst og màlsaki sist. Eg kunde inkje skyna kor han kunde hava tolmod til detta; men nàr det galdt màlsaki, var han utrøyttande,» fortel Janson.

              Henrik Krohn elska bonden og trudde so ljost um bonden. Alt det stygge og vonde i bondelivet vilde koma burt nàr berre bonden fekk upplysning pà sitt eige màl. Men so kom vonbrotet. Bonden vilde ikkje sitt eige vel; han trakka pa si beste sak. Dà Krohn verkeleg fekk augo upp for dette, vart han beisk og sàr. Sistpà var han reint hugbroten.

              Men ei gleda hadde Krohn dà han budde pà Stedje, og det var at Henrik Dahl kom til Sogndal med folkehøgskulen sin. Han skyna at høgskulen hadde ei stor uppgàva i same leid som han arbeidde. Og sidan var Henrik Krohn alltid sjølvskriven gjest pà høgskulefestane.

              Krohn døydde den 14de juni 1879 og vart gravlagd pà kyrkjegarden i Sogndal. Nokre av venene hans hev sett ein minnestein pà gravi, og Vestmannalaget kosta gjerde ikring. Den gamle venen, Kr. Janson, skreiveit varmt minnedikt um honom, og der segjer han:

                  «Du bonde som so seint deg dreg, 
                  seg veit du, kor han elska deg, 
                  den mannen her, som aldri veik, 
                  som no ligg kald og bleik? 

               

               

                  Ja visste du det, gamle døl, 
                  du gret pà denne svarte fjøl 
                  med henne, enkja som forstod,
                  kor varmt hans hjarta slo.

               

               


              Anton Aure: Henrik Krohn. Ei stutt livsskildring. Serprent av "Den frilynde ungdomen V". Oslo: Prenta hjaa Johansen & Nielsen 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

               

               


               

                Ingvar Bøhn

                (Biografi, 1921)

                Av Anton Aure

                Dei som er unge no kjenner namnet Ingvar Bøhn ifraa songbøkerne. Dei vedunderleg fagre songarne «I djupe dalar og grøne lier» og «Og naar eg høyrer det maalet liljar», hev nok mang ein norsklynd ungdom sunge med glødande hug. Men Bøhn hev ikkje skrive berre desse songarne, det finst mange andre overlag fine ting ifraa hans hand, og eg veit eg stettar eit gamalt ynskje fraa mange av venerne hans, naar eg no hev samla ein slump av dikti hans i ei bok.

                Men boki er ikkje berre etla dei gamle venerne hans, eg vilde ogso syna ungdomen no for tidi denne hugfine diktaren fraa den tid maalreisingi enno var i barneaari. For enno betre aa fylla ut det bilætet songarne hans gjev av honom vil eg nedanfor fortelja litegrand or livssoga hans og noko um det arbeidet presten og høgskulemannen Ingvar Bøhn hev gjort.

                Han høyrer til dei eldste norske høgskulemennerne som liver no, og arbeidet hans i folkehøgskulen er longe sidan slutt; men eit godt og trufast arbeid gjorde han i dei aatte og tjuge aar han verka der. Det meste av denne tidi arbeidde han ved den landskjende «Vonheim»-skulen; fyrst var han lærar, og i dei seinste aari var han styrar.

                Bøhn er ein av dei mest hugfine og hjarte­varme menneskje ein kann raaka. Stillfarande og smaalaaten hev han vore i all si ferd. Aldri stakk han seg sjølv fram eller gjorde braak. Men det var ein varm understraum i den stillslege talen, som bar bod um eit rikt og varmt hjarta. Ja han er hjartemenneskje framum alle andre.

                Det same kjem ogso fram gjenom songarne hans. Han høyrer ikkje til dei store songarane i Norig; men han hev skapt songar som liver og som vil koma til aa liva. Sjaa berre t. d. dei tvo eg nemnde ovanfor og «Balder» og «Det løynlege lande». Her er tonar so vedunderleg mjuke og reine at dei trengjer seg heilt inn i vaar innste sjæl, og fær dei finaste strengjer i oss til aa bivra. Slikt kann berre ein sann diktarhug skapa.

                Peter Ingvar Bøhn er fødd i Ullensaker paa Romerike den 27. juli 1838. Faren var bondefødd, men vart underoffiser og var med i krigen i 1814. Han kom so fyrst paa skrivarkontor og vart sidan lensmann i Ullensaker. Mori var danskfødd, men kom til Norig i sjuaars-alderen.

                Bøhn segjer sjølv at naar han vart maalmann endaa han er av dansk rot paa morssida, so kom det mykje av di at han i barneaari heldt seg so mykje ilag med bondeborni. Han var so barnsleg og lettnæm, og difor sette dette samlivet so djupe merke i honom.

                Daa han var umlag 13 aar gamall kom han til Oslo og gjekk 5 aar paa Nissens skule. Her vart han student i 1856 med beste vitnemaal ( laud). Til andreeksamen fekk han enda præceteris (aller beste vitnemaal, reint framifraa).

                Men han treivst ikkje rett inne i byen. Alt var so stivt og tilgjort. Nei, daa var bondelivet mykje naturlegare, tykte han. Skulelivet var ofte mykje krangel med lærarar, og gjerne turt og aandlaust so det gav liti nøring for ein vaken ungdom. Han kom ogso inn i ei religiøs vekkjing og kom daa i opposisjon til heile bylivet, der den lette tankeløysa mykje raadde grunnen, eller ogso tvil og spott so snart talen kom inn paa gudelege spursmaal.

                Han kom difor til aa vera mykje einsleg i ungdomen. Det var berre ein liten krins han kom saman med; men i den krinsen var det ein mann som fekk stor innverknad paa honom, og det var Christopher Bruun. Daa han hadde kome saman med honom, og so dertil lese «Synnøve Solbakken», daa vart han heilhuga maalmann. Men han tenkte daa likevel ikkje endaa paa aa skriva landsmaal sjølv. Det var fyrst etter han hadde vorte lærar hjaa Bruun paa Sel, at han tok til med det.

                Han hadde teke til aa lesa til prest; men so fekk han ein uvanleg sterk nervesjukdom, so han vart liggjande. Denne sjukdomen heldt paa aa mod- og mergstela honom heilt. Han kom daa ogso inn i sterk tvil og braut med pietisma. Ja han gjekk gjenom so sterke brjotingar, at han stundom kom i tvil um heile kristendomen. Til dei djupaste grunnar vart han driven ned. Og kva han leid i denne tidi er det vel faae som veit. Men det store kjenslelivet hans var fyllt av ævelivstrong, og han maatte finna og eiga Kristus som frelsar heilt. Og han sigra i denne tunge striden og vann fram til ljos og klaarleik.

                Den teologiske embætesprøva tok han fyrst i 1867 med laud. At det drygdest so lenge ut kom seg avdi han hadde vore so mykje sjuk. Tvo heile aar laag han til sengs og var heilt burte fraa alle studeringar. Sjukdomen besna, men fri han vart han ikkje paa lange tider. Heile 27 aar drogst han med honom - fraa 1858 til 1885. Daa vart han med ein gong frisk att paa ein underfull maate - ved bøn og handspaaleggjing. Den som gjorde honom god att var ein snikkar Andersen fraa Oslo. Han var ein læresvein av svensken Bolzius, som i den tidi var so vidgjeten fordi han lækte so mange sjuke paa slik underfull vis.

                Bøhn skreiv snart etterpaa ei bok «Om underfulde helbredelser»; og her fortel han mykje um Bolzius og verksemdi hans. Han fortel ogso um ei mengd slike hendingar ifraa andre land.

                Hausten 1868 vart Bøhn folkehøgskulelærar hjaa Chr. Bruun, som daa hadde høgskule i Sel i Gudbrandsdalen; men alt aaret etterpaa tok han sjølv til med ein folkehøgskule i heimbygdi Ullensaker. Denne skulen dreiv han til 1872. Fyrst hadde han med seg presten Jan Møller; men andre aaret var Nikolai Jul. Sørensen (no statsrevisor) medlærar. Fraa 1872-74 var han atter lærar hjaa Bruun, saman med Kristofer Janson. Skulen var daa flutt til garden Fykse i Austre Gausdal. 

                Fraa 1874-77 var han lærar paa Johannes Hellelands fo1kehøgskule i Ullensvang i Hardanger. Men so kom han attende til Bruun, og etter 1877 verka han heile tidi paa Vonheim, heilt til skulen vart nedlagd.

                Aldri hev det vel sidan paa nokon norsk folkehøgskule vare samla so mange landskjende menn, som det no var paa Vonheim. Her var Bjørnson med, og so var det Bruun, Janson, Bøhn, Matias Skard og Frits Hansen. Herifraa strøymde det no ut eit aandsliv som slo djupe røter i bondeungdomen ikkje berre i Gudbrandsdalen, men mest i alt landet.

                Bøhn var ingen stor talar i vanleg meining. Men han var ein fin og skarp tenkjar, og han aatte eit djupsyn paa mannalivet og soga som var sjeldsynt*). Serleg naar han kom inn paa det innlegg Kristus og kristendomen gjorde i heimssoga, kom det glod i talen. Han var i ætt med dei gamle profetar - sjaa berre paa dette andlitet - og han verka mest sterkare paa ungdomen med det han var enn med det han sa.

                Ein som var læresvein paa Vonheim i denne tidi fortel um samlivet med Bøhn:

                «Aa, kor glade me var i Bøhn! Det var mest samlivet med han um kveldane som tok oss so sterkt; naar han sat og song, tala eller las - etter skulen var slutt. Serleg naar han song. Daa kunde han fylla huset med poesi, med høgt aalvor og ein stor sterk fred, so alt pjatt visna og det evige steig fram i syner, for alle oss som hadde valt livet og vilde gjera noko.»

                Bruun drog seg etterkvart meir attende fraa skulearbeidet, daa han var so uppteken av andre gjeremaal. Sistpaa hadde han berre 2-3 timar um vika. Det var daa i røyndi Bøhn og Matias Skard som styrde skulen i desse aari. Og daa Bruun hadde vorte prest i Oslo og Matias Skard hadde slutta høgskulearbeidet i 1890, tok Bøhn styret aaeine. Han hadde daa med seg Frits Hansen.

                Kring 1880 hadde skulen fenge statstilskot og hadde det heile tidi sidan. Men desse aari var ei aandeleg nedgangstid i Norig, og folkehøgskularne laut slutta den eine etter den andre. Vonheimsskulen laut daa ogso slutta vaaren 1896.

                Bøhn vart so i august 1897 sett til sokneprest i Vestnes i Romsdalen, og dette kallet hadde han til han tok avskil i 1908. Sidan budde han fleire aar paa Litlehamar og hadde ogso her mykje prestearbeid. Soleis preika han heile siste halv­aaret av 1910, og daa det vart presteløysa i Faaberg, styrde han kallskapellaniet der eit heilt aar - fraa sept. 1912 til sept. 1913. Han var gift med Ida Bø fraa Gausdal, syster til den kjende maalmannen Per Bø. Daa ho døydde i 1915 flutte han upp til Gausdal, der han enno bur. Med sine 83 aar er han enno utruleg aandsfrisk.

                Det fyrste han skreiv paa norsk var songen «So mange skikkar som vart aldri bytt». Baade denne og mange andre songar som han anten hadde dikta sjølv eller umsett, vart so prenta i den songboki han gav ut paa Det norske samlag sitt forlag i 1869 og kalla: « Norska visor aat folkehøgskular».

                Dette var den fyrste heilnorske songboki som kom ut i Norig, og so vidt eg veit var det ogso den fyrste høgskulesongboki som var prenta her i landet, difor vil eg nemna noko meir um henne. Ho inneheldt femti songar ialt, aatte av Aasen, fire av Vinje, fire av Janson, sju av Bøhn (eigne og umsette), og resten var anten folkevisor eller einskilde songar av andre diktarar. Av Blix er der berre ein salme («Han er uppstaden»); men so kom daa au boki ut same aaret som det fyrste vesle hefte av «Nokre salmar». Elles finn me i denne boki for fyrste gongen sume av dei songar som sidan hev vorte so kjende og kjære, t. d. «Nyst munde det regna so saare». Her finn me ogso for fyrste gongen den løglege «Hypotikvisa». («Det vart vel svingum i bondeskikken») *).

                I 1871 gav Bøhn ut ei ny umarbeidd utgaava av songboki. Ho heitte daa « Norske visor aat skulom». Denne utgaava hev berre 45 songar; mange av dei gamle songarne er uttekne, men nokre nye er komne inn istaden.

                Desse songbøkerne vart brukte paa Vonheim og visst ogso paa andre folkehøgskular. I Trøndelagen vekte andre utgaava endaa ein heil strid; for der hadde dei lite eller inkje brukt norske songar fyrr. Ho vart kalla «blaaboki» avdi ho var blaa utanpaa bandet.

                Mange aar seinare - i 1882 - gav Bøhn ut eit lite hefte som han kalla « Norske songar I». Det var berre 32 smaa sidor og inneheldt 17 songar. Aatte av desse hev han sett um fraa dansk; dei andre er hans eigne. I fyreordet segjer han: «Dei søkjer vist inkje um nokon rang, som dikt, desse visorne; berre vilde dei - um dei kunde - vera ørlite til hjelp for folkesongen». - Her finn me fleire av dei finaste av Bøhn sine songar, soleis «I djupe dalar», «Og naar eg høyrer det maalet liljar» og so den kløkkjande vene sangen um Balder.

                Aaret etter kom « Norske songar II». Dette heftet inneheld 19 visor og er jamstort med det fyrste. Her hev han ogso teke med fleire folkevisor og eit par songar av andre diktarar. Av hans eigne songar i dette hefte kann ein nemna: «Og er det sant som dei segjer mange». Same aaret gav Matias Skard ut eit hefte III av desse norske songarne.

                Dei fleste av Bøhn sine songar gjeng paa stevtonar, og det var daa greidt aa skyna at han hadde livt seg sers vel inn i folkediktingi - og serleg daa stevdiktingi. Innhaldet i mange av songarne hans ber og sterke merke etter det. I det heile hev dei svært mykje av folkevisesvipen. Det er difor heller ikkje so underleg at han kom paa den originale tanken aa fletta saman ei heil forteljing av berre stev. Stevi hev ofte sers sterke forteljingsdrag i seg, og hugvarme skildringar av elskhugs sæla eller av svik og ulukkeleg kjærleik finn ein nøgdi av. Der skulde soleis vera sers godt tilfang til sogor. Og Bøhn vilde nytta dette. Han sende ut ei bok som han kalla « Gunnar og Sigri» forteljing i stev, samanfletta av Ingvar Bøhn. (Lillehammer 1891).

                Dei fleste versi i denne boki er gamle stev som hev gjenge paa folkemunnen; men sume av dei hev han maatta brigda og stelt litt paa, so dei skulde høva inn i den raama han vilde ha dei. Skulde han faa samanheng i forteljingi, laut han ogso sjølvsagt ofte dikta til heilt nye stev der det turvtest. No - samanhengen og bygnaden i forteljingi hev no likevel vorte laus nok, som ein skynar; men denne boki er likevel so sermerkt at ho burde vore meir kjend.*) I fyreordet hev han gjeve full greida for kva som er egte stev og kva som er tildikta. Der gjer han og greida for den maalformi han brukar, og som er noko for seg sjølv. Han stryk alle «stumme» eller «daude» medljodar og gjer sume andre brigde.

                Paa dansk hev Bøhn - umframt dei tvo skrifterne som fyrr er nemnde - skrive ei liti «sprog­lære», som var ikkje so lite original, og no sist hev han skrive ei bok um korleis Jesus uppseda apostlame sine. Denne boki heiter «Jesu Kristi kristendom. Den første kristendomsskole». (Kr.­ania 1911).

                Han held her fram kor tungt det var for apostlarne aa skyna at Jesus var Messias som dei venta paa. Me ser at dei like til det siste venta paa at Jesus skulde verta ein stor jødekonge og løysa dei fraa romarane. Dei maatte ganga igjenom ei veldig utvikling fyrr dei skyna det aandelege Messias-ideal. At Jesus var Gud kunde han ikkje segja dei med ein gong. Det vilde vera eit brot paa utviklingi, dersom dei fekk vita det fyrr dei var mogne nok, og dei vilde daa berre styggjast ved honom og venda seg burt.

                «For det er udvikling, vekst og selvstændighed Gud og hans Messias vil føre os mennesker frem til. Ikke til teoretisk tilegnede læresætninger, som altfor let blir liggende der saa døde og uvirksomme.»

                Naar me hugsar paa kor apostlarne, som var gode jødar, hadde livt seg inn i det jødiske Messias-ideal, og kor heilt ulik Jesus var dette idealet, so skynar me at apostlarne laut gaa gjenom ein svær vokster. 

                «En vældig skole! en vældig udvikling! Som ikke eier noget sidestykke i hverken i indholdets storhed og menneskehistoriens rigdom eller i gjennembruddets kraft.»

                Dette er grunntankarne i boki.

                Bøhn hev ogso ferdug i manuskript ei bok heiter «Kristendomstvilene». Den boki vilde venteleg høva sers godt for tidi no, og vonleg vil ho koma ut i den næraste framtidi.

                No er Bøhn 83 aar, men han er enno utruleg aandsfrisk. Diverre hev synet vorte so klent at han kan ikkje lesa noko meir; men han puslar og skriv litegrand enno.

                ---

                *) Sitt syn paa heimssoga hev han halde fram klaart og fint i eit skrift «Ulærde tanker om verdenshistorien», som han seinare gav ut.

                *) Denne visa var dikta paa bygdemaal av Jon Stenersen, som var ein frende av Christopher Bruun. Maalet i visa vart normalisera av Bøhn.

                *) Ho er visst enno aa faa for 50 øyre hjaa bokskrivaren eller hjaa Norli.

                Red.merk.:I boka er framhevingar sette med sperra skrift. Her har vi nytta kursiv. 

                 


                Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleikson 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

                 

                 

                 

                  J.E. Nielsen

                  (Biografi, 1914)

                  Av Anton Aure 

                  Nokre gamle maalmenner
                  Stutte skildringar fraa den fyrste maalstrævstidi
                  III. J. E. Nielsen

                   

                  Den eldste av alle dei kjende maalmennerne som liver no er den gamle skrivaren hev vore J. E. Nielsen. Han hev vore med i maalreisningsarbeidet alt fraa den aller fyrste tidi, og ei tid var han ein av dei fremste menner i maalfylkingen. Men mange av desse gamle maalmennerne hadde eit underleg lag til aa gøyma seg burt. Skreiv dei noko so var det jamnaste namnlaust (anonymt), og elles gjorde dei ikkje mykje staak korkje paa ei eller onnor vis. Det var mykje soleis med Nielsen og. I dei fyrste maalstrævs-aari tok han mangt eit godt tak som er verdt aa minnast.

                  Johan Eberhard Colbjørnsen Nielsen
                  er fødd den 13de desember 1827 paa garden Stemsrud i Grue i Solør. Faren var sorenskrivar og morsætti hans budde i Grue i den 500 aar gamle stova paa Stemsrud som Vinje hev skrive um i "Ferdaminni". Nielsen kom tidleg inn paa skulevegen dette og vart student i 1845 med beste karakter. Sidan (som studera han jus og vart juridisk kandidat i 1851. Etterpaa var han so skrivarfullmegt i 4 aar, og i 1855 vart han skrivar (kopist) i indredepartementet. I 1863 vart han fullmeg i det same departementet og vart verande der til 1870.

                  Daa Ivar Aasen var komen med spraakverki sine og hadde sett fram tanken um aa reisa upp att det norske maalet, vart Nielsen straks gripen av denne tanken. "Maalmann hever eg voret fraa min fyrste ungdom," segjer han sjølv i eit brev, og sidan hev han vore det all sin dag. I 1860­talet var han med i den flokken som samla seg um Vinje og som oftast vert kalla "Døleringen". Han var og med i den nemndi som gav ut bladet "Vort land" i 1867, og var her med og stridde for Norigs fulle sjølvstende baade politisk og nationalt. Daa so det norske samlaget skulde skipast i 1868 er det greidt at Nielsen var med der og. Han vart daa alt fraa fyrste stund med i styret for laget. Fyrste aaret sat han i domsnemndi skulde døma um dei bøkerne samlaget fekk til utgjevings) saman med Ivar Aasen og Hans Ross, og sidan var han styremedlem til han flutte fraa Oslo i 1870. I desse fyrste samlagsaari gjorde han eit stort arbeid i laget; for det var mest han som stod fyre utgjevingi av dei bøkerne samlaget daa gav ut.

                  Men alt fleire aar fyrr samlaget var skipa hadde han stelt med utgjevingi av ei bok paa bygdemaal. Det var " 30 gamle norske kjæmpevisemelodier med fuldstændig text" som Ludv. M. Lindeman og Nielsen gav ut i 1863. Lindeman greidde med tonarne og Nielsen med sjølve visorne. Det var eit utval av dei beste folkevisor i Landstad og Bugge sine samlingar. Nielsen skipa til visorne etter dei ymse avbrigde i desse samlingarne, so visorne her kom so fullstendige som raad var. Dette var soleis ein sers forvitneleg freistnad til aa gjeva ut ei folkeleg utgaava av norske folkevisor.Maalet i visorne la han noko nærare inn til uttalen enn Landstad hadde gjort.

                  Daa det norske samlaget var skipa gjorde Nielsen istand boki " Segnir fraa Hallingdal" (1868), og det vart ei av dei fyrste bøker samlaget gav ut. Surne av segn erne hadde han sjølv skrive upp soleis som han hadde høyrt dei i Hallingdal, nokre andre var uppskrivne av hallingar. Heile boki var skrivi paa hallingmaal mykje-godt etter utalen. Det er den fyrste segnsamlingi som greidt syner at den gamle norske forteljemaaten enno er livs livande uppe i dalarne. Og sjølve segnerne gjev oss eit mykje forvitnelegt kulturbilæte, meddi me her fær vita um folkesed og folketru i {orne tider. I boki er og ei heil liti ættesoga "Villands-ætti", som fortel um kjempor og ovkarar. Det er eit fælt villmannsliv med slaasting og draap som her er fortalt um. Ein finn elles her noko av den same haatten som i dei islendske ættesogor.

                  Nielsen hev havt sers hug til aa lesa framande maal, og lenge etter at han hadde teke embætteseksamen, lærde han seg græsk og fleire andre maal. Daa han dreiv med græsken, lagde han sers elsk paa den græske bokheimen og den græske soga. Han vilde ogso gjerne fortelja det norske bondefolket noko um dette merkelege vesle folket som hadde sett heile verdi i undring, baade meddi det i gamletidi vann yver det velduge persarriket, og meddi det kunde skapa diktarverk og kunstverk som hev halde seg i mest tri tusund aar. Etter græske og tyske kjeldor sette han daa upp boki " Gamla sogor um Hellas og Persarriket", som det norske samlaget gav ut i 1870. I denne boki fortel han fyrst um korleis Persia vart ei stormagt og lagde under seg alle landi rundt ikring, sidan um den fæle striden millom Persia og Hellas (Græken­land). Stykke or denne boki hev kome med i Austlids lesebok for folkeskulen.

                  I 1871 vart Nielsen politimeister paa Kongsberg, og kom daa burt fraa hovudstaden og det norske samlaget. Men han gløymde nok ikkje samlaget for det, og ikkje lagde han pennen burt heller. Fem aar etterpaa let han samlaget faa ei ny bok fraa den græske soga. " Sogor um Grækarne og Turkarne" (1876) heitte ho, og denne gongen er det den nyare græske soga han fortel. Fyrst noko um korleis turkarne kom inn i Europa og korleis dei tok Konstantinopel; men mest er det um den græske fridomsstriden 1821-29. Her skildrar han korleis grækarane paa nytt lag reiser seg og syner verdi eit manndomsverk. - Det er gjæve verk baae desse sogebøkerne som det er gildt aa eiga. Berre skade at dei no longe er utselde og vande aa faa tak i.

                  Nielsen var paa Kongsberg til 1884. Daa vart han sorenskrivar i Sand i Nedenes og tok daa bustad i Litlesand. Dette embættet hadde han alt til han tok avskil 31. mars 1912. Daa var han mest 85 aar gamall. I sanning ein kjempekar som kunde sit ja i embættet so lenge. Truleg hev nok embættesarbeidet teke umlag all hans tid i desse aari, so det hev vorte lite høve til boklegt arbeid. Men endaa paa sine gamle dagar hev han ikkje lagt det heilt burt. I 1907 daa han var 80 aar gamall sende han det norske samlaget ein bolk av Homérs Ilioskvæde, som han hadde sett um ifraa græsk. Det kom ut i serprent etter "Syn og segn" og heitte " Akillevs og Patroklos". Denne forvitnelege freistnaden burde folk gjera seg kjende med. Homér er halden for ein av dei største diktarar som nokon gong hev livt, og aa setja um verki hans er det vandaste av alt umsetjingsarbeid. Fær me eingong Homér paa norskt maal, so bør me minnast at det var den gamle gjæve skrivaren fraa Litlesand som fyrst gav oss ein bolk av desse verki paa norsk. Naar han hev greidt det so fjerre godt, so syner det at han er framifraa vel heime baade i græsk og norskt maal.

                  Nielsen hev ogso stelt med utgjevingi av "Gamle segner fraa Valdres" uppskrivne av Anders Eivindson Vang (1871). I det heile hev han gjort so mykje godt maalarbeid at me unge maalfolk bør senda honom vaar beste takk.

                   

                   

                    Jan Prahl

                    (Biografi, 1914)

                    Av Anton Aure

                    Nokre gamle maalmenner
                    Stutte skildringar fraa den fyrste maalstrævstidi
                    I. Jan Prahl

                    Den norsklynde ungdomen no veit lite um den tidi daa maalstrævet kom upp, og dei menner som daa stod fremst i striden for det norske maalet. Dei hev kanskje høyrt noko um Aasen og Vinje, og sume hev gjerne og høyrt gjete Kristofer Janson og Henrik Krohn. Men alle dei andre er det faae som veit noko um. Det skulde vel difor ikkje vera or vegen aa koma med nokre stutte drag or den fyrste maalstrævsoga. Me unge kann gjerne minnast dei menner som var med og la grunnsteinarne til den bygna­den som me no skal halda fram med aa byggja paa.

                    Umlag paa same tidi som Ivar Aasen gjorde sine fyrste freistnader med aa finna ei høveleg skriftform for dei norske maalføri, var det ogso ein flokk unge menner i Bergen som vilde freista paa det same. Det var ein liten maalfylking som samla seg sist i 1850-talet, og dreiv serleg med aa granska den gamalnorske bokheimen og det gamalnorske maalet. Med i denne ringen var Henrik Krohn (døydde 1879), Marius Nygaard (seinare rektor i Fredrikshald og Drammen, døydde 1912), J. E. Unger (seinare prest i Kvinnherad, døydde 1911), musikaren Georg Grieg(døydde 1910), konsul John Grieg, lærar Velle, skodespelar Georg Krohn; men framum alle maa ein nemna Jan Prahl, for han var liksom drivfjøri i heile flokken.

                    Me veit at Ivar Aasen ei tid vart mykje lasta fordi han - etter tilskunding fraa P. A. Munch - bygde maalformi si formykje paa gamalnorsken; men desse unge Bergens-maalmennerne tykte at Aasen si maalform var for lite gamalnorsk. Kristofer Janson som ogso sidan kom med i denne fylkingen, hev fortalt um deim og arbeidet deira:

                    "Mange av deim fann fyreloga til Aasen for simpel. Dei vilde byggja normalmaalet meir paa gamalnorsken. Sjæli i denne freistnaden var Jan Prahl, ein kunskapsrik, andfull, ung mann med sprakande vit; men og ein aandsaristokrat av reinaste vatn. Han hadde ein heilt sjukleg elsk til gamalnorsk og den gamle norske bokavl. Han gav ut ei bok: "Ny hungrvekja" (1858), namnet laga etter den gamle bispesaga "Hungrvaka" fraa aar 1200. Boki var gjenomglødd av danskehat og av eldhug fyre den gamle norske kultur. Ho var meint paa aa kveikja hunger etter norsk maal og sed; men boki var skrivi paa slik ei gamall form, at faae kunde lesa henne minders dei kunde gamalnorsk, og hungeren kom inkje so snøgt som desse draumarar vonad. Dei fleste av deim fylkad seg og kring Aasens merke, daa han var komen med sin grammatik og si ordbok; men Prahl vart tru­fast mot sitt halvt gamalnorske maal."

                    Jan Henrik Fasmer Prahl er fødd i Bergen den 20. februar 1833. Far hans var kaupmann og generalkonsul, og han høyrde til dei beste ætter i byen. Det var nok tanken at Jan skulde verta kaupmann liksom faren, og han fekk upplæring til det. Men han hev truleg havt meir hug til boki; for han las sidan privat til artium og vart student med laud i 1855 i Kristiania. I dei næste fem aari budde han for det meste i Bergen, og i desse aari var det han kom inn paa maaltanken og skreiv "Hungrvekja". Boki er ei utgreiding um norsk maal og nordmannskap i det heile, og grunntankarne i boki er paalag desse:

                    Vitskapen hev prova at Norig eig eit gullalderbokverk og eit maal som kann setjast jamsides med det beste heimssoga veit aa fortelja um. Det maalet som dette bokverket er skrive paa, er det same som hev vore tala her i Norig alt sidan landet vart bygt; og endaa um nordmennerne vart trælka under framandt velde i fleire hundrad aar, hev dette maalet halde seg so folket talar det den dag i dag.

                    Det aandelege Europa hadde vorte gamalt og utlivt; men det vart uppattnya daa det fann att det gamle greske gullalderbokverk. Soleis maatte ogso det utlivde, fordanska aandslivet i Norig faa ei nyreising naar det vart paaverka av den gamle norske bokheimen. Einast der kunde ein finna noko verkeleg norsk.

                    So gjev han ei utgreiding um korleis norskdomstanken hev vakse seg fram. Vitskapsmennerne Munch, Keyser og Aasen hev granska det gamle og det nye norske maalet; men aandsmenneme i samtidi skynar ikkje den norske reisingi. Stortinget er unationalt, folkeupplysningssamlaget gjer ingenting for norskdomen, og studentarne er dei mest unorske av alle. Skandinavisma - som den gongen var so mykje i vinden - er ikkje anna enn eit utslag av dei gamle danske lyster til aa spela bas i nordlandi.

                    Det gjeld framum alt - meiner Prahl - at nordmennrne fær læra aa kjenna sitt eige gamle maal, so vil dei nok litt um litt læra aa bruka det i skrift. Men so segjer han til slutt:

                    "Me vita hardla vel, at dar vid allt detta vil hevjast eitt skrik yvir villi og sjukligi draumar; ja me skuldi enndo ingaleid undrast, um einn storlátinn onkadi allt ihop og inki eingáng vyrddi dat so mykit som eit draumnavn; - me kunnu imedan vissa de herrar, at me fullkomliga vita, hvat me skriva, um me enn sanna at dat kunni vera skrivat tiu gángir betr." - *)

                                                    * * *

                    I 1860 drog Prahl til Utrech i Holland for aa vinna helsebot. Vaaren etterpaa (1861) gjekk han inn paa universitetet der og tok til aa studera medicin. Han tok andre-eksamen i 1863 og i oktober 1865 vart han medicinsk kandidat. I 1866-67 vart det ein kolerafarang i Holland og Prahl praktiserte daa paa den akademiske klinik. I juni 1867 tok han doktorgraden paa ei utgreiding, og arbeidde so eit aars tid i professor Donders fysiologiske laboratorium. Eit aar etterpaa vart han so utnemnt til "doctor medicinæ" (lækjar) i Utrech.

                    Medan Prahl var i Holland hadde Henrik Krohn teke til med vikebladet "Ferdamannen", det fyrste maalblad i Bergen (1866-67). Her skreiv han heilt ut Ivar Aasen si maalform. Daa skreiv Prahl i eit brev til Krohn m. a.: "Det lader til at du har bragt det vidt i Ivar Aasens norsk. Jeg fordrager imidlertid fremdeles ikke den form. Jeg vilde fremdeles som norskskrivende vælge gammelnorsken." 

                    I 1869-70 var Prahl ei tid i Berlin, og for sidan heimatt til Bergen. Her busette han seg og var handelsmann nokre aar frametter fraa 1872 umlag. Men i 1882 for han attende til Holland og hev heile tidi sidan vore lækjar i Amsterdam.

                    Jan Prahl kom soleis burt fraa heimlandet og fraa maalstrævet; men godhugen for det norske maalet hev han nok ikkje mist korso. Paa sine gamle dagar sende han heim til Bergen eit skrift som heitte: "Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin i august maanad 1665 millom ein hollendsk og ein engelsk flote". Det var nok eit gamalt skrift som han hadde funne i Holland og sett um paa norsk. I dette skriftet brukar Prahl ei maalform som er mest heilt lik den eldste formi til Ivar Aasen. Det vart prenta og utgjeve av maalmarknaden i Bergen i 1907 - mest 50 aar etter at "Hungrvekja" kom ut. 

                    Det norske maalet hev vakse i ei heilt onnor leid enn den Jan Prahl stridde for; men likevel trur eg nok at han gled seg yver den store framgang den norske maalsaki hev havt. Og me unge maalfolk vil gjerne hugsa honom og ynskjer den gamle maalmannen ein sæl livskveld.

                    Det bilætet av Prahl som me her syner fram er fraa den tid han skreiv "Hungrvekja".

                    *) Eg hev skrive av dette ordrett til ei liti prøva paa det maalet Prahl skreiv.


                    Frå For Bygd og By. Nr. 18. 3. aarg. Sundag 6. september 1914. Kristiania. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad


                     

                     

                      Olav Paulson

                      (Biografi, 1919)

                      Av Anton Aure

                      Olav Paulson vart fødd 20. september 1822 paa garden Moltu i Herøy prestegjeld paa Sunnmør. Faren Paul Olsen var plassmann paa Moltu, og han hadde sjølvsagt ikkje raad til aa gjeva sonen nokor sers skuleupplæring. I barneaari gjekk han nokre faae vikor um aaret paa umgangsskulen paa Flaavær, og han maatte sjølv ro yver fjorden naar han skulde paa skule, "fordi han sjølv endeleg vilde det," som foreldri sa.

                      Guten hadde sers gode gaavor, og ein so umettande lesehug at bygdefolket sa um honom: "Den guten vert de inkje noko av; han vil berre lese." Det var ingi framtid i slikt for ein fatig bondegut i den tidi, maavita.

                      Daa han vel var vaksen kom han paa kontoret hjaa skrivar Blakstad paa Søre Sunnmør. Det var ein annan gut som ogso søkte paa denne posten, og skrivaren bad dei baae koma til honom samstundes, so han fekk velja den han lika best. Daa gutarne var komne, ramsa han upp ei hovudrekneuppgaava so fort han berre var god for, og spurde so med ein gong kor mykje det vart. Olav Paulson var straks ferdug. "Du er min mann", sa skrivaren; og dermed var den saki avgjord.

                      Det vart ein strid skule for honom paa skrivarkontoret; for skrivaren var ein uvanleg streng og nøgjen kar. Man Paulson var ikkje den som gav seg. Han nøytte tidi so vel at han fekk auka kunnskaperne sine reint utruleg i desse aari. Han las og stræva i dei faae fristunderne han fekk og ofte bruka han natti med. Me kann faa ein liten tanke um korleis han sjølv var og korleis han hadde det i denne tidi, naar me høyrer denne vesle soga som sonen Andr. Paulson hev fortalt: "Ein gong daa eg var gut fann eg i bokhylla til far ei avskrift av Mauritz Hansens norske grammatik. Eg spurde honom daa korleis han kunde finna paa aa skriva av denne boki? Daa svara han: "Eg hadde ikkje raad til aa kjøpa boki, og so fekk eg laana ho hjaa ein annan kontormann og skreiv ho av sida etter sida. Men so lærde eg og noko av det. "Sidan hadde han alltid slik tru paa grammatikken av M. Hansen, og difor skreiv han stødt ordet "kreatur" i fleirtal "kreature", fordi det stod soleis i den boki."

                      I 1849 vart han lensmann i Bjørnør i Trondheims bispedøme. Aaret etter gifte han seg med Anna Hagerup. Ho var dotter til ein prokurator og var fødd paa Hareide paa Sunnmør. – Seinare vart han lensmann i Jølster i Sunnfjord og var der til 1860. Her i Jølster var han ogso forlikskommisær og hadde ymse andre umbod. Ein valbolk var han stortingsvaramann for Nøre Bergenshus; men han møtte ikkje paa tinget. Han var og med i ei kongeleg nemnd som skulde greida med aa gjera Flora til ladestad.

                      I 1860 vart han paa fylkestinget i Førde vald til aa vera ekspeditør i Bergen for dei eimbaatarne som fylket aatte ("Nordre Bergenhus amts dampskibselskab.") Han flutta daa til Bergen og hadde dette romet til sin døyande dag. Dei sidste aari vart han kalla "kontorchef".

                      I Bergen sat han mange aar i kommunestyret, og kom dertil med i fleire lag der han fekk mykje aa gjera. Han var soleis i mange aar med i styret for "Bergens arbeiderforening" og var utsending fraa denne foreningi til store arbeidarstemnor i Stockholm og Kjøbenhavn. Han var ogso med og skipa "Vestmannalaget" i 1868 og vart straks med i styret der. Sidan daa Henrik Krohn flutte til Sogn var det Paulson som mest styrde med laget ei tid frametter.

                      Han hadde nok lenge havt godhug for maalsaki. Alt daa han var skrivarkontorist paa Sunnmøre og for rundt i bygderne der, hadde han raaka saman med Ivar Aasen i Ørsta. Dei vart gode vener, og daa han Ivar hadde sett fram maaltanken sin, so er det greidt at Paulson maatte vera med. Og daa han kom med i maalfylkingen i Bergen, tok han for aalvor til med maalarbeid. Han skreiv daa aldri anna landsmaal etter den tid.

                      Hans Mo skriv um Paulsen [sic] i "Gula Tidend": "–Det vart Aasen si livsuppgaava, maalreisingi, som greip Olav Paulson og slepte honom aldri, elder rettare sagt: han slepte sjølv ikkje taket. – Eg hev aldri kjent nokon mann so lik Ivar Aasen i huglynde som Olav Paulson fraa Moltu. Det var den grunnmura karakteren med ryggstød i den ortodokse trudomen, men med traa etter aandelegt yrkje paa vidare umkverve; og til det valde han som Aasen vaar norske maalreising."

                      I Henrik Krohn sitt blad "Ferdamannen" skriv Paulson ymse dikt og stykke, og sameleis i tidsskriftet "Fraa by og bygs"; men smaalaaten som han var sette han aldri namnet sitt under. Det stod oftast berre ein liten 'p'.

                      I 1869 sende han ut "Lesebok i landsmaalet", og dette var den fyrste leseboki som kom ut paa norsk maal. Han skyna det var mykje um aa gjera at bondefolket fekk lære aa lesa sitt eige maal, dersom maalsaki skulde faa nokon framgang. Og her tenkte han aa gjera ei liti hjelp med den vesle leseboki. I fyreordet til boki segjer han:

                      "So lenge det danske maalet verd brukat i all skuleskipnaden paa landet, kunna me ikkje venta, at rett mange lærarar vilja bruka ei lesebok paa landsmaalet i skulen. Men daa me hava fenge ymse krav fraa landsfolket etter ei slik bok, so tenkte me, at ei høveleg lesebok alt no skulde vera velkomi paa landsbygdom. Me hava gjort oss umak med at laga denne boki so, at ho kunde høva til bruk fyre smaaborni, men mest havt den tanken med henne, at ho skulde verda til nytte fyre den vaksne ungdom og til hygge for hyslyden."

                      Daa det den gongen ikkje fanst nokor norsk abc-bok, so tek han til med bokstavarne og staveøvingar. Boki er soleis baade a b c- og lesebok i eitt. Innhaldet er mest slikt han hev umsett; men elles er der stykke av Aasen, Vinje, Krohn, Janson og Eirik Sommer. Nokre faae stykke hev Paulson skrive sjølv, og av desse kann nemnast "Kvar si gjerd" og den vesle forteljingi "Jolaftan paa Kvam".

                      I 1872 gav han ut eit lite hefte paa 6 sidor som han kalla "Gudelege smaastykke til helgarlesnad," Det var nokre smaating som han hadde sett um, og som han freista aa spreida millom bondefolket. Dei vart daa utlagde paa "bondestovorne" i Bergen, der bønderne pla samlast. Elles hadde han ofte med seg slike traktatar naar han var ute paa ferd. Sonen hev fortalt at han ein gong saag honom stikka nokre inn millom bladi paa eit hotell i Jølster.

                      I 1874 gav han ut eit nytt hefte av same slag. Det skulde nok verka paa tvo maatar desse smaastykki. Innhaldet skulde verka vekkjande i gudeleg leid, og meddi dei var paa nynorsk skulde dei og verka for maalsaki.

                      I 1882 kom "Bibelsaga" ved Olav Paulson og Hans Mo. Det var ei umsetjing av "Vogts bibelhistorie" og Paulson hadde sett um det gamle, Mo det nye testamente. Her har han daa gjort ein ny freistnad med aa setja i verk den tanken han hadde daa han gav ut leseboki: aa gjeva bondeborni skulebøker paa norsk maal.

                      Han hadde ei uvanleg arbeidskraft, og i alt godt arbeid vilde han gjerne vera med. Umframt det som fyrr er nemnt, gjorde han endaa mykje ulønt arbeid. Avhaldsarbeidet aatte og hans hug, og han var mange aar med i styret for "Norsk avholdsselskab mod brændevinsdrik". Det friviljuge kyrkjelege arbeidet til bate for fatigfolk var han og mykje med i. Men han gjorde ikje noko braak; han var stillfarande og finsleg i all si ferd, og aldri stakk han seg sjølv fram.

                      Han hadde alltid havt mange boklege hugmaal, og han let etter seg ei nokso stor boksamling.

                      Han døydde den 28de juni 1896.

                       


                      Frå Ung-Norig Nr. 4, April 1919, 2. aarg. Risør. Utgjevar Erik Gunleikson. Skriftstyrar: Anton Aure. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad


                        Sumardag! Sumardag

                        (Dikt, 1923)

                        Av Anton Aure

                        Sumardag! Sumardag!
                        Smilande fager i let og i lag.
                        Solstrålar leikar i dal og på koll,
                        blomane angar på grønklædde voll.
                        Solbjarte sumardag.

                        Sumarkveld! Sumarkveld!
                        Strålande ven i ein fargerik eld.
                        Blodraude kveldssol set skyi i brand,
                        målar eit gullfarga eventyrland.
                        Fredsæle sumarkveld.

                        Sumarnott! Sumarnott!
                        Drøymande sviv eg til eventyrslott.
                        Kvila eg fær ifrå sut og frå strid,
                        drøymer um lukka so ljos og so blid.
                        Draumsæle sumarnott.

                        Sumartid! Sumartid!
                        Fuglane kvitrar i lund og lid.
                        Kunde eg syngja av hjartans trong
                        glad liksom fuglen min høgsumarsong!
                        Gråtfagre sumartid!


                        Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1923. Side 125. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

                         

                         

                          Werner Werenskiold

                          (Biografi, 1915)

                          Av Anton Aure

                          Gamle maalmenner
                          Werner Werenskiold

                          Det er fyrr fortalt at det alt tidleg var nokre menner som tykte Ivar Aasen si normalform var for lite gamallnorsk og som difor freista aa setja upp ei maalform som likna mykje meir det gamall­norske maalet. Men det varde heller ikkje so lenge fyrr det kom upp ei heilt onnor stemna i maal­fylkingen. Det var nokre unge menner som meinte at Ivar Aasen si form var altfor mykje gamallnorsk. "Me vil ikkje ha gamallnorsk, men nynorsk," sa dei. Det var det norske maalet slik som det livde paa folketunga no, dei vilde skriva. Nokre av dei gjekk endaa so langt at dei vilde ein skulde skriva reint bygdemaal. Sume vilde taka eit einskilt maalføre, t. d., telemaal, og gjera til skriftmaal for heile landet, andre meinte at kvar og ein burde skriva sitt eige maalføre, kvarhelst dei var ifraa.

                          Dei fremste av desse bygdemaalmennene var Olaus Fjørtoft, som skreiv nokosonær reint sunnmørsmaal, Werner Werenskiold som skreiv reint telemaal, og Steinar Schjøtt som bygde maalformi si paa telemaalet. Den fyrste av dei som steig fram i bokheimen var Werenskiold. Han gav i 1866 ut boki "Salomons laas", ei forteljing paa telemaal med emne fraa "Tusund og ei nott". Namnet hans stod ikkje paa boki; men det vart snart kjent kven bokskrivaren var likevel. Endaa mannen soleis freista aa løyna seg, og boki i seg sjølv saag so skuldlaus ut, var ho visseleg likevel tenkt til eit stridsskrift. Han vilde med denne boki syna at telemaalet var heilt brukført til skriftmaal, og at ein ikkje turvte ganga til gamallnorsken naar ein vilde finna ei høveleg skriftform for nynorsk maal. 

                          Werenskiold var ein stillfarande mann, og han kasta seg ikkje inn i striden paa annan maate. Han vilde berre syna folk si sermeining i maalsaki, som han hadde vorte so glad i endaa han var baade fødd og alen i byen. Det var greidt at han maatte faa motlegg mot denne maaltanken sin.

                          Vinje melde boki i "Dølen", og her tek han sterkt til ords mot tanken um aa skriva eit einskilt bygdemaal. Han segjer m. a.: "Vignir*) har lagt for dagen god kunnskap til thelemaalet; men den, som ikki har eit bygdarmaal til modersmaal, vil knapt kunna læra seg til aa finna fram alle sereigne ord og vendingar; og jamvel den som har dialekten til modersmaal, vil taka eit og annat imist, naar han ei lengre stund har voret burte fraa si bygd; for der er so mange serskilde talemaatar, som jamvel ofte kunna vera urette efter landsmaalets sanne tanke, at det er mest raadlaust aa læra slike spraaklege paafund og grillor, og om du eingong har lært deim, so gløymer du deim snart og seter spraakrette istaden. Jamvel thelemaalet som er eit so godt maal, har mange slike "idiomer". Og dette var ikki den minste grunnen til at eg ikki tok thelemaalet, men det meir aalmenne landsmaal."

                          Dessutan held han fram at det er so vandt aa skriva eit bygdemaal rett; der er so mange "ureine vokalar og omskapte konsonantar." Dette kan vera forvitnelegt nok for vitskapsmannen; men det høver ikkje i eit aalmannamaal. "Dette aalmannamaalet bør, som eg eingong har sagt, vera ein generalnevnare for alle dialektbøker." Berre paa den maaten kunde ein faa alle med paa det. Likevel meiner han at det kann gjera si nytta at dei ymse meiningar kjem fram, og han er glad for at ein so dugeleg mann er komen med i laget.

                          Tilslutt segjer han: "Vignir er likeins orthophonist eller skriv ordet slik som det verdt uttalat. Dette gjerer og maalet hans ukjennelegt, før du kjem i vane med det. Og dette er etter "Dølens" meining likso urett som aa halda seg til eit einaste bygdarmaal. Ordet skal standa der paa prent i si sanning, som ingen kann vrida eller vrengja burt, og so kann daa kvart bygdarmaal leggja si uttala og si afstytting paa det. Det maa vera den hatten som alle hovud kunna ganga inn under."

                                                              * * *

                          Werner Nilsen Werenskiold vart fødd i Drammen den 22de april 1831. Far hans var fyrst skipskaptein, men vart sidan tollmann i Sponviki attmed Fredrikshald. Guten vart sett i skule i Fredrikshald og vart student med laud i 1849. I januar 1855 tok han juridisk embætteseksamen, men fekk berre haud, og difor gjekk han upp att aaret etterpaa og fekk rein laud. Han var sakførarfullmegt i aari 1854-56, var sidan kopist (skrivar) i kyrkjedepartementet, og var fraa 1864 til 1865 kontorstyrar i Kristiania fatigstyre. I 1878 fekk han seg arbeid i finansdepartementet, og i 1883 vart han kongeleg fullmegt der. Han hadde daa aa styra med skogsakene, og daa desse i 1895 vart flutte til indredepartementet, so flutte Werenskiold med, og var sidan der.

                          Werenskiold gjekk soleis den vanlege departementsvegen; men han var ikkje berre departementsmann. Umframt kvardagsstrævet fekk han ogso tid til aa driva med boklegt arbeid og aa skriva i bladi. Han var uvanleg kunnskapsrik og hadde store gaavor i filosofisk og matematisk leid.

                          Alt i 1866 gav han ut fyrste boki si "Salomons laas", som fyrr er umtala. Umframt sjølve forteljingi hev boki eit etterskrift um maalet. Her segjer han og fraa at meiningi med boki er aa læra folket aa vyrda sitt eige maal og halda paa det. Tilslutt hev han i eit tillegg teke med eit par folkevisor or Bugges og Landstads samlingar, so lesarane kann jamføra hans maal med maalet i visone.

                          I 1867 fekk Werenskiold og ein flokk andre frilynde menner istand bladet "Vort land", som serleg skulde strida imot unionspolitikken til Fredrik Stang og prof. Aschehoug. Dei mennene som no stod saman um dette bladtiltaket var helst slike som hadde samla seg um Vinje. Difor hev dei ofte vorte kalla "Døleringen". Det var Werenskiold som i røyndi styrde "Vort land"; men Vinje let "Dølen" verta ein part av bladet; han "budde i kjellaren" som han sjølv sa. Sjølve bladet var for det meste paa dansk; men "Dølen" var norsk som han hadde vore. Werenskiold skreiv fleire gode politiske stykke i bladet; men elles la han seg ikkje mykje upp i striden. Han fekk likevel stor inn-verknad paa deim han kom saman med. Dei andre som var med i "Døleringen" umframt Vinje og Werenskiold var: professor Ernst Sars, J. E. Nielsen (sidan sorenskrivar), Hans Ross, H. E. Berner (sidan borgmeister i Oslo), Carl Berner (sidan stortingspresident i lang tid), ekspeditionschef i finansdepartementet J. C. Krogh, professor Ossian Sars, cand. teol. Frits Hansen og skulelærar Olav Flaaten.

                          "Vort land" fekk ikkje nokon lang livedag. Bakstrævet var ovsterkt i den tidi, og bladet var so frilyndt at det laut slutta daa det var halvaarsgamalt. Werenskiold var sidan med og gav ut landsmaalsbladet "Andvake" (1871), og her skreiv han eit og anna paa telemaal eller normalisera telemaal.

                          I 1871 gav han ut ei ny bok paa telemaal. Det var "St. Johannes Evangelium i Bygdemaal fraa Vestre Telemarken". I denne umskrifti hev han halde seg til bygdemaalet i Vinje og Mo prestegjeld, segjer han i fyreordet, og han hev fylgt uttalen so godt det let seg gjera. Men nokre einskilde smaaord hev han skrive i landsmaalsform til aa letta lesingi. Soleis skriv han "er", "var", "vil", "til" i stadenfor "e", "va", "vi", "te". Dette var ein forvitneleg freistnad som nok vart forlite aatgaadd.

                          Werenskiold var ogsaa med og skipa "Det norske samlaget" i 1868, og han var mest alltid med paa møti der. Han sa ikkje stort; "men han var no liksom midmannen i laget likevel, og det var stor saknad naar han var burte. Dei hadde slik vyrdnad for lærdomen og tenkjingi hans, og dei lydde vel etter naar han blidt og hyggjeleg kom med sine innlegg og rettleidingar. Det var liksom saki var avgjort, naar han hadde tala." (Prof. H. Koht i "Syn og Segn" 1908).

                          Umframt det som fyrr er nemnt skreiv W. ymse ting paa telemaal i "Dølen" 1868-69 og i "Fedraheimen" 1877-79. Av det som han skreiv i det siste bladet kann nemnast ei forvitneleg umsetjing av Virgils messias-song. Desutan skreiv han ikkje so lite paa dansk; soleis ei utleggjing av fatiglovi (um heimstadretten) og lærebøker i heimssoga, kyrkjesoga og Norigs soga. Men han var alltid so smaalaaten, so han sette mest aldri namnet sitt paa det han skreiv. Jamvel paa dei nemnde lærebøkene brukte han eit løynenamn (pseudonym).

                          Han hadde alltid slik hug for det løyndomsfulle, og dette var vel grunnen til at han paa seinsten gjekk yver til den romersk-katolske kyrkja. Han fekk daa av paven Leo XIII ein orden: "Pro Ecclesia et Pontifice".

                          I 1897 tok han avskil fraa fullmegtposten i departementet, og 20. oktober 1908 døydde han. Han livde einsleg heile sitt liv, og det var vel ikkje rett mange som fylgde honom til gravi. Men me vil minnast den stillslege, smaalaatne mannen fordi han gav maalsaki heile sin hug.

                          - - -

                          *) Vignir var det løynenamnet W. brukte paa denne boki.


                          Frå For Bygd og By. Nr. 2. Sundag 24. januar 1915. 4. aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad


                           

                           

                            Anton Magnus Aure

                            Anton Magnus Aure, boksamlar og bibliograf som på vel 20 år bygde opp ei eineståande samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt.

                            Anton Magnus Aure
                            Anton Aure

                            Anton Magnus Aure, boksamlar og bibliograf som på vel 20 år bygde opp ei eineståande samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt.

                            Aure var fødd i Fræna 15. januar 1884 og døydde 18. juli 1924. Han tok utdanning i Volda og blei statsstipendiat i 1919. Før han hadde fylt 20, tok han til å byggje opp ei privat samling av alt som var trykt på nynorsk og dialekt. Dette resulterte i Nynorsk Boklista. Skrifter i bokform på norsk – bygdemaal og landsmaal i to band 1646–1915 (1916) og 1916–20 (1921). Bibliografien inneheld over 4600 titlar på meir enn fire sider i dette lange tidsrommet.

                            Aure gav ut fleire mindre oversynsverk og skipa månadstidsskriftet Ung-Norig i 1918.

                            Han døydde av tuberkulose i 1924. Det Norske Samlaget kjøpte bok-, autograf- og brevsamlinga hans året etter og deponerte samlinga først på Universitetsbiblioteket i Oslo, frå 2002 i Ivar Aasen-tunet, heile tida under namnet Norsk boksamling.

                            I åra frå 1925 til om lag 1980 supplerte Universitetsbiblioteket samlinga med nye bøker på nynorsk og dialekt. Berre av aviser og tidsskrift inneheld Norsk boksamling over 2200 årgangar. Talet på bøker er stort, men ukjent. Norsk boksamling inneheld truleg nær 1000 titlar som berre finst i dette eine eksemplaret ved norske bibliotek.

                            Ottar Grepstad

                            Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no