Bu

(Dikt, 1916)

Av Olav Aukrust

Vegen var gådd.
Varden var nådd.
Der kjende eg sæl,
der skyna eg vel:
Mitt liv må eg liva i kjærleik og tru. 
No vil eg min vegen til bygdar att snu. 
Eg vil byggje min fridom eit bu.

*

Ikkje hus eller hytte,
hall eller horg.
Ikkje attlæst kloster,
slott eller borg. -
Ikkje byliv med gatur og torg.

Men mot himlen ein blånande
rein katedral, 
med spir upp mot stjernur
i titusundtal,
og med tropp upp i fager spiral.

Ifrå hjartans grunn,
gjenom draum og mystik,
strøyme lovsongen rein,
rise lengsels gotik,
råde kjærleikens eigen logik.

Eit upplyst tempel: 
eit kjærleiks-sinn, 
der gjevande geislar 
går ut og går inn 
med trui som vågar og vinn.

Ikkje rikdoms trå 
i fortærande jag,
men nøgd med Guds nåde 
som ny gjev kvar dag 
eit strålande riddarslag.

Ikkje armodi myrk, 
ikkje trældomsliv. 
Men ein friviljug fatigdoms 
fritt gjevne liv, 
ja, eit åndelegt fjellbu-liv.

 


Frå Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad


 

 

 

    Det haustar

    (Dikt, 1908)

    Av Olav Aukrust
     
     
    Når tankan' ut att stundar,
    når fuglan' tek til morgne seg
    og alle burt seg skundar,
    då gløymest sjølve eg
    som att sit hugsefullog stur
    og lid det, alt, og einsleg bur,
            til soli glar
            og blåsten bla'r
    i visne lauv som kveldsvind plar,
    - då trår dei heim umsider,
    og kjem ved midnattstider,
     
     
    Dei ty'r til fred og frelse
    frå alle ville vegar inn;
    eg mun so fjåg deim helse:
    Velkomne heim til min!
    Då gjerest blankt eitbål i stand,
    og alt som ut um dagen rann:
            kvart minste sviv
            som naut sitt liv
    på eigi hand, i elden driv,
    - av det eg nyt og nærest
    som ikkje då fortærest.
     
     
    Hev tankan' heim seg drégla
    - den lange leid, den kyrre kveld ­
    og røynde er og spegla
    av sjølve meg som held
    min samvitspegel i mi hand,
    då løysest stillt ein båt frå land:
            or likhams grav
            då ber det av
    ut i det strie allheimshav,
    og ljos ikring meg fløymer,
    og æva mot meg strøymer.
     
     
    Då kann meg dagsens bulder
    og Babels virrvarr ikkje nå,
    meg ingor heks og hulder
    i dragsóg-fanget få.
    Då renn det ljon og stjernerap,
    då fyller glans Ginnungagap,
            i ljos eg flyt,
            og sæle nyt
    eg då, til dagen fram att bryt
    og sogen ned til mannar
    mi naud på nytt eg sannar.
     
     
    Der draumefolket landar
    - i denne stille hamneby ­
    forkjemst, når båten strandar,
    ein heilag kyrkjelyd:
    kvart minne frå ei onn or verd
    so veikt, so veikt med vengen slær ­
            til innelæst
            min draumen brest
    ja øydest ut til siste rest,
    når du svell upp som svik meg:
    for deg og dagen vik eg.
     
     
    Sjå du er eg dei mange;
    men eg er eg den eine, eg,
    som vil di mangfeid fange
    og tvinge under meg:
    med kvar ei rørsle som du gjer,
    um meg eit heilagt vitne ver ­
            til kvar di bragd
            er strålelagd
    av sanningi som deg vert sagd
    med kjærleiks englemæle
    til løysing, liv og sæle.
     
    Forklaringar:
    Til min: til meg.
    Drégla: dregen, slept.
    Likhams: lekam.
    Bragd: måte å gjere noko på, maner, skikk, vesen.
     
     

    Frå Solrenning, 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
     

      Det haustar

      (Dikt, 1916)

      Av Olav Aukrust
       
      Isvatn siklar i is og stein.
      Ut i kviturdi stor ligg grønmorkne bein.
      Det bløder og bleiknar i rust og raudt.
      Det susar og syng so einsleg og audt.
      Som einslege foss inn i fjellom.
       
      Det hev kasta n'i hø. Det er grugge og grått.
      Det haustar i fjell; det er gyrme og vått.
      Som ein sinnsjuk flokk det krøkjer og kryr
      med rotnande fjellbjørk burt over ei myr;
      ein flokk av livande daude.
       
      Ut i hør og heim, inn i gråe fjell,
      der regnskoddi sturer mot seine kveld -
      der nord og ovanfor vindstilt - -
      der hustrar og græt det so hugilt, -
      det grin nord i Jyrudalshø.
       
      *
       
      I regnvêret mugge og moe
      sturde ein einsleg noe.
      No, det hev klårna, gusten
      sit han der; hyven og hustren
      gjætl'-guten brenner høgt upp i hø.
       
      Djupt nede ser han haustklåre straum.
      - Løyndomar dormar i dimme draum -
      som skrinlagde lik, som skræmer med liv,
      dulde minne i hugen sviv,
      bråvekte, kløkke og vàre:
       
      På sletta ved elv ligg ein huldregard -
      burte er alle som fyrr der var.
      Ein fugl sat på ruta: mannen var feig.
      So brende dei likhalm, og røyken steig
      høgt i den blånande haustdag.
       
      På sletta ved elv ligg ein stor, svart stein.
      Innunder der ligg det morkne bein &
      Bærlikamp trugar med Bærlikamp-otte -
      der heng att meir enn det ned hev dutte.
      Der tyngjer ein gamall spådom:
       
      Blakke hestar og svarte hingstar
      styrmer nedunder og ris og vrinskar
      - solrøyk skjelv i den soldag varm -
      brur og bru'gom sit høgt i karm.
      Då skal Bærlikamp dette ned.
       
      *
       
      I jøtulgryta ved fossedunder,
      der elvi fjøyskokar djupt innunder
      - haustnatti gaper so stor og still
      der susar ei munnharpe, mjuk og vill,
      og tyngre, og mjukar', og villar'.
       
      Munnharpa vesle spelar det på,
      det leikar seg fiskar i bylgja blå,
      det skjelv i kløkkaste livsens merg,
      og rovfugl óìrnar i blåe berg;
      og steinveggen kløkk i sitt klemstre.
       
      *
       
      Ei underleg verd deg i skogen møter:
      mark-vegar inn gjenom morknande røter,
      - hestmaur og sleipe og skval av my,
      og trollkatt-smør og trollkjerring-spy
      på vindfall langt inn i skogen.
       
      Og bleikraude staup og blaute soppar
      med regn som draup i dei gule koppar;
      sopp syg væte på gisten ved
      og mjuke skåler på gamle tre, -
      likbleik står skogen og bløder.
       
      *
       
      Det klårnar i høgdi. Sjå skoddi sig.
      Hanen, han gjèl. Og røyken stig -
      det er uppljost att no! Det var regnvêr i går.
      No tykkjer eg dagen so signa klår.
      September med storklokkom kimer.
       
      Det stilnar. Det bleiknar og blånar.
      Det haustar. Det kyngjer og klårnar.
      Himmelen kvelver si krystalskål,
      storstilla ly'er, blånande klår -
      september med storklokkom kimer.
       
      So fredt og lydt. Og so haustklårt og stilt.
      Grønbleike reinune lyser so blidt
      mot gulnande åkrar. Tagall og stur
      bringen bleiknar ved røys og mur,
      og lauvskogen gulnar i lidom.
       
      Grøver skjèr seg veg gjenom skard,
      gjenom djupe, jarnsvarte grova-fàr.
      Som i gravrust sylvådri skir og kvit
      dei skin nord i lidom og lyser hit,
      som upprusta, nyslipte ljåar.
       
      *
       
      Elvi flyt still under bergvegg.
      Upp-ivi heng rogn og trollhegg.
      Rogni luter sin blodbær-krans;
      elvi flyt bleikgrøn i geisleglans. -
      Og blodlyng bleiknar i lidom.
       
      Um sinnsjuk jomfru i gråtblind draum
      syng ut i hausten den elvarstraum.
      - Mjukar enn vanvit er kjærleiks draum.
      På botnen eg øygner i klåran straum
      gule og kvite steinar.
       
      *
       
      Elvi dundrar i gìl og strype,
      det ryt i klemstre, det gjèl i klype. -
      Bærlikamp trugar med hoggande hand.
      Flå-kinn flyg bratt imot himmelrand.
      Og bergosp ringlar i høge kinn.
       
      Einsleg um alt - heng bergosp i kinn,
      ringlar i fjellgust og morgonvind,
      krøkt og kne-høg, gomol og grå.
      - På berg upp i baklid stur seg eg stå
      ei utlivd og burtgløymt ly'u.
       
      *
       
      Det er uppljost att no! Det var regnvêr i går.
      No tykkjer eg dagen so signa klår.
      Det blånar i høgdi; sjå skoddi sig.
      Hanen gjèl. Og kveldsrøyken stig.
      Kvelden tøygjer og tagnar.
       
      Brandane dett som frøsande ormar.
      Eldmyrja liver. Glohaugen dormar.
      Det tindrar og tandrar, det styrmer og krèk:
      fager bru'hop ikring gryta rèk. -
      Det er kveld-vàrt og natt som stillast.
       
      Sælt det er i den stille kveld
      koma heim or dei ville fjell. -
      I det store skil millom natt og dag,
      når klokka ringjer dei midnatt-slag,
      då vert det natt som stillast.
       
      Når det nemner seg, alt - ut i odd og klo,
      so det einskilde kvitnar som kvitglødde glo -
      når det røyver seg djupar enn røter i berg -
      når det kløkk i vàraste livsens merg,
      då er det natt som stillast.
       
      [Red. merk.: Diktet vart første gong trykt i Den 17de Mai 27. oktober 1908, då i ei litt anna form. Det var første gong eit dikt av Aukrust stod på trykk, skriv Ørnulf Hodne i Norsk Biografisk Leksikon, band I, 1999. Diktet står i samlinga Himmelvarden (1916).]
       
       

      Frå Olav Aukrust: Dikt i samling I. Gyldendal norsk forlag, Oslo 1942. Side 18-23. Elektronisk utgåve 2004 ved Nynorsk kultursentrum

       

        Fan sette dansen

        (Dikt, 1965)

        Av Olav Aukrust

        Fan sette dansen i helvite ein gong,
        han Gamle-Eirik dansa, so knivslira slong.
        Fan var spræk i dansen, og Styggen like so,
        Hinmannen, stakar, var gamal vorten no.
        Fan spente taket, og Styggen dansa stilt, -
        Hinmannen hinka, det gjorde honom ilt.
        Bestemor åt Satan innpå eldsmålet braut,
        oldemor åt Satan låg i sengi og raut.
        Fan la på pipa og kveikte med ei glo,
        mor hans sat i sæte og munnharpa slo.
        Gamla slo horpa, so det serra og song,
        Satan han dansa, so sokkebandi slong.
        Helvitlogen lyste både gul og grøn og raud,
        gamla slo på horpa, so det serra og saud.
        Han Gamle-Eirik blistra ein vindflogu-slått -
        og no losna dansen i helvite brått.
        Styggen vart styrlaus, og Fan tro i golv -
        Styggen dansa halling, so helvite skolv.
        Då vakna den gamle i sengi med eitt -
        han Gamle-Eirik tagna, og Satan vart sveit.
        Ho riste seg i ragget, då banna ho stygt.
        Då vart det i helvite hoggande stilt.


        Red.merk.:
         Leif Mæhle, som redigerte den posthume samlinga Skaldespor, skriv i ein note at det finst utkast til diktet i ei kladdebok som tyder på at diktet er frå ein svært tidleg periode.


        Frå Skaldespor, 1965. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
         

          Hjartans djupaste lengsel

          (Dikt, 1923)

          Av Olav Aukrust

          Hjartans djupaste lengsel brenn
          i myrkret med natt mun lide.
          Men ljuvleg er det når soli skin,
          då raknar so mang ei kvide.

          Redd gjenom natti eg Rimfakse reid,
          og burte var stjernor bjarte.
          Då rann det sol over helut hei,
          då rivna natti den svarte.

          Skinfakse reid eg, og jordi skein,
          og alt som på jordi drøymde,
          blomar og hjarto og klaka stein,
          og gleda or augo fløymde.

          Jordi sprengde sin drake-ham,
          eg tykte ho skein forklåra
          og sumde som skinande svane fram,
          ja, frigjord og sigers-kåra.


          Frå Sangbok for norsk ungdom ved Mads Berg og Rasmus Stauri. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1923. Side 364-365. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad
           

            Lengsel under alle lengslur

            (Dikt, 1930)

            Av Olav Aukrust

            Lengsel under alle lengslur,
            du er einsleg, du er ein.
            Du som trassa r alle trengslur,
            einfengd du og liljerein
            låg og livde djupt i hugen
            som den løynde lauk i skogen
            medan mang ei lauva grein
            braglande i dagen skein.
            Mange heite grytur kolna,
            mange brikne greiner grisna,
            mang ei småblømd ovring folna
            mangblømd burt med blad som visna,
            medan du idalar døkke
            næring saug av sol og jord:
            holken brast, og til din kløkke
            klokkeblome blank og stor
            kviskra vinden: Sving og kim!
            Klåre klokke, ring og kim!
            Kim i alle kyrre skogar,
            ring og kim for alle hugar,
            kim i bleike, frosne lundar,
            kim for kvart eit liv som stundar.
            Kysst av Himeriks Aurora,
            morgonblank, med gråt i auga,
            skin du, lengsels uniflora,
            i dei fyrste geislar lauga.
            Lengsel over alle lengslur,
            fager er di blømingstid:
            Opp or kjellarmyrke trengslur
            stig du no med krona fri.


            Forklaringar:
            Einfengd: enkel.
            Braglande: blussande, glimrande, prangande.
            Brikne: prektige, friske.
            Grisna: tynnest.
            Folna: visna, svann bort.
            Kløkke: mjuke, spede.
            Geislar: strålar.

             


            Frå Solrenning, 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

             

            Lengsel under alle lengslur

              Mot dag

              (Dikt, 1916)

              Av Olav Aukrust

              Fyll mit hjarta med heilag song,
              fyll min hug med heilage tankar.
              Gjev meg næring kvar naudstadd gong,
              styrk meg kvar helst eg vankar.

              Gjev meg det som eg djupast treng,
              truskap på vågsam veg gjenom verdi.
              Kjærleiken lyfte sin engleveng,
              fylgje min vilje på ferdi.

              Lat meg få leite i sorgfull lyst
              og lyfte or djupet den skire skatten.
              Gjer meg alt meire og meire tyrst,
              læk meg med livsens vatn.

              Upp du lyfte min kjellarlem -
              no fløymer di sol over blomar bleikte.
              Takk for di eg kjenner du kjem,
              takk for at ljos vert kveikte.

              No mot den blåe, strålande dag
              stryk du skoddi frå fjell og tindar.
              Otten min kverv for ditt andedrag
              som eimar for morgonvindar.

               


              Frå Himmelvarden, 1916. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad


               

               

                Olav Aukrust

                Olav Aukrust var ein viktig lyrikar i mellomkrigstida. Med dei tre samlingane Himmelvarden, Hamar i Hellom og Solrenning skapte han ein høgromantisk syntese av folkelege, nasjonale, og mystisk-religiøse element.

                Olav Aukrust
                Olav Aukrust

                Olav Aukrust var fødd 21. januar 1883 i Lom og døydde 3. november 1929 i diktarheimen Lyvjaberg på heimegarden. Han tok lærareksamen i Elverum i 1906, studerte eit år i Kristiania og arbeidde som lærar i fleire skuleslag. Frå 1910 var han lærar ved Østfolk folkehøgskule på Mysen, frå 1913 til 1915 rektor ved Gausdal folkehøgskule og deretter ved Dovre folkehøgskule til 1917. Resten av livet freista han å livnære seg som diktar. Han fekk diktarløn av Stortinget våren 1929, men døydde same året.

                Debutboka Himmelvarden på nesten 400 sider og skildrar ei religiøs erkjenningsreise gjennom eit fjell-landskap. Naturskildringane fangar opp ekko både av romantikken sine førestellingar om folkeånda, dekadansen med si vektlegging av død og undergang og trua på nasjonal og åndeleg atterføding i Grundtvigs og Steiners ånd. Samtidig går dikta i dialog med nasjonale kjernetekstar som Draumkvedetog, Wergelands Skabelsen, Mennesket og Messias. Med Hamar i Hellom tek Aukrust for seg den folkelege kulturen, med humoristiske og krasse skildringar av bygdelivet, og med ein hovudtanke om at det beste i lokalkulturen skal reinsast og lyftast opp til universelle verdiar.
                Då Aukrust døydde av slag i 1929, låg det att eit nesten fullført manus til Solrenning. I denne boka følgjer han opp den religiøse problematikken frå Himmelvarden, og han både presenterer og drøftar religiøse openberringsopplevingar.
                 
                Jan Inge Sørbø
                 
                Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no.