Dei dyra byttene

(Lesestykke, 1901)

 Av Anders Askevold

 

Me siglde inn fjoren mæ ein fin'e byr'e, kom inn, aa fekk utrette da me vilde. Tre-vara fekk me te skjikks, skjepa baaten aa la ut atte paa heimveien. Men so blés han upp mæ ein vestavind'e, aa me rodde aa sleit so hjartelæ utigjønaa paa dinne ladde baaten, atte eg fór te kjenne blo-teven i munn'a. So vann me oss ut unde nese aa la baaten atte-mæ nokre naust.

Me bisna paa dittene her, atte dar va so mykje baata ne-mæ landa: ka ditte kunde ha paa seg. So betøygde me baaten so best me kunde, aa gjekk uppigjønaa veien aa dreiv att aa fram fy moro skuld, mæa vestavinden gjurla aa blés. Dar vart me vare so mykje folk, so rak uppe i tuna, aa daa fekk me høyre atte lensmannen va dar paa gar'a aa heldt aksjone. Me hadde oss daa inn i staua, me og, aa lydde paa, aa dei sette no fram maangt so vart kjøpt, so eg ikkje brydde meg viare um; men so kjeme dei fram mæ eit par bytte. Dei va kje nett nya, men da va sterka, goa bytte; aa so tenkte eg mæ meg: ja ditta va no mest da einaste eg sku ha hug paa; fy me æ forkomne fy bytte heime. So bau eg paa byttene aa fekk te-slagje fy 12 skjilling; aa da va dei væl væra.

Men so va da no desse skjillingane so sku betalast. Da va kje nett nokin so fór imyljaa, so eg fekk skjikke dei inn te lensmanna, aa soleisene forfórst dittene her aa vart reint avleidt. Ikkje kunde eg fare inn eins ærend helde, slike laang'e aa obesværlæ veg'e, mæ dei 12 skjillingane; da va raalaust, da. Eg tenkte no da og, atte da sku kje ha nokin faare; men so va da ein kveld eg sat aa putla mæ eitkvart upp-i tuna, so kjeme dei sendande, han Lars aa han Jens Askveld, eins ærend fraa lensmanna, aa stemnde meg te kommisjons. Eg vart so ovadottin, eg va kje go te seie eit steinandes or - so dei herme ette kall'a: da fyste eg sa, da tagde eg still'e. Nei, eg hadde ikkje trutt atte lensmannen sku ha vaa so ittegaaig'e mæ meg; han fér'e ofte imyljaa, aa eg ha tykt da ha vaa ein skaplæ mann aa ein gjemeine mann i alle maata, so eg hadde slett ikkje trutt ditte te haanaa; - men dar ser me.

Aa ja, eg laut no love atte eg sku fare ne paa kommissjonen, naar tia kom; aa da hadde eg no vel gjort og; men so trefte da so meinslæ te nett den maaraaen eg sku fare, atte han saag ut te verte brigde paa veire. No hadde me noke torv liggjande bort-paa øy'ene, aa da va so godt turt, atte me laut ha da te husane. D'æ no so bedrøvelæ mæ ditta veira; æ han upplyse eine daen, so he du aalvæta yve deg hin daen atte, aa torve, da laut me bjerge. Dar æ no so nauelæ skogalaust dar borte paa landa; dify lyt'e me hjelpe oss mæ torv, so me skjer'e i myraa aa stolpa upp aa tonna i sol'ene. So balte me aa føre torv mest heile daen, aa soleisene fekk eg ikkje fare. Men eg tenkte itte da sia: kanskje eg va slysin dinna gongjen.

Men da va no gjort so gjort va; dar va kje onnor raa, eg fekk bie aa sjaa kor da vilde lage seg. Jau, her da lei fram-ette, her kom dei aa stemnde meg te tings. Daa fór eg te aa verte rædd'e, aa eg sette meg da so visst fyre, atte eg sku ha meg ne paa tingje, enten da no va so elde so. Eg sette spildrande nytt drag unde baaten, skauta aara aa sette nye hamle-via i, aa kjeringja hadde bakt raspeballa aat meg aa stelt te baa niste aa' klæ i alla maata, so eg va spent færige. Ditta va ting-afta. Gjilde aa gla va eg yve ditta; hadde faatt namn te tobak i pipa mi, aa gjekk ne aat sjøna.

So kom dar burt-unde land ein baat'e, aa eg stogga aa vilde sjaa kven da va. Jau, so va da ein passjonerare so kom taa damp'a aa sku nor i verkje. Mannen va nauige aa vilde so gjenne ha ein skjyss-kar te. Dar kann du tene ein litin skjilling, tenkte eg, spraang upp i garen itte trøy'ene mi, aa so drog eg mæ dei i skjyss innigjønaa. Da va so mi meining, atte eg vilde komme heimatte naar da lei paa natt; men daa me va framkomne, so spore eg den tiend, atte dei ha vaa um aa kasta litevetta sild paa hi sia aat fjoren. So rann da i meg, atte eg sku la hine reise atte aa laane meg ein færing aa likke burt-unde, prøve um eg kunde faa meg namn te kokesild. Eg so gjore. Dar fann eg folkje, sa mi ærend, aa atte eg va nauige, fy da eg sku ne paa tingje. - «Ja, ein va kje kvit'e so drog dar ne no,» sa dei; «no her æ so mykje-godt mæ sild unde land. No ska almuen ne paa tingje te storkaraa, aa so mysse folkje meir fy mindre: silda ho dreg'e te havs, fyrr dei kjeme atte. Nei, gje no du deg te her paa not'ene mæ oss. Du ska sjaa du aanka kje paa da.» - Eg va gotruin aa lét meg yvetelje. So balte me aa kasta heile natta aa framette maaraaykt'ene; men silda, ho vart lita, ho. Aa ja, me fekk no so mykje me kokte; men da va kje te noka hjelp, soleisene.

Men daa faar eg seie eg va kje høghjarta, eg fór ut atte mæ landa. «Kven veit, ka ende dittene ve take,» tenkte eg mæ meg; «ditte vart meg nokra mølæ bytte. Eg va te-fress eg aldri hadde sétt dei.»

Eg gjekk heime aa grubleserte yve ditte, ka dei no vilde finne paa mæ meg, aa da varde ei stund likevæl, fyrr eg saag noke te dei; men daa dei so kom, daa kom dei so fagna kara. Jau, den reisa, daa tok dei aa panta meg. Jamenn tok dei beste kjyra mi!

No æ da so mykje eg he vaa go te klarere alt-samma, aa no æ byttene betalta. Da vart meg nokre dyra bytte: dei byttene kom meg paa halv-sjauende dale.

Men no hitt folkje, maa vete, no he dei dittene te glis aa laatteløie. «Du æ same toskjen so du he vaa, du,» seie dei. Aa dinne Siverten, jagtefyren, da lest no væ ein slik'e greive, maa vete, han æ framme mæ slengje-oraa sine: «da va no di lukke, du fekk in torve ditt, so du kunde ha noke te koke silda di mæ,» seie han. No va han den so mest talde meg te, eg sku gje meg yve aa væ mæ paa not'ene den reisa. Ja da va nett han so sette hine paa raaka; aa da atte han ska komme mæ slike split-yre atte-paa, da tykje eg æ so skjemdelæ.

[ Notar:]
munn'a, øy 'ene o. s. fr.: dat. sing.
væra: verde.
forfarast: «forfalde», taka skade.
avleidt; avdrygt (utsett).
ova(n)dotten: «him­melfalden», forbauset.
vaa: vore.
tonne: torna, tørre.
fare til: taka til, byrja.
likke: lidka («lirke»).
mølæ: mødelege.
fagna: gilde (iron.)
den reis'a: den gongen.
lest: lætst (gjev seg ut for, «lader som»).
talde (av telja) til: tilraadde, tilskynded.
raak: spor; veg (gangsti).

Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

 


 


 

    Anders Monsen Askevold

    (1834-1900). Frå Askvold i Sunnfjord, døydde i Düsseldorf. Son av lærar og stortingsmann Mons Andersson Askevold. Målar.

    Anders Monsen Askevold
    Anders Askevold
    Kom 13 år gamal i teikne- og målarlære hos Hans Leganger Reuch i Bergen. Studerte 1855-58 under professor Hans F. Gude i Düsseldorf. Utdanna seg 1861-66 i Paris som ”dyremålar” under inntrykk av Troyon og Rosa Bonheur. Budde lenge i Düsseldorf, men kom kvar sommer heim til Noreg. Blir rekna som ein av dei fremste norske romantiske målarane frå ”Düsseldorfar-skulen”. Mest kjend for romantiske skoglandskap med kyr, og Vestlandsfjordar med dampbåt og jekter på fjorden. Var arkitekt for Askvoll kyrkje, måla altartavla i Askvoll (1859), Solund (1860), Brekke (1862), Dale i Sunnfjord (1864), Kaupanger (1865) og Kalvåg (1865). Representert i Nasjonalgalleriet, Bergens Billedgalleri og Trondheims Kunstforening. Var medlem av Vestmannalaget. 

    I 2013 gav Selja forlag ut boka «Anders Askevold – vestlandsmålaren», forfattar Thor Warberg.


    Ottar Starheim

     

    Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne. Les heile artikkelen på Allkunne.no