Henrik Angell

    (1861-1922). Frå Luster i Sogn. Offiser. I ungdomen idrettsmann og friluftsmann.

    Henrik Angell
    Henrik Angell
    Vart målmann etter å ha høyrt Bjørnsons åtak på målrørsla i 1899 og lærde seg å snakke og skrive landsmål. Reiste gjennom Montenegro i 1893 og skreiv "Gjennem Montenegro paa ski" i 1895. Var ein god teiknar, og var mellom dei første som heldt foredag med lysbilete her til lands. Melde seg til Framandlegionen under første verdskrigen, og var etter krigen med på den allierte herferda mot Russland i Karelen, der han fekk varig helseskade.

    Gav m.a. ut "De sorte Fjeldes Sønner" (1896), nynorsk utgåve "Svartfjell-Sønerne"  (1898), "Kaptein Jürgensen og Leirdølerne hans" (1901), "Fortællinger fra Grænsevagten" (1905), "Forbrydere" (1906), "Stene som taler" (1906), "Norsk skilauparsoga : øystredølarne" (1908), "Skotteferdi" (1912), "Eit lite folk i strid for livet : soldatar-sogor fraa Serbia" (1914), "Syv-aars-krigen for 17. mai, 1807-14" (1914) og "Frankrikes søner i vaapn og strid" (1918). Skreiv  også gutebøker, m.a. "Kjække gutter og gjenter" og "Skrællinger og vikinger på Bygdøy".