Olaus Alvestad

Peder Olaus Alvestad, songbokredaktør og folkehøgskulelærar, som laga ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet.

Olaus Alvestad
Olaus Alvestad

Alvestad var fødd på Hildrestranda 21. januar 1866 og døydde 12. oktober 1903. Han tok lærareksamen ved Asker seminar 1888, og saman med Lars Eskeland skipa han Voss folkehøgskule i 1895. Der arbeidde han til 1902, kjøpte avisa Hordaland saman med Lorentz Nybø i 1896 og redigerte avisa til 1903. 

Alvestad gav ut Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslagi 1898. Det blei ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet, trykt i over 130 000 eksemplar dei første tretti åra, med ny utgåve seinast i 1998.
 
Artikkelen er trykt med løyve frå Allkunne.