Edvard Alme

Psevdonym for Edvard Germanus Johannessen (1848-1922). Fødd i Bergen. Forretningsmann og bokmann. Kontorsjef hos A/S Sundt & Co. Med i Vestmannalaget frå det vart skipa i 1868, formann 1879-1908. Redigerte Fraa By og Bygd frå 1879.

Edvard Alme
Edvard Alme
Under psevdonymet Edvard Alme gav han ut fleire omsetjingar: "Fyrste Akten or Kaupmannen i Venezia" (1905), Goethes "Hermann og Dorothea" (1903),"Ein Flokk Shakespeare-Sonnettor" (1918), "Byron Kvæde" (1920) og "Helsing til ein Diktar-bror" av Burns.  Førebudde utgjevinga av "Skrifter av Henrik Krohn" (1909). JG

Johannes Lavik: Edv. G. Johannessen. Minneord (1922)