Den 17de Mai
Framside frå første nummeret av Den 17de Mai, tysdag 9. januar 1894.Foto: SEDAK / Ivar Aasen-tunet

Den 17de Mai

Den 17de Mai var ei norsk avis som gjekk frå 1894 til 1935. Med Rasmus Steinsvik som redaktør, blei avisa truleg prenta i 15 000 eksemplar kring 1910. At avisa i tillegg blei distribuert over heile landet, gjorde at Den 17de Mai på denne tida var den reelle riksavisa.

Vi har desse årgangane tilgjengeleg i blabok-format:

Den 17de Mai 1895

Den 17de Mai 1896

Den 17de Mai 1899

Den 17de Mai 1900

Den 17de Mai 1901

Den 17de Mai 1902

Den 17de Mai 1903

Den 17de Mai 1905

 

Avisene er digitalisert i samarbeid med Senter for digitalisering av kulturarven ( sedak.no).
Den 17de Mai tok over stillinga til avisa Fedraheimen, som gjekk inn i 1891. Der den sistnemnde hadde blitt eit organ for anarkistisk tankegang, skulle Den 17de Mai bli ei avis med breiare nedslag for alle typar folk.
 
Det var opphavleg den kristenkonservative bladmannen Kristian Magnus Olsen Nordlid som tok initivativet til å skipe ei ny stor og riksdekkjande landsmålsavis etter Fedraheimen. Etter kvart var det likevel den omstridde Rasmus Steinsvik som skipa til møte for å skaffe den aksjekapitalen som ein trengde for å stable ei storavis på landsmål på beina.
 
Steinsvik redigerte avisa saman med Arne Garborg dei fire første åra. Frå 1898-1900 kom avisa ut dagleg, også i perioden 1916-1935. Økonomien i avisa var heile tida på brestepunktet, og det måte stadige redningsaksjonar til for å halde drifta gåande.
 
Avisa var prega av uvanleg mykje utanriksstoff, og under Steinsvik var Den 17de Mai ein klår tilhengjar av unionsoppløysing. Då unionen blei oppløyst i 1905, samla redaksjonen seg òg om folkerøysting og republikk.
 
Steinsvik døydde i 1913, og avisa blei då, ifølgje Grepstad (2010:68), "aldri den same att." Men han legg også til at det var "openbert at den spelte ei viktig rolle som meningsberande og informerande hovudorgan i målreisinga fram mot 1935".
 
 
Kjelder:
Grepstad, Ottar (2010): Avisene som utvida Noreg.Det Norske Samlaget.