Songen om Noreg

Aker-konsernet bruker «Millom bakkar og berg» i den nye reklamefilmen sin. Det vil påverke norsk songtradisjon meir enn Kjell Inge Røkke kunne ane.
 
Diktet av Ivar Aasen er ei lita noregshistorie som til skilnad frå ”Ja, vi elsker” er mogleg å forstå også i dag. Mengdene av levande dialektord Aasen hadde samla inn, la han vekk til fordel for allmenne ord og vendingar. Diktet fortel om korleis landet er blitt teke i bruk og busett, kor avgjerande kysten har vore for utviklinga av Noreg, og endar med å grunngi kvifor dette er ein god stad å leve. Patriotismen frå nasjonsbygginga er der, men utan patos og ha-stemte uttrykk. Dette er som det finaste gullsmedarbeidet, sa ein som hadde greie på nasjonsdikting – Bjørnstjerne Bjørnson.  
Songen om Noreg
Plakat frå reklamefilmen til Aker Norway, der "Nordmannen" av Ivar Aasen blir brukt. Foto Aker Norway
 
12 år brukte Ivar Aasen på å lage det som blei allsongen om Noreg. Gullsmeden sat i 2. etasje i Teatergt. 6 i Oslo og fila og flikka. Ikkje noko dikt arbeidde han meir med enn dette. Opningslinjene kom fort på plass. Resten var det verre med. Den første versjonen var eitt av songdikta i samlinga ”Symra” våren 1863. Diktaren var ikkje nøgd. Han skreiv minst 15 ulike strofer og sette 11 av dei på trykk før den femte og endelege versjonen kom i ei ny utgåve av ”Symra” i 1875.
 
Nokre år før hadde Ludvig M. Lindeman skrive den melodien som gjorde sitt til at dette på kort tid blei den norske allsongen. Folk flest ser ut til å kunne alle versa, skreiv kulturhistorikaren Reidar Djupedal i 1963 og la til: ”Vi vil knapt finna noko tilsvarande døme i norsk litteratur.” Songen er ikkje blitt mindre populær med åra. I 1995 utfordra Nitimen i NRK P1 lyttarane til å kåre nasjonalvisa for Noreg. ”Du ska få en dag i mårå” av Alf Prøysen vann, med ”Nordmannen” på andre plass. Hadde ikkje ”Nordmannen” vore så populær, kunne ikkje Aker-konsernet brukt songen slik dei no gjer for å vekkje visse assosiasjonar både hos publikum, politikarar og sine 27 000 tilsette.
 
Det kunne gått heilt gale.
 
”Engang indsjungne i Folket ville de aldrig mere glemmes”, skreiv ein lærar frå Romsdal til Ivar Aasen like etter at diktsamlinga var komen ut i 1863. Så enkelt var det ikkje. Alt før Ivar Aasen døydde i 1896, inneheldt populære songbøker heilt andre versjonar av songen enn dei diktaren sjølv hadde publisert. Diktarens siste versjon og ein heilt annan versjon var like mykje brukte fram mot 1940. Med den tyske okkupasjonen var det brått berre Aasens siste versjon som gjaldt. Stort sett var det slik i 1950- og 60-åra, til Dag og Tid trykte eit lite lesarbrev i 1971. Det fekk meir å seie enn lesarbrev flest.
 
Innsendaren hadde kome over to strofer som med sine sterkt sjåvinistiske linjer gjekk rett inn i striden om medlemskap i EF: ”Sud um Havet han stundom laut skrida. / Der var Rikdom paa Benkjer og Bord; / men kring um saag han Trældomen kvida, / og so vende han atter mot nord.” Ei anna strofe slutta slik: ”Millom Kaksar eg litet kann trivast, / millom Jamningar helst er eg nøgd.”
 
Raskt danna det seg ein myte om at Ivar Aasen var blitt sensurert, utan at nokon tok seg tid til å finne ut kven som hadde sensurert. Det var berre diktaren sjølv som hadde skjerpa seg. Han hadde publisert denne versjonen til nasjonaldagen i 1867, men ombestemte seg seinare. Eg skjønar godt han tok ut dei strofene, sa Olav H. Hauge ein gong han høyrde dei.
 
Så populær var denne allsongen no blitt at den blei reine folkevisa og dermed like rettslaus som annan tradisjon der opphavspersonen er ukjend. Dei færraste kjende til eller brydde seg om diktarens siste versjon. I staden tok dei songen i eigne hender og sette saman versa slik det passa dei best. Ola Bremnes, Halvdan Sivertsen og Anita Skorgan laga alle store, fine songbøker som hadde éin ting felles. ”Nordmannen” av Ivar Aasen  var med – ikkje diktarens siste versjon, heller ikkje ein av dei andre versjonane han hadde publisert, men ei vilkårleg redigering av utvalde strofer. Blant dei uvitande utgivarane var både NRK og Norsk Musikforlag.
 
Denne oppløysinga av tradisjonen toppa seg då Noregs Mållag feira 100-årsjubileet sitt i 2006. Med kong Harald og kronprins Haakon Magnus til stades song forsamlinga ein versjon med endå ein ny kombinasjon av strofer. Dermed var talet på ville versjonar kome opp i 15.
 
Litteraturhistorikarane har kalla ”Nordmannen” den ukrona nasjonalsongen, men det har hendt at det har stått strid om songen. I 2003 samarbeidde Gjenreisningsmuseet for Nord-Troms og Finnmark med Husbanken om ei stor utstilling om busetjing og samfunnsutvikling i nord. Husbanken tykte det var ein god idé å bruke ”Nordmannen” i denne utstillinga. Det var styraren og konservatoren ved museet sterkt usamde i. Dei meinte dette var ein rasistisk og etnosentrisk song om kvite nordmenn som oversåg samane, og strauk teksten frå utstillingsmanuskriptet.
 
No sveisar Aker-filmen fast Ivar Aasens eiga forteljing om bygginga av Noreg slik diktaren sjølv ville songen skulle vere. Det gjer Aker med større kraft enn all verdas allsong på grensa – viss reklame har makt.
 
Ottar Grepstad
publisert første gong i Dagens Næringsliv 03.09.09