Ofte stilte spørsmål

Kva er den versjonen vi bør bruke?
Ivar Aasen-tunet rår sterkt til å følgje vanleg litterær tradisjon og bruke diktarens siste versjon frå 1875. Det var denne versjonen Ivar Aasen sjølv kom fram til som den endelege. Vi kjenner oss ikkje kompetente til å overprøve diktarens eiga vurdering.
 
Er den korrekte tittelen «Nordmannen» eller «Mellom bakkar og berg»?
I bokform kalla Aasen alltid diktet «Nordmannen». Ved minst to høve blei det trykt i små visehefte eller som småtrykk
 
Kor mange strofer er det i «Nordmannen»?
Ivar Aasen publiserte fleire versjonar som inneheld frå fem til åtte strofer. Den siste versjonen hans frå 1875 inneheld fem strofer.
 
Kvifor bruker mange songbøker forma lavar i andre linja i siste strofa?
Det er ei feilskriving for laver, presensforma av verbet å lave. Feilen dukka opp i Norsk sangbog i 1897, året etter at Aasen døydde, og har vore vanskeleg å bli kvitt.
 
Kva tyder boktittelen Symra?
Det er namnet på den vårblomen som gjerne blir kalla kvitveis, kvitsymre eller berre symre. Med den tittelen markerte Aasen at ei ny tid var i emning, med eit nytt språk. Han var nok også godt kjend med blomen frå heimegarden på Sunnmøre. Den dag i dag er bakkane nedanfor Ivar Aasen-tunet kvite i slutten av april.