Melodien

For Ivar Aasen var dikt tekstar som skulle syngjast. Så brukte han då også nemninga ”Visor” i undertittelen på diktsamlinga Symra. For ein song må også melodien klaffe, elles bryt traderinga i hop.
 
”Dei vil alltid klaga og kyta”
I 1863 tenkte Ivar Aasen at melodien til diktet ”Dei vil alltid klaga og kyta” også skulle brukast til ”Nordmannen”. Denne melodien var i bruk iallfall til langt ut i 1960-åra, til dømes i Ryfylke. Det er også til denne melodien eit barn syng ”Nordmannen” som inngang til Jan Eggums slager ”Kor e alle helter hen?”.
 
Lindemans melodi
Berre eit par månader etter at Symra var komen ut, skreiv stortingsmann, lærar og klokkar Jørgen Olafsen frå Veøy i Romsdal til Ivar Aasen. Han sette stor pris på at Aasen hadde brukt ”vore bedste Folkemelodier, thi til disse mangler man ofte høvelig Tekst”. Med dei orda peikar kanskje Olafsen på endå ein grunn til Symra-suksessen; Aasen utnytta eit latent musikalsk potensial ved å skrive nye og gode tekstar til populære melodiar.” Olafsen hadde høyrt nyss om at førsteopplaget snart var utselt, og då, skreiv han, då burde Aasen få Ludvig M. Lindeman til å setje inn melodiar i det nye opplaget, til glede for både skular og songkor: ”Engang indsjungne i Folket ville de aldrig mere glemmes,” heiter det i brevet av 8.8.1863.
 
Kanskje var ikkje Aasen budd på å ta det steget enno. Seinare versjonar syner at han allfall ikkje var ferdig med alle tekstane enno. I alle høve gjekk det fleire år før notelinjene kom på plass. I 1869 stod læraren og sambygdingen Hans Mo for eit mellomspel. Han hadde klar ei samling med traderte melodiar og truleg nokre nyskrivne linjer til tonesetjing av dikta i Symra. Hadde ikkje Aasens eigen forleggjar Malling interesse av dei, stod bokhandlar Giertsen i Bergen klar, skreiv han til Ivar Aasen 6.8.1869. Det ligg ikkje føre noko svarbrev frå Aasen verken til Olafsen eller Mo.
 
I 1870 hekta Ludvig M. Lindeman seg på den gryande Symra-tradisjonen og publiserte ein nyskriven melodi til ”Nordmannen”. Aasen var no i ferd med å tenkje på ei tredje utgåve av visene sine, og i november dette året hadde han to dagar på rad kontakt med songinstruktøren Johan D. Behrens. Vinteren 1875 var han på ny i kontakt med Behrens, nokre få månader før tredjeutgåva var ferdig trykt. Det blei til slutt Jakob N. Kobberstad, ikkje Lindeman, som stod for eit tonetillegg til tredje utgåva av Symra.