Dikt

Dei fleste dikta til Aasen er prenta i Skrifter i Samling, band I :
- Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog (1842)
- Tvo nye Visor (1851)
- Symra (3. utg. 1875)
- Einstaka dikt
- Etterleivde dikt I
- Etterleivde dikt II (lausvers og brot)
- Omsette dikt og salmar

I tillegg skreiv Aasen desse dikta som er nærare omtala nedanfor:
- Ungdomsdiktinga (før 1840)
- Tre nye Sange (1844)

Ungdomsdiktinga (før 1840)
Aasen tok til med diktinga i ungdomen, før han byrja med språkarbeidet, og det finst ei mengd dikt etter han frå 1830-åra. Med nokre få unntak har dei aldri vorte prenta. Dei fleste har eit kristeleg innhald og er skrivne på eit noko stivt dansk, og Aasen ville seinare ikkje vedkjenna seg denne produksjonen.

Tre nye Sange (1844)
Dei tre songane var på dansk og hadde titlane «En ny Vise om Lykkens Ubestandighed», «Mennesket» og «Opmuntring til Glæde». Dei kom ut anonymt på Ekset i 1844 og er ikkje prenta seinare.

Voni (1891)
Dette diktet signerte Ivar Aasen 12. juni 1891, nær 79 år gamal. Diktet er ei helsing til Ingeborg Alsaker-Nøstdahl, f. Digernes, som var frå Ørsta. Kring 1890 gjesta ho Ivar Aasen fleire gonger.