Norsk Grammatik (1864)

Digital utgåve (1997) og omtale

Den kjende Norsk Grammatik er ei mykje utvida og omarbeidd utgåve av Det norske Folkesprogs Grammatik (1848). Her kunne Aasen ta omsyn til alt språktilfanget han hadde samla inn etter langferda 1842-46. Han hadde også fått større innsikt i grammatisk teori. Det viktigaste var likevel at han no skreiv ein normativ (føreskrivande) grammatikk for eit nytt skriftmål, ikkje berre ein deskriptiv (skildrande) grammatikk for talemålet. Aasen sette her opp det endelege framlegget sitt til normal for det nye landsmålet.

Boka var samstundes merkt av den motviljen mot landsmålet som eliten i det norske samfunnet hadde synt i striden hausten 1858. I grammatikken var Aasen kvassare og meir offensiv i tonen enn han hadde vore før 1858, og fortala er eit av dei fremste målpolitiske programskrifta me har.

Dette prega òg mottakinga av grammatikken. I rak motsetnad til 1848-grammatikken, men til liks med Symra (1863), vart 1864-grammatikken ikkje omtala i aviser og tidsskrift. Seinare har grammatikken derimot vorte rekna som eit av dei aller fremste språkvitskaplege arbeida i Noreg gjennom tidene.

Aasen sleit mykje då han arbeidde med grammatikken. I 1859 trudde han at arbeidet skulle vera gjort på eit års tid. Når arbeidet tok lengre tid, hadde det fleire grunnar. Han sat med mykje meir målførestoff enn i 1848, og han hadde lese meir grammatikk og måtte difor omarbeida stoffet mykje. Det var òg vanskeleg for han å avgjera kva former som burde koma med i landsmålsnormalen.

Fortala i grammatikken er ei av Aasens aller viktigaste målpolitiske programskrift.

Utgåver
Grammatikken kom i nye utgåver i 1899 og 1965, den siste med latinsk skrift. Fortala er prenta ei rad stader, mellom anna i Skrifter i Samling III (1912). Den digitale utgåva frå 1997 byggjer på 1864-utgåva.