Søndmørsk Grammatik (1851)

Digital utgåve og omtale

Digital utgåve på Bokhylla.no (1924-utgåva ved Sigurd Kolsrud)
 
Sunnmørsmålet var Aasens eige målføre og det fyrste han granska. Han hadde arbeidd med sunnmørsmålet frå 1837, laga det fyrste utkastet til ein grammatikk i 1839 og tok med seg eit nytt og revidert utkast til Bergen i 1841. På grunnlag av dette manuskriptet vart han engasjert av Vitskapsselskapet i Trondheim for å granska dialektane. Desse grammatikkmanuskripta vart ikkje prenta før i 1992.

Vinteren 1850-51 budde Aasen på Sunnmøre, og då tok han fram att arbeidet med sunnmørsmålet. I tida frå februar til april 1851 skreiv han ein grammatikk på snaue 50 sider som vart prenta på Ekset i Volda same året. I 1848 hadde Aasen gjeve ut den landsfemnande Det norske Folkesprogs Grammatik, og som han sjølv sa, var sunnmørsgrammatikken "et kort Udtog af Det norske Folkesprogs Grammatik, kun saaledes at den holder sig alene til en enkelt Dialekt". Aasen skreiv grammatikken med tanke på vanlege folk, og han vona fleire sunnmøringar på denne måten kunne bli interesserte i grammatikk og i språkspørsmålet.

Heile tittelen var Søndmørsk Grammatik eller kortfattet Underretning om Bygdemaalet på Søndmør. I over 30 år var dette den einaste utgreiinga om eit einskilt norsk målføre, og det er framleis (2002) den einaste prenta grammatikken over sunnmørsmålet.

Utgåver
1851-utgåva kom i ny utgåve (ved Sigurd Kolsrud) i 1924. I 1992 gav Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset ut 1851-utgåva og dei tidlegare uprenta grammatikkmanuskripta i boka Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen (Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet, Norsk Bokreidingslag).

    Symra (1863)

    Digital utgåve (1997) og omtale

    Dette var den einaste diktsamlinga til Aasen. Han gav ut boka anonymt, men det vart snøgt kjent at han var diktaren. Her finn vi nokre av dei mest kjende og folkekjære dikta og songane hans, som "Nordmannen" ("Millom Bakkar og Berg") og "Dei gamle Fjelli" Og det var nettopp folkeeige Aasen ønskte at dikta skulle bli − dei skulle høva for "Aalmennings Hugen".

    Som undertittel på Symra sette Aasen "Tvo Tylfter med nya Visor" (tylft = dusin = 12), og han ville at dette skulle vera viser som vart sungne. I det fyrste diktet skriv han at "Den, som laag og liten er / og tidt med Spottord stungen, / han lettnar, naar han høyra fær / sin eigen Tanke sungen". Med diktinga ville Aasen opplysa, retta opp mishøve i samfunnet, gje gode føredøme og ikkje minst gleda og mora folk. Aasen dikta difor ikkje om seg sjølv, og dikta var ikkje nasjonalromantiske eller romantiske. Han skreiv innanfor ein poetisk realisme der det allmenne og etiske stod i sentrum, ikkje det subjektive og kjensleladde.

    I byrjinga av 1850-åra sysla Aasen med planane om ei diktsamling, og stykket "Um Dikting" i Prøver af Landsmaalet i Norge (1853) kan reknast som det poetiske programmet hans. Arbeidet med Symra gjorde han i 1862-63, rett etter at fyrsteutkastet til Norsk Grammatik var ferdig.

    Seinare har Symra vorte svært populær og kome i mange nye utgåver. Men då ho kom i 1863, vart boka nærast tagd i hel. Kultureliten som dominerte avisene og kulturlivet, hadde då teke til å mislika landsmålet.

    Utgåver
    Aasen sytte sjølv for nye og noko endra utgåver av Symra i 1867 og 1875. Tredjeutgåva frå 1875 er best kjend og har lege til grunn for seinare utgåver, mellom anna i Skrifter i Samling I (1911-12).

      Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)

      Digital utgåve (1997) og omtale

      Boka kom ut i juni 1853 og var den fyrste på landsmål. Her lanserte Aasen framlegget sitt til normal for det nye målet, og andre delen av boka inneheld 16 prøver på stykke i normalisert landsmål i tre ulike stilnivå. I den fyrste halvdelen av boka finn ein 32 målføreprøver frå 20 bygdemål i alle delar av landet som Aasen hadde samla på granskingsferdene sine.

      Aasen hadde hatt planar om ei slik bok i fleire år, og vinteren 1852-53 kom han i gang. Han sleit mykje med utforminga av normalmålet og kalla seinare boka for 'ein veik og trivlande Freistnad', så han var ikkje fullnøgd. Han gjorde likevel ikkje mange endringar i normalen seinare.

      Utgåver
      Boka kom i ny utgåve med latinsk skrift i 1899, og den utgåva vart prenta opp att i 1985 (Vestanbok Forlag). Den elektroniske utgåva frå 1997 byggjer på 1853-utgåva.


        Ordbog over det norske Folkesprog (1850)

        Digital utgåve og omtale

         
        Ordboka følgde etter Det norske Folkesprogs Grammatik (1848), og Aasen sjølv såg på ordboka som det viktigaste av dei to verka. Som grammatikken byggjer ho på språktilfanget Aasen samla inn på langferda 1842-46 og inneheld kring 25 000 oppslagsord. Oppslagsorda er på norsk (lett normaliserte målføreformer) medan ordforklaringane er på dansk.

        Aasen byrja arbeidet med ordboka rett etter at grammatikken hadde kome ut våren 1848, og alt i 1850 var han ferdig. Seinare ordboksforfattarar har late seg imponera over den korte tida Aasen brukte. Dette var mogleg fordi han hadde arbeidd svært systematisk og målretta på langferda og gjort unna mykje systematiseringsarbeid undervegs.

        Ordboka var den største som var laga over norsk språk til då. Ho skilde seg dessutan frå tidlegare ordbøker og ordlister (som Norsk Ordsamling av Laurents Hallager (1802, faksimileutgåve 2004) ved å vera vitskapleg gjennomarbeidd og femna om heile landet. Saman med 1848-grammatikken gav ordboka Aasen det offentlege gjennombrotet som språkforskar, og dei to verka gjorde at han fekk løn som statssipendiat frå 1851. Utgjevinga vart kosta av Det kgl. norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

        Ordboka gjev svært gode opplysningar om norske dialektar på 1800-talet. Aasen tok berre med ord og former han sjølv hadde høyrt og notert ned, og han førte opp orda etter talemålsforma utan å normalisera i særleg grad. I den andre ordboka Aasen gav ut, Norsk Ordbog (1873), normaliserte han oppslagsorda strengt etter landsmålet, og han tok med seg fleire ord enn i 1850-ordboka.

        Utgåver
        Fyrsteopplaget på 500 var utselt etter få år. Ei ny utgåve ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset vart utgjeven av Det Norske Samlaget i 2000.

          Norske Ordsprog (1856)

          Digital utgåve og omtale

           
          Ivar Aasen var ikkje berre språkgranskar, men òg folkeminnegranskar. På ferdene sine samla han både eventyr, segner, ordtak og andre typar munnleg tradisjonsstoff. Norske Ordsprog er det største folkeminnearbeidet Aasen gav ut. Ordtak er folkelege fyndord med meir eller mindre klok livsvisdom i ei konsentrert og utmeisla språkform, og dei er gjerne lette å hugsa, t.d. "Bøker gjera folk både vise og galne".

          Med Norske Ordsprog ville Aasen yta sitt til at det kom skrifter på landsmål som kunne syna at målet dugde i bøker. Han ville dessutan dra fram visdomen i folkedjupet for å auka vørdnaden for allmugen. Boka held eit høgt fagleg nivå og har vore ei viktig kjelde for seinare folkeminnegranskarar. Ho har dessutan vorte eit populært oppslagsverk for folk på leit etter morosame og råkande fyndord.

          Utgåver
          Aasen gav sjølv ut ei omarbeidd og meir folkeleg innretta utgåve i 1881. Denne utgåva låg til grunn for den nye som kom i 1983, opptrykk 1989 (ved Johannes Gjerdåker, Vestanbok Forlag), og 4. utgåve i 2003 med tittelen Norske ordtak (ved Johannes Gjerdåker og Gudmund Harildstad, Vigmostad & Bjørke).

            Norsk Ordbog (1873)

            Digital utgåve (1997) og omtale

             

            Skal ein peika ut eit hovudverk i den store produksjonen til Aasen, stiller Norsk Ordbog med dansk Forklaring sterkt. Dette var ei mykje utvida og omarbeidd utgåve av Ordbog over det norske Folkesprog (1850). Boka har kring 40 000 oppslagsord, det vil seia mest dobbelt så mange som 1850-ordboka. Oppslagsorda var på landsmål og ordforklaringane på dansk som i 1850, men Aasen hadde arbeidd mykje med å gjera forklaringane meir presise og råkande, og oppslagsorda var normerte streng etter landsmålsnormalen han hadde sett opp i Norsk Grammatik (1864).

            Siktemålet med boka var å "fremvise det Ordforraad, som er virkelig nedarvet og efterhaanden udviklet iblandt selve Folket". Han ville framstilla det norske språket på ein slik måte at det kunne setjast jamsides "andre Landes Sprog" og bli oppvurdert, både av nordmenn og utlendingar. Aasen tok korkje med framandord, støytande ord eller rare ord, men det han såg på som den sentrale delen av det vanlege ordtilfanget i norsk. Slik vart boka ein grunnstein i målreisingsarbeidet til Aasen.

            Aasen tok fatt på ordboka etter at grammatikken var ferdig i 1864, men arbeidet tok mykje lengre tid enn han hadde trudd. Boka kom heftevis frå 1871, og i 1873 var ho ferdig. Denne gongen kom det nokre meldingar i utanlandske tidsskrift. I Noreg vart ho hovudsakleg meld av målfolk, som hadde svært mykje godt å seia om verket. Norsk Ordbog er framleis mykje brukt av språkforskarar og språkinteresserte, og saman med Symra er ho den boka av Aasen som har selt i størst opplag.

            Utgåver
            I motsetnad til 1850-ordboka har Norsk Ordbog kome i fleire utgåver og selt i store opplag. Det kom nye opptrykk (med gotisk skrift) både i 1900, 1918, 1977 og 1983 (Fonna Forlag). Den elektroniske utgåva frå 1997 byggjer på 1873-utgåva. Ei ny vitskapleg bokutgåve med latinsk skrift kom i 2003 (ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset, Det Norske Samlaget).


              Digital utgåve (1997) og omtale

              Norsk Navnebog var den siste boka Aasen gav ut medan han levde, dersom ein ser bort frå andreutgåva av Norske Ordsprog (1881). Han hadde sysla med personnamn lenge, og i 1850-åra skreiv han eit par artiklar i Folkevennen der han oppmoda folk om å ta i bruk norske namn. Dette var òg målet med Norsk Navnebog. boka er på drygt hundre sider og inneheld lister over norske namn som ein bør bruka, og framande og nylaga namn som ikkje blir tilrådde.

              Utgåver
              Boka vart prenta i Skrifter i Samling (1911-12) . Det kom dessutan nye utgåver i 1980 (Børsums Forlag og Antikvariat) og i 1997 (ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset, Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 3, Høgskulen i Volda).

                Norsk Maalbunad (1876/1925)

                Digtale utgåve (1997) og omtale

                Dette er eit av dei store verka til Aasen, men det er lite kjent. Det er ei ordbok der orda ikkje står alfabetisk, men er samla etter emne og fagområde. Undertittelen fortel at dette er ei "Samanstilling av norske ord etter umgrip og tyding".

                Heilt sidan 1830-åra hadde Aasen vore interessert i tydingsinnhaldet til orda (semantikken) og ikkje berre i kva språkleg form dei hadde. Då han var ferdig med Norsk Ordbog (1873), tok han til å arbeida meir systematisk med dette. Saman med Heimsyn (1876) var Norsk Maalbunad ein freistnad på å utvikla norsk terminologi på nye fagområde.

                Utgåver
                Aasen var ferdig med manuskriptet i februar 1876 og fekk jamvel bunde det inn, men han kom ikkje til å gje det ut. Det vart prenta i 1925 med innleiing av Sigurd Kolsrud (Det Norske Samlaget). Eit fotografisk opptrykk av 1925-utgåva kom i 1975 (Norsk Bokreidingslag). Den elektroniske utgåva frå 1997 byggjer på 1925-utgåva. I 1997 laga òg Dokumentasjonsprosjektet ei utgåve der alle ord er førte opp alfabetisk, og denne førebels utgåva vart fyrste gong publisert på cd-rom-en Ivar Aasen(1997).


                Last ned filNorsk Maalbunad(1 8 2 9kb)
                 

                  Norsk Grammatik (1864)

                  Digital utgåve (1997) og omtale

                  Den kjende Norsk Grammatik er ei mykje utvida og omarbeidd utgåve av Det norske Folkesprogs Grammatik (1848). Her kunne Aasen ta omsyn til alt språktilfanget han hadde samla inn etter langferda 1842-46. Han hadde også fått større innsikt i grammatisk teori. Det viktigaste var likevel at han no skreiv ein normativ (føreskrivande) grammatikk for eit nytt skriftmål, ikkje berre ein deskriptiv (skildrande) grammatikk for talemålet. Aasen sette her opp det endelege framlegget sitt til normal for det nye landsmålet.

                  Boka var samstundes merkt av den motviljen mot landsmålet som eliten i det norske samfunnet hadde synt i striden hausten 1858. I grammatikken var Aasen kvassare og meir offensiv i tonen enn han hadde vore før 1858, og fortala er eit av dei fremste målpolitiske programskrifta me har.

                  Dette prega òg mottakinga av grammatikken. I rak motsetnad til 1848-grammatikken, men til liks med Symra (1863), vart 1864-grammatikken ikkje omtala i aviser og tidsskrift. Seinare har grammatikken derimot vorte rekna som eit av dei aller fremste språkvitskaplege arbeida i Noreg gjennom tidene.

                  Aasen sleit mykje då han arbeidde med grammatikken. I 1859 trudde han at arbeidet skulle vera gjort på eit års tid. Når arbeidet tok lengre tid, hadde det fleire grunnar. Han sat med mykje meir målførestoff enn i 1848, og han hadde lese meir grammatikk og måtte difor omarbeida stoffet mykje. Det var òg vanskeleg for han å avgjera kva former som burde koma med i landsmålsnormalen.

                  Fortala i grammatikken er ei av Aasens aller viktigaste målpolitiske programskrift.

                  Utgåver
                  Grammatikken kom i nye utgåver i 1899 og 1965, den siste med latinsk skrift. Fortala er prenta ei rad stader, mellom anna i Skrifter i Samling III (1912). Den digitale utgåva frå 1997 byggjer på 1864-utgåva.


                    Heimsyn (1875)

                    Digital utgåve (1997) og omtale

                    Heimsyn kom ut anonymt og er ei av dei mindre kjende bøkene til Aasen. Ho er ei allkunnebok med undertittelen "Ei snøgg Umsjaaing yver Skapningen og Menneskja, tilmaatad fyre Ungdomen". Å heimsjå seg tyder å sjå seg ikring i heimen, det vil seia verda, og boka gjev ei stutt innføring i natur- og kulturtilhøva på jorda.

                    Med Heimsyn ville Aasen syna at landsmålet kunne brukast på alle fagområde. Han ville dyrka fram norsk fagspråk på nye felt og gje ungdomen lesnad på landsmål. Det var eit stort problem for dei som ville skriva landsmål at det fanst så lite litteratur på målet. Arbeidet med nemningsbruken og ordtilfanget førte Aasen vidare i Norsk Maalbunad (1876/1925).

                    Utgåver
                    Heimsyn vart prenta på nytt i Skrifter i Samling II (1911-12) .

                      Ervingen (1855)

                      Digital utgåve (1997) og omtale

                      Ervingen var det fyrste skodespelet på landsmål, og Aasen gav det ut anonymt. Det var eit syngjespel (vaudeville) og inneheldt fleire songar som seinare har vorte kjende, t.d. "Dei vil alltid klaga og kyta". Stykket har ein enkel intrige om odelsretten til ein gard med ei innlagd kjærleikshistorie. Det er eit av dei aller mest spela amatørteaterstykka i Noreg.

                      Utgåver
                      Aasen sjølv redigerte og korta ned stykket i andreutgåva frå 1874, og det er denne versjonen som seinare har vorte spela og prenta i ei rad utgåver. Skrifter i Samling II (1911-12) har med fyrsteutgåva frå 1855.