Ymse utgreiingar

Her er ymse sakprosastykke samla. Fleire av dei er kulturpolitiske meiningsytringar, men dei er ikkje førte opp under dei språkpolitiske stykka fordi dei har eit meir allmennkulturelt og allmennpolitisk innhald.

Frå
Skrifter i samling, band I:
·  Selvbiografi (1841)
·  Benkjevigsla. Skjemtebrev fraa Landet (1855)

Frå
Skrifter i samling, band II:
·  Um Vanen (1852?/1912)
·  Brev om Kulturen, av «Ohle Ohlzén» (1859)
·  Ettersleng til 17de Mai (1864/1912)
·  Talar fyre tome Stolar (1864/1912)
·  Aasmund Vinje [nekrolog] (1870)

Arbeid som er nærare omtala nedanfor:
·  Tjodseden (1864/1958)
·  Femtiaarsfesten (1864/1958)
·  Tusundaarsfesten (1872/1958)

Tjodseden (1864/1958)
Femtiaarsfesten (1864/1958)
Desse to stykka kan saman med «Ettersleng til 17de Mai» (1864/1912) reknast som førearbeid til «Talar fyre tome Stolar (1864/1912)». «Ettersleng» og «Talar» er prenta i Skrifter i Samling, band II. Aasen skreiv stykka i samband med femtiårsfeiringa for Grunnlova i 1864. Dei er nokre av dei mest bitande polemiske stykka han skreiv, og han er ikkje nådig mot eliten i landet som feirar den politiske fridomen med store ord, men ikkje vil gjera noko med den språklege og kulturelle ufridomen. Ingen av stykka vart prenta i Aasens levetid. «Talar» og «Ettersleng» vart fyrst prenta i 1912, og «Tjodseden» og «Femtiaarsfesten» måtte venta til Brev og dagbøker II (1958).

Tusundaarsfesten (1872/1958)
Dette vesle stykket skreiv ein opprørt Aasen medan tusenårsjubileet for rikssamlinga stod på i 1872. Det minner mykje om dei stykka Aasen skreiv til grunnlovsjubileet i 1864. Det vart ikkje prenta før i Brev og dagbøker II (1958).