Språkvitskap og språkpolitikk

Stykke prenta i Skrifter i samling, band III

· Om vort Skriftsprog (1836/1909) (på nynorsk 2006)
· Norske Viser og Stev i Folkesproget [melding] (1848)
· Folkevennen [melding] (1852)
· Mere om det norske Sprog (1852)
· Om Dannelsen og Norskheden (1857)
· Om Sprogsagen (1858)
· Um «Ny Hungrvekja» (1858)
· Minningar fraa Maalstriden (1859)
· Budstikkens Oplysninger om Sproget (1861)
· Atterførsla (1887/1904)

Arbeid som er nærare omtalte nedanfor

· Om en Ordbog over det norske Almuesprog samt en dertil hørende Grammatik (1846)
· En liden Læsebog i Gammel Norsk(1854)
· Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform (1854/1917)
· Om de latinske Bogstaver (1854)
· Om Udtalen af skj og sj (1856)
· Lidt mere om Sprogsagen (1858/1958)
· Til en dansk-norsk Ordbog (manus 1883)
· Bidrag til vort Folkesprogs Historie (1885/1953)


Om skriftspråket vårt (omsetjing 2006)
Aasen var 22 år gammal då han i 1836 skreiv "Om vort Skriftsprog" - eit tenkt innlegg til ein aktuell språkdebatt. Dette programskriftet for hans eige livsverk låg endeleg føre på moderne nynorsk i 2006, omsett frå dansk med merknader av Ottar Grepstad. 

Om en Ordbog over det norske Almuesprog samt en dertil hørende Grammatik (1846)
Dette var Aasens språkvitskaplege debutartikkel, skriven i Trondheim etter at han var ferdig med innsamlingsferda 1842-45. Han var no komen langt med systematiseringa av språktilfanget. Her fortel Aasen korleis han hadde gått fram under innsamlingsarbeidet, han la fram nokre av resultata frå granskingane, og han greidde ut om korleis han tenkte seg grammatikken og ordboka som kom i 1848 og 1850. Det var sentralt for han å få fram likskapen mellom dei norske målføra, og han argumenterte for å laga éin grammatikk og éi ordbok, ikkje grammatikkar og ordbøker for kvart målføre slik nokre hadde meint. Det ville gjort det mykje vanskelegare å byggja eit nytt skriftmål seinare, noko Aasen hadde planar om i 1846, men ikkje skreiv. Avhandlinga vart prenta i Det Kongelige Norske Videnskabers-Selskabs Skrifter i det 19de Aarhundrede, Trondheim 1846, og er tilgjengeleg i band fem i serien
Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet: Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter av Ivar Aasen (1998, Norsk Bokreidningslag). I 2012 transkriberte vi teksten frå gotisk til latinske bokstavar sjølv, og artikkelen er tilgjengeleg i lenkja over. 

En liden Læsebog i Gammel Norsk(1854)
Aasen var oppteken av at vanlege folk skulle få innsikt i norrønt (gamalnorsk). Det norrøne målet hadde høg status i Noreg på 1800-talet, og Aasen vona folk ville bli meir positive til målføra og landsmålet når dei såg samanhengen mellom det gamle og det nye språket. I ei innleiing på ni sider gjev Aasen ei innføring i lydverket og bøyingssystemet i norrønt. Deretter følgjer 30 korte stykke på norrønt. Heile boka er på 46 sider og har ikkje vorte prenta opp att seinare.

Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform (1854/1917)
Aasen hadde lagt fram landsmålsnormalen i Prøver af Landsmaalet i Norge(1853). I «Grundtanker» greier han ut om dei vitskaplege og språknormerande prinsippa han hadde følgd i arbeidet med normalen, og artikkelen gjev ei god innføring i korleis Aasen tenkte då han laga landsmålet. Sjølve artikkelen er på 16 sider medan ei «Exempel-Samling» fyller 12 sider. Aasen prenta aldri stykket, truleg fordi han var redd meir strid om landsmålet. Det vart prenta fyrste og einaste gong i tidsskriftet Maal og Minnei 1917 (ved Knut Liestøl).

Om de latinske Bogstaver (1854)
På 1800-talet var det strid om ein skulle bruka gotisk skrift (fraktur), som var det vanlege, eller latinsk skrift (antikva) som mange meinte var lettare å læra. Aasen var ein sterk motstandar av latinsk skrift fordi han meinte allmugen kunne gotisk skrift best og at det berre var til bry for vanlege folk å endra skrifttype. Han meinte det ville ta merksemda bort frå viktigare sider ved språkspørsmålet. Den latinske skrifta avløyste likevel den gotiske i løpet av 1800-talet. Stykket vart prenta anonymt i Morgenbladet20.04.1854 og er ikkje prenta seinare.

Om Udtalen af skj og sj (1856)
Stykket gjeld uttala av bokstavkombinasjonane 'skj' og 'sj' på Vestlandet, og Aasen skreiv det på oppmoding frå ein innsendar som lurte på noko Aasen hadde skrive i Det norske Folkesprogs Grammatik. Prenta i avisa Christiania-Posten30.01.1856 og i Brev og dagbøker II (1958).

Lidt mere om Sprogsagen (1858/1958)
Stykket inneheldt svar på kritikken Aasen hadde fått etter innlegget «Om Sprogsagen» og var det andre innlegget Aasen skreiv i målstriden hausten 1858. Han sette likevel aldri stykket på prent sjølv. Det vart funne i papira hans og prenta i Brev og dagbøker II (1958).

Til en dansk-norsk Ordbog (manus 1883)
Dette ordboksmanuskriptet skil seg frå ordbøkene Aasen gav ut ved at oppslagsorda er på dansk og ordforklaringane på norsk. Alt i 1840-åra tenkte Aasen seg at det burde lagast ei slik ordbok. For dei som ønskte å skriva landsmål, ville det vera ein stor fordel om det fanst ei ordbok med oppslag på dansk, som var det skriftmålet folk kunne. I 1880 tok Aasen fram ideen att, og i juni 1883 var han ferdig med eit manuskript på 12-14.000 ord (346 tettskrivne sider). Ein av grunnane til at Aasen ikkje fekk prenta det, var nok at han tykte ordforklaringane var for knappe. På slutten tok han òg til å få problem med helsa. «Til en dansk-norsk Ordbog» låg uprenta heilt til 2000 då det vart gjeve ut av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset i skriftserien til Ivar Aasen-selskapet.

Bidrag til vort Folkesprogs Historie (1885/1953)
På sine gamle dagar skreiv Aasen denne korte språkhistoria på vel 30 sider, den einaste språkhistoria han skreiv. Her greier han ut om korleis det norrøne skriftmålet gjekk under, kva kjelder som fortel om norsk mål i dansketida og om korleis det norske målet overlevde mellom allmugen. Føremålet var klart språkpolitisk: Aasen ville syna kor historisk rett og naudsynt landsmålet var. Stykket kom truleg ikkje på prent fordi tidsskriftet det skulle stå i, Norvegia, gjekk inn. Det vart fyrste gong prenta i 1953, i Norsk folkemål(festskrift til Halvdan Koht).