Namn og nemningar

Som ein del av språkarbeidet var Aasen oppteken både av stad- og personnamn, nemningar og terminologi. Dei største verka hans på området var Norsk Maalbunad (1876/1925) og Norsk Navnebog (1878).

Av dei mindre arbeida er eitt prenta i
Skrifter i samlinga, band II:
· Um Namnet Oslo (1866)

Arbeid som er nærare omtala nedanfor:
· Søndmørske Stedsnavne (1840/1987)
· Om norske Folkenavne (1854)
· Register over norske Folkenavne (1855)
· Norske Plantenavne (1860)
· Om Benævnelsen Krone og Øre (1873)
· Skrivemaade for Stedsnavne (1874/1958)
· Om Stedsnavne (1874/1958)

Søndmørske Stedsnavne (1840/1987)
Dette er ei liste med 320 stadnamn som Aasen laga i samband med dei andre arbeida om sunnmørsmålet. Det Aasen skriv om namnet «Solnør» skal dessutan vera den fyrste lengre norske artikkelen om eit einskilt stadnamn. Stykket vart ikkje prenta før i 1987, i Namn og nemne.

Om norske Folkenavne (1854)
Register over norske Folkenavne (1855)
Aasen var oppteken av at den gamle norske namnetradisjonen skulle haldast i hevd og at nyare «fuskarnamn» (særleg utanlandske namn) ikkje vart brukte. Det var bakgrunnen for desse to artiklane som hekk nært saman. Dei vart prenta i Folkevennensom skulle nå ut til vanlege folk — dei Aasen ville nå med oppmodingane sine. Dei to arbeida kan reknast som eit førearbeid til Norsk Navnebog (1878) og er ikkje prenta seinare.

Norske Plantenavne (1860)
I ungdomen var botanikken (plantelæra) den store interessa til Aasen attåt språkarbeidet. Frå 1841/42 kom språkarbeidet i sentrum, men interessa for plantar og særleg plantenamn heldt seg. På innsamlingsferdene noterte han plantenemningar han fann i målføra, og i artikkelen «Norske Plantenavne» systematiserte han desse opplysningane. Artikkelen er eit register over norske plantenamn der Aasen følgjer inndelinga til den svenske botanikaren Linné. Bak dei latinske namna har han ført opp dei ulike norske nemningane han har funne. Artikkelen vart prenta i P. C. Asbjørnsens tidsskrift Budstikkeni 1860 og er ikkje prenta seinare.

Om Benævnelsen Krone og Øre (1873)
Aasen kunne ikkje skjøna kvifor styresmaktene ville byta ut dei innarbeidde myntnemningane "speciedaler" og "skilling" med "krone" og "øre". Artikkelen stod i Dagbladetnr. 86B, 1873, signert «I.A.», og han er prenta i Brev og dagbøker II (1958).

Skrivemaade for Stedsnavne (1874/1958)
Om Stedsnavne (1874/1958)
Aasen interesserte seg aldri så mykje for stadnamn som for personnamn, men han var oppteken av at ein skulle ta vare på gamle namn og kvitta seg med dei mange forvanska og fordanska namneformene som var i bruk. Han meinte ikkje at namna skulle skrivast mest mogleg likt målføreformene. Det trongst normalisering, men ho måtte følgja norske prinsipp (landsmålet) og ikkje danske skrivereglar slik det var vanleg. Aasen gjorde aldri ferdig dei to stykka, og dei vart ikkje prenta før i Brev og dagbøker II (1958).