Manuskriptutgåver

Manuskriptutgåver

Utanom breva og dagbøkene, etterlet Aasen seg ei stor mengd notatar, kladdar og manuskript som i dag ligg i Aasen-arkivet. Ein del av dei mindre stykka er prenta i Brev og dagbøker (sjå òg bibliografien). 

Sidan 1992 har Ivar Aasen-selskapet ved Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset gjeve ut manuskript etter Aasen i Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet, serie A tekster.

I oktober 2006 kom det siste av dei ti banda med grammatiske oppskrifter, ordlister og manuskript ut:
  • Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen (A1, 1992)
  • Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen (A2, 1994)
  • Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen (A3, 1995)
  • Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen (A4, 1997)
  • Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter av Ivar Aasen (A5, 1998)
  • Målsamlingar 1851-1854 av Ivar Aasen (A6, 1999)
  • Målsamlingar 1855-1861 av Ivar Aasen (A7, 2001)
  • Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen (A8, 2002)
  • Namnesamlingar av Ivar Aasen (A9, 2006)
  • Dansk-norsk Ordbog av Ivar Aasen (A10, 2000)

I Serie B, kommentarar og studiar, er det kome eitt band:

  • Ivar Aasen-studiar 1 (B1, 1998)

Bøkene kan kjøpast hjå Norsk Bokreidingslag, som er forlag for seriane.