Føreord, Reidar Djupedal

Denne utgåva av Ivar Aasens brev og dagbøker inneheld alle dei brev frå Ivar Aasen som eg har fått kjennskap til. Breva er prenta etter originalhandskrifter, men i mange høve er Aasens brevkladdar nytta til tekstgrunnlag, sidan originalbreva ikkje har vore å finna. Breva vert prenta utan utelatingar. Brev til Ivar Aasen har eg sitert eller referert i Opplysningar og merknader.

Når det gjeld opplysningar om utgåva elles, viser eg til merknader om tilfang, gjevingsmåte m. m. i eit seinare band. Her vil ein òg finna register.

Når denne utgåva no kan koma ut vil eg serleg takka Noregs ålmennvitskaplege forskingsråd som har kosta utgåva, og Det norske Samlaget som har teke på seg utgjevinga. Vidare vil eg takka dei mange institusjonar og privatfolk som har gjeve meg opplysningar og hjelp, og som har lånt ut handskrifter. Serleg vil eg takka Universitetsbiblioteket i Oslo.

Oslo den 22. mars 1957

Reidar Djupedal

 

--------------------------------------------------------------------------------

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009 

--------------------------------------------------------------------------------