036 Frederik Moltke Bugge, 11.8.1842

Velbaarne
Hr. Rector Bugge!
 
Da jeg nylig havde den Lykke at tale med Deres Velbaarenhed angaaende det Foretagende,som det kongelige norske Videnskabers Selskab har overdraget mig, glemte jeg at opgive Dem min Addresse skriftlig, som jeg havde lovet. I det jeg ærbødigst beder om Undskyldning for denne Forsømmelse, meddeler jeg Dem herved min Addresse som er saalydende: "Huuslærer Iver Aasen, à Solnør pr. Ørskougs Postaabnerie (paa Søndmør)."
Solnør den 11te August 1842.
 
Ærbødigst
Iver Aasen.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. UBO brevs. nr. 67, omframt avskrift i Kopibok nr. 5.
 
Frederik Moltke Bugge (23. sept. 18069. juni 1853), cand. philol. 1829, overlærar ved Oslo Katedralskule 1831, rektor ved Stavanger Katedralskule s. å., rektor ved Trondheim Katedralskule frå 12. sept. 1833 til 30. juli 1851. Den 23. sept. s. å. flytte han til Bergen. Han vart medlem i VS 30. des. 1833, og var preses frå 29. mars 1839 til han melde seg ut 1850 (utmeldingsbrevet er journalisert 3. juli). B. var ein sjeldan du­gande, kunnskapsrik og vidsynt mann. Medan B. var preses i VS vart mange store tiltak sette i verk eller hjelpte fram. Han har såleis hovudæra av at I. Aa. fekk stipend. I. Aa. tala alltid med stor vyrdnad om B., og på romet sitt hadde han hangande eit stort bilete av B. Det er no i Aasenstova i Ørsta. (Om B. sjå Asbjørn Øverås: «Frederik Moltke Bugge», III, Oslo 1949, og same forf.: «Frederik Moltke Bugge» i «Det kongelige norske Videnskabers Selskabs Forhandlinger», bd. XX, 1947, s. 2558).
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2008