001 Jon Ivarson Aasen, 20.3.1828

Gode Ven og Broder J. I. S. A.
 
Jeg haver længe været tænkt paa at tilmelde Dem nogle faa Linier og siden det nu er længe siden De var hjemme og vi intet have spurgt ifra Dem derfor er det jeg nu yder Dem denne lille Skrivelse med flittig Hilsen at jeg lever væl med Helse og Sundhed og ønsker at høre det sa/-m/e fra Dem igjen. Dog er det slutteligt at I for Veyrets Uroligheds Skyld hidindtil lidet haver vundet med Fiskriet og altsaa er det for dem der holde sig Føde og sø Redskab liden Fordeel at erholde[.] Intet videre denne Gang end jeg ønsker at høre og spørge Deres Velstand og Velgaaende for Nærværende Tid[.]
 
Vær hermed hilset:
Jon Iversen Aas
Iver Mortensen Ytrestø[l]
og Stener Pedersen Welle
 
Aasen d. 20 Martz 1828.
Andreas Iversen Aas.
 
Nogen Nyhed ved jeg ikke her at indlade men dersom Dem gives Tid og Leylighed dertil, saa ønsker jeg meget gjærne at faa Skrivelse fra Dem igjæn. - Vi lever allesa/-m/en væl for nærværende Tid.
 
Utanpå: Til/Velagte/Jon Iversen Aasen/som ligger til Fiske i/Watøen/Brevet bringes til Watøen.
 
 

Merknader Reidar Djupedal :

Orig . UBO. – [same<] ~ same – Fiskriet [!] –  /sø/ –  [allesamen<] ~ allesamen – Aas]
 
- Utetter til oml. 1834 kalla I. Aa seg stundom Aas. Det same finn ein på brev frå Sivert Aarflot. På brev 24 mai 1834 står det såleis «Iver A. Aasen eller Aas».
 
- Jon Ivarson Aasen (1803–1876), I. Aasens eldste bror.
 
– Ivar Ytrestøyl (1805–1848) Son til Morten (Martin) Olavson Åm (sjå Hovden: «Attersyn», 3. utg. s. 30), var frå Gjøstøylen i Ørsta. Han kjøpte gården Melset i Ørskog og flytte dit og tok dette namnet. Han vart gift med I. Aa.s syster Ingeborg (f. 1793).
 
- Steinar Pederson Velle (1795–1853), i 1834 gift med I. Aa.s syster, Olina (f. 1795). Dei pakta fyrst ei jord i Indre-Hovden, bygsla 1834 ein liten plass i Ryste, og der vart Gurina, («Styrkår-Gurina»), andre barnet, fødd 1836. I kyrkjeboka 1834 er han kalla: Stener Pedersen Sandvig-Røste. Dei flytte seinare til Velle og bygsla farsgarden hans som var halvparten av Styrkår-garden (gard nr. 15, bruk nr. 11), men Simon Albrigtson Hovde fekk kjøpa garden av eigaren (skøyte 1852), og Steinar laut då flytta. Sonen Peder (som seinare kalla seg Nupen) var fødd 1831.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2008