Brev og dagbøker
Framsida på Ivar Aasen, Brev og Dagbøker, ved Reidar DjupedalFoto: Ivar Aasen-tunet

Brev og dagbøker

Interessert i detaljar frå livet til Ivar Aasen? Her finn du brev og dagbøker, både i fulltekst og i pdf-versjonar.

Breva og dagbøkene til Ivar Aasen blei i åra 1957—60 gitt ut i det store trebandsverket Brev og dagbøker ved Reidar Djupedal (1921-1989). Verket, som blei gitt ut av Det Norske Samlaget, fyller kring 1500 store boksider, og vel 300 av dei er merknader av Djupedal. Her finn ein ei stor mengd utdjupande detaljopplysningar, og verket er utstyrt med svært gode register og artiklar om breva og dagbøkene. Dette er såleis eit hovudverk for Aasen-interesserte.

Breva og dagbøkene blei digitaliserte av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo i 1998.

Med stor velvilje frå familien til Djupedal har vi fått løyve til å publisere merknadene til Aasen-kjennaren. Vi har nytta høvet til å gi verket ei form som passar betre for Internett. Merknadene til Djupedal, som i den trykte utgåva stod samla til sist i boka, er no klipte saman med brevet eller dagboksperioden dei viser til.

I tillegg til breva frå Aasen, er òg nokre av breva som vart sende til Aasen tekne med. I høve 200-årsdagen til Ivar Aasen har vi no lagt til nærare 150 nye brev, som ikkje var inkludert i Djupedal sitt verk. Fleirtalet av desse har aldri vore publiserte før. Alle desse breva er tilgjengelege frå menyen under.

Mykje av arkivtilfanget etter Aasen er med i Brev og dagbøker, men ikkje alt. Dersom du er interessert i kvar originalane er, finn du meir informasjon om dette her. 

Dagbøker 1830-1896 

Brev 1828-1896

Brev til Ivar Aasen

Nokre skriftstykke

Notat og oppteikningar

Reidar Djupedal: Føreord (1957)

Forkortingar og teiknforklaringar

 

Pdf-versjonar av Brev og dagbøker, ved Reidar Djupedal. Trykk på pdf-ikonet for å laste ned.

Brev og dagbøker
 Band I - Brev 1838-1861

 

Brev og dagbøker
 Band II - Brev 1862-1896

 

Brev og dagbøker
 Band III - Dagbøker 1830-1896