«Dette forunderligste lille Væsen»

Les leksikonteksten om Ivar Aasen frå det nynorske nettleksikonet Allkunne.no.

Kapitteloverskrifter 

Kort biografi

Aasen blei fødd i Ørsta 5. august 1813 og døydde i Kristiania 23. september 1896. Etter vanleg omgangsskule, to år som privatstudent og sju år som privatlærar tok han i 1842 til på det arbeidet som resulterte i skriftspråket landsmål, tufta på Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873).

«Dette forunderligste lille Væsen»
Ivar Aasen, 1871. Foto C. C. Wischmann, arkiv Ivar Aasen-tunet.

I arbeidet med å samle inn prøver frå talemåla landet rundt var han innom halvparten av dagens kommunar og så langt nord som til Tromsø, men han la mindre vekt på talemålet i dei veksande byane. Desse reisene utgjorde nær 27 000 km, og i 24 år var han i gjennomsnitt på reise kvar tredje dag.

Aasen forma sjølv prøver på det nye skriftspråket i ei rekkje sjangrar, publiserte 95 dikt og skapte nokre av dei mest folkekjære songane i Noreg, og sette på trykk 105 artiklar og prosatekstar. Han gav ut 39 bøker og småtrykk, mellom dei to ordbøker med til saman 69 000 oppslagsord. Dei klare og presise ordforklaringane hans gjer få han etter den dag i dag.

Han budde i Kristiania frå 1847 til han døydde, berre avbrote av eit år på Sunnmøre frå seinsommaren 1850. I Kristiania hadde han eit vidt kontaktnett og fungerte som eit einmanns forskingsinstitutt. Med tida var han kunnig i ti språk – islandsk, norrønt, svensk, dansk, engelsk, fransk, tysk, latin, gresk, og nynorsk.

I 1871 fekk han ein æresmedalje i gull av kong Karl 15 for det språkvitskaplege studiet av «det Norske Folkesprog», og to år etter blei Aasen tildelt Riddarkrossen av Sankt Olavs orden «for litterair Fortjeneste».

Skrifter i samling kom i tre band 1911–12 (trykt opp att i 1996 i eitt band) og i to band i 1926. Skrifter. Eit utval kom i 1976, og Reidar Djupedal gav ut Brev og dagbøker i tre band 1957–60. I åra 1992–2002 gav Ivar Aasen-selskapet ut ti band i to skriftseriar, for det meste uprenta målsamlingar av Ivar Aasen som var forarbeid til Norsk Ordbog.

På heimegarden Åsen i Ørsta har det vore museum sidan 1898, frå 2000 Ivar Aasen-tunet, som er eit nasjonalt opplevings- og dokumentasjonssenter for nynorsk skriftkultur.

Oppvekst i eit litterært miljø

Ivar Aasen var den yngste i familien, blei den eldste av ni søsken og blant dei fremste i landet. 

Foreldra budde på garden Åsen midt mellom kyrkjestadene Ørsta og Volda på Sunnmøre. Garden var bygsla, og formelt var faren leiglending, men i røynda hadde han same sosiale status som ein sjølveigande bonde.

«Dette forunderligste lille Væsen»
Åsen, Hovdebygda. Heimgarden til Ivar Aasen. Ukjend teiknar

Han blei døypt Iver Andreas i Ørsta kyrkje tre dagar etter at han var fødd og konfirmert i Volda kyrkje hausten 1828. Namneforma Ivar tok han først til å bruke frå 1846, men brev signerte han helst «I. Aasen», og dei fleste dikta og visene publiserte han anonymt.

Mora døydde frå då han var tre år, faren då han var 13. Det familiære haldepunktet dei neste åra blei difor broren Jon og hans familie. Den same soga er blitt fortald om Ivar Aasen som om andre kunstnarar – gardsarbeid stakk han seg unna så sant han kunne, han gøymde seg vekk og skreiv, dei såg tidleg at det var noko særskilt med han. Mykje av dette er etterpåklokskap, tradert i uminnelege tider. Litt hjelpte han sjølv til også i somt av det han skreiv. Likevel, i eit lite minnestykke frå 1833 framheva han at faren hadde gitt han høve til å «sysle med de boglige Kundskaber».

Nokre få kilometer nedanfor Åsen ligg Ekset ved Voldsfjorden. Her hadde bonde og lensmann Sivert Aarflot kring 1800 gjort den gamle tingstaden til eit allment senter for utvikling av skriftkultur. Aarflot stod i tradisjonen frå folkeopplysninga på 1700-talet, og frå han kjøpte staden i 1797 til han døydde i 1817, etablerte han bibliotek, trykkjeri, vekeavis, søndagsskule og postopneri på Ekset.

Grunnlaget for det som var eit gratis lånebibliotek, var hans eiga boksamling på 84 band. Her dominerte den verdslege litteraturen, og samlinga voks fort. Alt i 1812 inneheldt biblioteket 550 band. Dette litterære miljøet i nabolaget til Ivar Aasen stod i ein tung lærdomstradisjon på Sunnmøre. Rundt om på gardane var det fleire skrivekyndige både på 1500- og 1600-talet. I andre halvdel av 1700-talet styrkte presten Hans Strøm denne lærdomstradisjonen som bygde på dei rasjonelle danningsideala i tida før romantikken. Det var denne tradisjonen Sivert Aarflot førte vidare og som Ivar Aasen tidleg kom inn i.

Ivar Aasen blei tidleg fascinert av skrift. Det var storesøstera Brite som hjelpte han med å knekkje lesekoden då han var seks år gamal. Sivert Aarflot hadde berre fått 22 dagars skulegang i alt; Aasen hadde trass alt ti skuledagar i året. «Med en vis Graadighed» las han det han kom over, og heime fann han både Bibelen i ei dansk utgåve frå 1744 og Hans Strøms preikesamling frå 1792.

Det var heller ikkje eineståande at han kunne skrive, men denne skrivekunna brukte han på anna vis enn det som var vanleg. Alt som tolvåring skreiv han diktet «En gudfrygtig Sjels Bøn», og på denne tida tok han også til å notere fuglefangstane sine, pent sortert og ordna, før han selde dei som mat. Ivar Aasen var ein av desse som likte å samle, ordne, jamføre, systematisere. Når det kjem til stykket, var det kanskje det han var aller best til – dokumentere, analysere, finne dei samanhengane som nok var der ein stad. I dag ville han blitt kalla nerd.

«Dette forunderligste lille Væsen»
Ekset, Volda. Det første prenteverket på landsbygda i Noreg blei etablert her av bonden, lensmannen og folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759-1817).

I det han seinare kalla «en for mig ubehagelig Tid af fem Aar», var han både gardsarbeidar på heimegarden og vegarbeidar før han hausten 1831 blei omgangsskulelærar i heimbygda, 18 år gamal. Den lærargjerninga varte i to år, med det store biblioteket på Ekset som viktig lærestad på fritida. Den korte vegen til biblioteket og prenteverket gjorde det lettare for han å ta steget inn i offentlegheita. 19 år gamal debuterte han som forfattar med to skillingsviser som blei trykte på Ekset sommaren 1833. Seinare kom det tre Aasen-trykk til frå Ekset.

Tjue år gamal drog han i lære hos prost Hans Conrad Thoresen ute i Herøy. Frå no av heldt Ivar Aasen i prinsippet hus andre stader enn i Ørsta. Læretida var kort, for alt i 1835 blei han tilsett som huslærar for borna til kaptein Ludvig J. Daae på Solnør. Her blei Aasen verande i sju år. Den tida gjorde han til ein lærd mann for si tid, med solide kunnskapar i mange språk, som han langt på veg skaffa seg gjennom uformell læring, slik allmugefolk lenge hadde gjort det. No las han både norrønt, dansk, engelsk, fransk, tysk og latin.

Det stod att å finne fram til og lære det viktigaste av alle språk: morsmålet.

Fleire vegar til norsk skriftspråk

Han voks opp i eit samfunn på veg frå munnleg til skriftleg kultur som dominerande trekk.

Tidleg på 1800-talet var Noreg blitt ein nasjon av skriveføre. No var ikkje berre lesekunna, men også skrivekunna blitt allmenn. Den demokratiseringa av Noreg som no skaut fart, fekk god draghjelp frå ein skriftkultur som blei allmenn og jamt meir dominerande. Allmugen tok til å skrive seg inn i skriftkulturen, og med det skreiv dei seg også inn i retning av ei demokratisering av kunnskap og samfunn. Ein av hovudvegane til demokrati gjekk nettopp gjennom språket – talt, skrive eller trykt.

Ei forståing av at noko var norsk og skilde seg ut frå det danske, hadde teke form alt før 1800. Det var akseptert kunnskap at det var ein samanheng mellom det gamle norrøne språket og dialektane i samtida. Striden galdt kva denne kunnskapen burde føre til. Spørsmålet blei om det danske skriftspråket skulle fornorskast – viss det i det heile burde fornorskast, eller om det burde lagast eit nytt norsk skriftspråk. Mange av detakarane var utolmodige unge menn i tjueåra: bergensaren Laurents Hallager (25), gudbrandsdølen Gregers Fougner Lundh (21), osloguten Peter Andreas Munch (22), kristiansandaren Henrik Wergeland (24) – og sunnmøringen Ivar Aasen (22). Nokre eldre menn meinte også mykje om denne saka.

Legen Hallager gav i 1802 ut Norsk Ordsamling, med om lag 7000 oppslagsord. Dette var den største ordboka som kom ut i Noreg mellom 1646 og 1848. Han ville ikkje utfordre det danske språket ved å vekkje til live det gamle norske språket, men heller «forøge og udvide det danske Sprog». Økonomen Lundh ville gå ein heilt annan veg. I eit dokument frå 1806 skreiv han at dei norske dialektane var så rike på ord og uttrykk at dei burde samlast til eit nytt språk.

«Dette forunderligste lille Væsen»
Historieprofessor Peter Andreas Munch (1810-1863).

Det var Hallagers styrking av dansk språk som fekk mest tilslutning i åra som følgde. Alt i 1807 skreiv offiseren Hans Morten Winsnes at embetsmennene burde lytte nøye til allmugens språk og talemåtar. Han streka under det språklege mangfaldet og dei store språklege skilnadene innanfor det dansk-norske kongeriket. Sivert Aarflot hadde ei tydeleg oppfatning om at der var ein samanheng mellom talemåla i samtida og det norrøne skriftspråket i fortida, men meinte mindre om kva konsekvensen burde vere. Det gjorde derimot jernverkseigar Jacob Aall og presten Johan Storm Munch i tidsskriftet Saga i åra 1816–20. Dei ville ha vekk «det fremmede Ukrud» og hente norrønt tilfang frå talemålet i samtida inn i det danske skriftspråket.

I 1814 hadde Stortinget grunnlovsfesta at dette danske skriftspråket heitte norsk. Same kva språket blei kalla, ville mange nordmenn i tiåra som følgde, halde på det, gjerne utan endringar.

I 1830-åra kom ei ny meiningsbryting. No galdt spørsmålet mest kva som skulle vere grunnlaget for ei reell fornorsking av dansk. Stortingsrepresentant Jonas Anton Hielm ville få ei nemnd av kunnige nordmenn til å lage ordbok og grammatikk for «Landets virkelige Sprog». Nei takk, svara historikaren Peter Andreas Munch året etter, «i stedet for som nu skjændigen at forhuttle og sammenjaske vore Dialekter i vild Uorden», burde ein heller bør gå ut frå éin av dialektane og jamføre denne med norrønt. Noreg treng iallfall «et selvstændigt Skriftsprog», skreiv diktaren Henrik Wergeland i 1832, og det måtte vere på plass før 1800-talet var omme, meinte han.

Artikkelen av Wergeland blei først trykt tre år seinare i bladet Bondevennen. Det bladet las Ivar Aasen i åra som huslærar på Solnør. Vinteren 1836 skreiv han eit tenkt svar til Wergeland, men han sende aldri manuskriptet frå seg. Det blei først trykt i Syn og Segn i 1909 under tittelen «Om vort Skriftsprog». Slik skikken var, skreiv han på dansk.

Dette var Ivar Aasens personlege, språkpolitiske manifest. På same måten som Noreg høyrer folket til, må folkespråket vere hovudspråket i landet, meinte Aasen. I dei mange hundre åra då andre styrte landet, gjekk det gamle norske morsmålet tapt, eller «vort Fædrenesprog» som han kalla det. Det var enno ikkje for seint å vinne att dette gamle språket, men då måtte ein vende seg til allmugen, ikkje til overklassa og embetsstanden. «Bonden har den Ære at være Sprogets Redningsmand; til hans Tale skulde man altsaa lytte,» skreiv Aasen.

Aasen ville ikkje løfte fram éin dialekt og gjere den til grunnlaget for norsk. Det var ikkje nok å dokumentere kvar einskild dialekt for seg. Det galdt å finne fram og gjere synleg den heilskapen som fanst i folkemålet. Difor ville han jamføre dialektane og byggje på dei alle. Då trongst det ordsamlingar med grammatikalske opplysningar for alle regionane i landet. Desse ordsamlingane ville han at eit selskap «af sprogkyndige Mænd» skulle bruke til å utvikle «en fuldstændig norske Ordbog, med tilsvarende Grammatik». Kongstanken var eit skriftspråk som bygde vidare på det skriftspråket som hadde prega Noreg før 1400-talet. Då ville det bli ein samnemnar for dei mange talemåla som hadde endra seg lite sidan 1500-talet, og eit samlings- og identitetsmerke for den norske nasjonen. Etter 400 år med dansk styre ville han gjennom språket gi Noreg ein kulturell fellesnemnar.

Denne tanken heldt Ivar Aasen fast ved. Fem år seinare hadde han derimot gått bort frå ideen om at eit selskap skulle gjere arbeidet. I ein artikkel i Bergens Stiftstidende i 1841 var tonen skarpare og endå meir handlingsretta. «Hvorfor, tænkte jeg, blive ikke de norske Dialekter behandlede ligesom andre Sprog?» spurde han. «Ere ikke vore Dialekter, eller det gamle og ægte norske Sprog, værdige en grundigere Behandling?» No ville han sjølv syte for at noko blei gjort: «Et saadant Arbeide, tænkte jeg, kan kun udføres af En, der er født og opdragen i en Bondes Hytte. Jeg vil forsøge et saadant Arbeide.»

«Dette forunderligste lille Væsen»
Diktaren Henrik Wergeland (1808-1845) meinte Noreg burde koste på seg å få eit norsk skriftspråk "før Aarhundredet nedrømer".

Dei etablerte språkforskarane i første halvdel av 1800-talet rekna gjerne skriftspråket som ei meir fullkomen målform enn talemålet. Aasen hadde klassisk daning nok til at han ikkje forkasta synsmåten heilt, men tenkte også sjølvstendig nok til at han kunne balansere tale mot skrift. Den rådande tankegangen om at skriftspråket var det mest fullkomne, innebar at avstanden måtte vere stor mellom skrift og tale. Skriftspråket skulle vere systematisk, opphøgd, elegant, fornemt. Skriftspråket skulle ikkje vere for kven som helst, men for dei som hadde kunnskap nok til å meistre det.

Ivar Aasen ville byggje på talemålet til allmugen, ikkje til overklassa og embetsstanden. Det var hos allmugen han ville finne dei best bevarte trekka frå det gamle norrøne språket. Eit norsk språk måtte difor byggjast opp nedanfrå. Av det følgde at avstanden mellom tale og skrift ville vere liten. Jamføringa mellom dialektane ville føre til at ingen kunne finne att alt sitt i skriftspråket, men alle ville finne noko. Norsk skulle vere eit språk forma som eit demokratisk minste felles multiplum. Dette var radikalt nytt. Slik hadde ingen tenkt før. Iallfall hadde ingen gjort det før.

Reisene gjennom språket

Ivar Aasen hadde sagt kva som måtte gjerast. Så gjorde han det.

Sommaren 1841 reiste han til Bergen for å få nokre folk i tale som kunne bli dei gode hjelparane hans. Med seg hadde han ei samling av 509 planter og manuskriptet til ein grammatikk, kalla Den søndmørske Dialekt. Han bar altså med seg både opplysningstida og romantikken. Plantesamlinga var nydeleg, tydeleg og prydeleg ordna etter dei naturvitskaplege opplysningsideala til Carl von Linné; Aasen hadde eit skarpt blikk for skilnadene mellom planter. Utkastet til sunnmørsgrammatikken var ei første konkretisering av den romantiske ideen om folkespråket, som – om ein ville sjå det slik, kunne vere grunnlaget for eit felles språk.

Her kryssa Aasen grensa mellom opplysningstida og romantikken. Både Strøm og Aarflot hadde lagt stor vekt på naturvitskapane, og i grammatikken hadde Aasen skrive ei sidelang plantelære etter klassifiseringssystemet til Carl von Linné. Både som plantesamlar og språkforskar hadde Aasen konsentrert seg om eit lite område – grammatikken dekte eit fogderi, plantene var henta frå eit endå mindre område.

28-åringen frå Sunnmøre fekk samtalar med fleire av dei fremste vitskapsfolka i Bergen. Han streva med å få dei i tale, men var bereknande og taktisk. Han ville ikkje verke som ein lukkejeger, men som ein «der dog havde udrettet Noget». Sjølv trudde han at det var naturvitskapen som var framtida for han. Grammatikken vekte større interesse enn plantesamlinga av di språkkunnskapane til Aasen var noko den unge nasjonen kunne ha bruk for.

Særleg inntrykk gjorde den unge forskaren på biskop Jacob Neumann. Biskopen bad Aasen skrive ein liten sjølvbiografi, og den leverte Aasen saman med utkastet til grammatikken berre seks timar seinare. Få dagar seinare stod sjølvbiografien på trykk i Bergens Stiftstidende. Avisa trykte også utdrag frå innleiinga til sunnmørsgrammatikken. I eit eige stykke oppmoda biskopen om at nokon måtte hjelpe «denne mærkelige unge Bonde». Med eitt var Ivar Aasen blitt både ein offentleg og ein viktig person.

I Trondheim var Frederik Moltke Bugge leiar i Det kgl. Norske Videnskabers Selskabs Vel. Ved sida av universitetet i Kristiania var dette vitskapsselskapet det viktigaste forskingsmiljøet i landet. Avisartiklane av og om Aasen vekte stor interesse hos Bugge, som tok affære. Alt i november 1841 rådde han direksjonen i vitskapsselskapet til å yte ein årleg «Understøttelessum» til dette «ganske overordentlige videnskabelige, navnlig lingvistiske, Talent». Etter få månader var det meste på plass. Vitskapsselskapet gav Ivar Aasen eit stipend for å granske dialektane i dei områda som no utgjer Sogn og Fjordane og Hordaland. Seinare blei oppdraget utvida geografisk og fagleg. Den årlege stipendsummen var 150 spesidalar.

«Intet kan sammenlignes med Reiser,» skreiv Ivar Aasen i dagboka si etter turen til Bergen. No blei han ein av dei som reiste mest i landet. Med årlege stipend frå Trondheim kunne Aasen utføre det arbeidet han hadde sett seg føre i 1836.

Reisene hans gjennom språket tok til 29. september 1842. Då la han i veg sørover Vestlandet. Han skulle ut og samle grunnlaget for å gjenreise det gamle språket i landet i ny form. Dette innsamlingsarbeidet varte i 26 år, heilt til han løyste ein todalarsbillett med «Vestfold» frå Skien og var heime i Kristiania i kald nordavind om kvelden 18. september 1868. I mellomtida hadde han vore innom halvparten av dagens kommunar. På desse åra reiste han minst 26 900 km, og med over 2700 reisedagar var han i gjennomsnitt på reise kvar tredje dag i 24 år.

Som regel var det i sommarmånadene han reiste, men i åra 1842–46 var han stort sett på reisefot heile tida og la bak seg over 4000 kilometer. Denne tida er difor blitt kalla langferda. Reiseruta strekte seg sørover Vestlandet, oppover fjellbygdene på Austlandet og vidare nordover til Helgeland, før han returnerte til Trondheim innunder jul i 1846. Der arbeidde han med manuskript til han flytta til Kristiania i september 1847. På drygt tre år skreiv han Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850) med nær 24 000 oppslagsord. Etterpå heldt han til i Ørsta det meste av tida frå august 1850 til september 1851. I dei ti åra 1852–61 gjorde han innsamlingsreiser kvar sommar, likeins i åra 1864–68.

Noko materiale fekk han tilsendt. Anna kom han over i ulike skrifter. Det meste samla han inn på dei mange reisene sine. I tillegg til innsamlingsarbeidet på Sunnmøre frå 1836 til 1841 gjekk reisene hans til desse områda:

1842 Nordfjord, Sunnfjord, Sogn

1843 Sogn, Nordhordland

1844 Nordhordland, Voss, Hardanger, Sunnhordland, Ryfylke, Jæren, Dalane, Lister, Setesdal

1845 Aust-Agder, Nedre Telemark, Ringerike, Kristiania, Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen, Dovre

1846 Nordmøre, Orkdalen, Fosen, Helgeland, Namdalen, Innherad, Trondheim

1847 Trondheim, Gauldalen, Østerdalen, Kristiania

1850 Sunnmøre, Trondheim

1851 Lofoten, Tromsø

1852 Hallingdal, Sogn, Voss, Nordhordland, Sunnfjord, Nord-Rogaland

1853 Nedre Telemark, Østfold og Akershus

1854 Setesdal, Nedre Telemark, Hadeland, Toten, Sør-Gudbrandsdalen

1855 Telemark, Numedal, Valdres, Sogn, Nordfjord, Sunnmøre

1856 Våler, Østerdalen, Innherad, Gudbrandsdalen

1857 Toten, Valdres, Gausdal, Gudbrandsdalen

1858 Stavanger, Ryfylke, Vest-Agder, Vestfold

1859 Østerdalen, Trysil

1860 Sørlands-kysten, Vestfold

1861 Aust-Agder

1864 Hallingdal, Hemsedal, Sogn, Voss, Nordhordland, Bergen

1865 Vest-Telemark, Setesdal

1866 Hallingdal

1867 Våler, Østerdalen

1868 Vest-Telemark, Bamble

Undervegs samla han laust og fast av alt han kom over – ord og uttrykk, gamalt tradisjonsstoff i form av segner, songar og melodiar, ordtak og mangt anna som var å høyre på folkemunne. All denne tradisjonssamlinga gjorde også den skrivande Aasen sikrare i si eiga litterære form.

Han oppsøkte mange og ulike miljø og kunne berre oppnå det han var ute etter, ved å vere tett innpå kvardagssamtalar. Språket samla han inn på fleire vis. Den viktigaste arbeidsforma var å bruke heimelsfolk. Desse måtte helst ha ei viss allmenn daning, meinte Aasen, og blant desse dominerte prestar, lærarar og bønder. Komen til ein ny stad var gjerne presten av dei første han leita opp.

Aasen valde seg ut nokre stader han kalla Middelpunkt. Der gav han seg best tid, og frå desse stadene reiste han i området for å dekkje meir av den aktuelle dialekten.

I tillegg til samtalar med og utspørjing av heimelsfolk noterte Aasen mykje frå det han høyrde rundt seg, anten det no var skysskaren eller bakaren som snakka. Også born lytta han til, og med det blei han den første som vurderte barnespråket nær sagt på linje med vaksenspråket. Slik kunne han fange språket slik det blei brukt i både formelle og uformelle situasjonar.

Han hadde laga sitt eige reiseskrivebord som romma det han trong av skrivesaker, og som det var fort gjort å opne. At ein framandkar skulle kome forbi og gjere sine notat om korleis ein sjølv snakka, var alt anna enn ein sjølvsagd tanke kring 1850. Berre den som vann tillit, ved eiga framferd og ved å bli tilrådd av personar ein stolte på, kunne bruke ein slik observerande metode. Det var ikkje til å unngå at han møtte ein del motstand og uvilje: «Man bliver saaledes sædvanlig nødt til at bekjæmpe en Række falske Meninger og at anbefale sin egen Sag saa overbevisende som muligt, før man kan samle de fornødne Oplysninger.»

Aasen går for å ha vore ein sky og sjenert person. Mykje tyder på at han var det som privatperson. Som språksamlar og -forskar var han derimot i ei rolle, og roller kan gjere noko sjølv med den mest sjenerte. Fleire i samtida hans har framheva at Ivar Aasen var ein framifrå forteljar, og det kan nok hende han brukte denne evna til å få kontakt og vinne tillit. Han hadde noko å dele med andre, han skulle ikkje berre ta til seg; han var ein av dei.

Språksamlaren frå Sunnmøre var både tilskodar og deltakar. Berre samfunnsvitaren Eilert Sundt kan ha visst meir om nordmenns kvardagsliv på 1800-talet enn Ivar Aasen.

Bondesonen som blei millionær

Ivar Aasen budde 49 år i Kristiania og skreiv alle dei viktigaste skriftene sine der.

Då Ivar Aasen blei fødd i 1813, budde færre enn 10 prosent av befolkninga i byar og tettbygde strøk. Då han døydde i 1896, budde nær 40 prosent i slik. Ivar Aasen var sjølv ein del av denne urbaniseringa. 34 år gamal flytta han til Kristiania hausten 1847. Han hadde kome til at det arbeidet som no venta, «ikke vel kunde udføres andensteds end i en stor By».

I byen budde han fleire stader, men frå byen flytta han aldri, og dei siste tjuefem åra kryssa han sjeldan bygrensene. Lengst budde han på tre stader: Storgt. 6 frå 1. oktober 1851 til 31. august 1857, Teatergt. 6 frå 20. april 1858, og Holbergs gt. 35 (fekk seinare nr. 23) frå 2. februar 1880. Eit litografi av hjelparen hans i Trondheim, Frederik Moltke Bugge, skal ha vore det einaste biletet Aasen hadde på arbeidsrommet sitt i Teatergt. 6. Den gongen låg bysentrum lenger sør og vest, i det som blei kalla Kvartalene. Sjølv Grensen var forstad. For vår tid budde han sentralt, men i si tid budde han på kanten av byen.

Han hadde kontaktar på mange nivå. Han både søkte kontakt med og blei kontakta av stortingsrepresentantar, laga oversyn over alle som møtte på dei ulike tingseta, og var ofte til stades når såkalla bondesaker var oppe til drøfting. I 1851 vedtok Stortinget å gi Ivar Aasen eit årleg stipend. Det vedtaket gjorde han til den første statsstipendiaten i Noreg. Stortingsrepresentantane visste kva dei gjorde. Aasen kjende mange av dei og hadde alt brukt mange av dei som heimelsfolk for ulike dialektar.

I åtte år frå 1842 til 1850 fekk han stipend frå Vitskapsselskapet i Trondheim. No tok det samarbeidet slutt, og det passa Aasen godt. Frie og gode vilkår hadde han hatt, men no ville han vidare i arbeidet med å forme det nye språket, som han sjølv gav namnet landsmål nettopp i 1851. Dokumentasjon og forsking skulle støypast om til praksis. Utover i 1850-åra blei Aasen ein etterspurd kapasitet, og der var nok av dei som gjerne ville planleggje og gi råd om kva han no burde gjere. Sjølv hadde han meir enn nok med grammatikken og ordboka. Dessutan var det praktiske målarbeidet blitt vel så viktig for han som nye vitskaplege arbeid.

Som statsstipendiat hadde han sikker inntekt, og Aasen var kremmar nok til å prøve å gjere butikk på bokutgivingane sine. Det stod ikkje på pengane, og lite brukte han på seg sjølv. Heller ikkje på gode husvære. Ivar Aasen budde billig, til tider simpelt. Særleg dei kummerlege forholda i Teatergata 6 var med og la grunnen for seinare mytar om den stakkarslege og tafatte mannen.

Det årlege stipendet frå Stortinget frå og med 1851 var på 300 spesidalar. Dette var det same som ein universitetsstipendiat fekk, men det var lite jamført med løna til framifrå språkforskarar i andre land. I 1857 auka stipendet til 400 spesidalar, og til 600 i 1874. Då krona erstatta spesidalar som valuta i 1875, blei ein spesidalar omrekna til 4 kroner. Stipendet utgjorde no 2400 kroner. I 1881 fekk Aasen ein siste lønsauke ved at stipendet blei løfta til 3500 kroner i året.

Både lønsnivået og lønsauken for Aasen var langt over det arbeidsfolk kunne rekne med. Årsløna for ein industriarbeidar utgjorde i 1895 mindre enn 8 % av stipendet til Aasen. Han kvitterte med årlege rapportar til Kyrkjedepartementet – den siste for arbeidsåret 1887.

Han hadde meir eller mindre fast inntekt i over 60 år, like sidan arbeidet som omgangsskulelærer 18 år gamal. Då tente han 8 spesidalar i året. Fleire av bøkene sine gav han sjølv ut, og noterte med glede i dagboka når han tykte han hadde gjort ein god handel med boktrykkjarane. For andreutgåva av ordboka i 1873 fekk han heile 380 spesidalar av forleggjaren. Det var nesten like mykje som det årlege statsstipendet. Med sitt kravlause liv brukte han på langt nær opp slike summar. Difor let han etter seg ein formue på om lag 31 000 kroner då han døydde i 1896. Det svarar til 2,1 millionar kroner i notidsverdi.

Kvardagsliv i hovudstaden

Han visste at arbeidet hans berre kunne fullførast i hovudstaden og brukte byen, men blei verande ambivalent til bysamfunnet.

Han var ein profilert person alt då han busette seg i hovudstaden i 1847. Stort sett var han ved bra helse til ut i 1880-åra. Som dagane gjekk, blei han noko lutrygga, og dette fanga karikaturteiknarane opp i 1880- og 90-åra. Fotografert blei han sjeldan, og første gongen så seint som i 1871. Dette var med og forma eit gammalmannsbilete av ein grå og lut Aasen: Det hadde lite å gjere med den energiske vestlendingen som i si tid kom til byen.

Aasen la seg etter kvart til eit veldig regelmessig byliv. Skrivearbeidet heldt han på med dagstøtt, som regel fram til kl. 18.00, med ein pause kring 11.30 og middag kl. 14.00. Var han ferdig med eit manuskript den eine dagen, til dømes ei ordbok, gjekk han neste dag gjerne laus på noko anna. Han levde i spennet mellom skapande uro, målretta arbeidsplikt og rastløyse, i krutsterk blanding med eit petimeters nådelause blikk.

Det faglege nettverket var stort, det sosiale nettverket lite, kvinnene få og som regel på avstand. Forelska var han fleire gonger, forlova var han eit års tid då han var 21 år, men gift blei han aldri. Kva han tenkte om dette, skreiv han lite om i både brev og dagbøker. Nettopp for å unngå det tungsinnet slike tankar kunne føre med seg, ville han heller «optegne Dagens Begivenheder». Det gjorde han i dagboks form i 66 år, frå 23. desember 1830 til tre dagar før han døydde i 1896.

Den annalistiske dagboka fylte han med oppramsande opplysningar utan noka samanbindande forteljing. Her noterte han kva han hadde lese, kva han hadde skrive, kven han hadde vore i lag med, kvar han hadde vore, og gjerne kva slags vêr det hadde vore siste månaden. Alt kom ikkje med, det finst fleire døme på unemnde hendingar og gjerningar.

Røykte gjorde han støtt, helst den billige og lette langpipetobakken Petum optimum frå Tiedemanns Tobak. Ute på byen tok han seg kaffi, gjerne eit glas øl, anten han gjekk på kafé eller i Salon; der var det servering med underhaldning. Han brukte byen og var glad i byen: «Den nærmeste Omegn er saa vakker og har saa mange storartede Anlæg, der især i Sommertiden skride daglig fremad, saa at der altid er en Smule Nyt at see,» skreiv han som nyinnflytta Kristiania-borgar. Om vinteren gjekk han mykje på isen, og i mai gjekk han og venta på at tida skulle vere inne for det første sjøbadet. Hende det noko særskilt, fekk han det som regel med seg. Då den første dampdrivne jernbanevogna skulle gå frå Kristiania til Strømmen i 1853, var Aasen i folkehopen. Opninga av jernbanelinja til Eidsvoll året etter var ei hending etter hans smak. Slikt kalla han gjerne «Stas» i dagboka.

Ivar Aasen var ein kjennar av Kristiania: «Skarpere Iagttager er det kanske ikke i Byen,» skreiv Verdens Gang i 1886. Lenge var det Kristiania i mørketida han kjende best. Dei lysaste månadene brukte han til reisene sine. Frå 1869 brukte han byen heile året. Der var så mangt han gjerne ville få med seg.

Aasen såg godt over 600 teaterframsyningar, men Ibsen-stykke såg han berre to av. I konsertsalane var han sjeldnare, men i dagbøkene har han iallfall notert over 200 konsertar. I januar 1849 var han ein av dei 1500 som fekk med seg Myllargutens viktige konsert i Gamle Logen. Det han aller helst og oftast var på, var syngjespel, musikkspel, vaudevillar, kabaretar og revyar. Det høge oppsøkte Aasen mest berre i kyrkja, det låge fann han mange stader.

Denne interessa viser att i den store boksamlinga hans, som til slutt talde om lag 2800 band. Med dei mange bøkene om ordtak, tradert humor og tradisjonsstoff frå mange land var han blant dei mest kunnige i emnet tradisjon og brukskunst. Samlinga inneheld bøker på minst 20 språk, og berre av ordbøker hadde han over 100. Aasen tok også vare på eitt eller fleire nummer av over 600 årgangar av meir enn 100 ulike publikasjonar. I tillegg var han ein flittig brukar av bibliotek, særleg Universitetsbiblioteket i Kristiania.

Det første språkrådet

Husværa til Ivar Aasen i Kristiania var einmannsinstitutt for norsk språk, og han sjølv eit personleg språkråd, det første i landet.

Ein av dei første som nytta sjansen til å få råd, var eventyrsamlaren Peter Chr. Asbjørnsen. Dei to møttest i Kristiania alt første hausten Aasen budde der, og den språkleg ustø tradisjonsformidlaren Asbjørnsen fekk mykje hjelp i arbeidet med den første komplette eventyrutgåva, som kom i 1851.

Det var som om heile alfabetet gjesta innflyttaren frå Sunnmøre – songbokredaktøren Olaus Alvestad, statsråden og tidlegare Solnør-elev Ludvig L. Daae, forfattaren Jon Flatabø, kvinnesakskvinna og biletkunstnaren Aasta Hansteen, diktarpresten Anders Hovden, journalisten Johan Mork, kvinnesakskvinna Fredrikke Qvam, lærebokforfattaren Nordahl Rolfsen, ordbokforfattaren Hans Ross, diktaren Per Sivle, essayisten A.O. Vinje, lærarinna Petra Zwilgmeyer, stortingsrepresentanten Maurits Aarflot.

Samfunnsvitaren Eilert Sundt og språkforskaren Ivar Aasen hadde det til felles at dei begge hadde vore høgt og lågt i samfunnet landet rundt. I dei drygt tjue åra begge budde i hovudstaden, hadde dei mykje med kvarandre å gjere.

I dei åra A.O. Vinje gav ut bladet Dølen, frå 1858 til 1870, hadde Vinje og Aasen mykje med kvarandre å gjere. Aasen hjelpte til med bladet tidt og ofte, både med tekstar, korrektur og omsetjing av annonsar til landsmål. Her publiserte Aasen særleg ei rekkje essay, artiklar og omsetjingar. Utanom Vinje skreiv ingen meir i Dølen enn nettopp Aasen.

Det meste var faglege kontaktflater. Berre nokre få kom tettare på han. Ein av dei var filologen Carl Richard Unger, fire år yngre enn Aasen. Dei møttest hausten 1847 og «vanka ilag, ofte dagstøtt», så lenge dei levde. Her gjekk råda begge vegar, og få hadde fagleg meir å seie for Aasen enn Unger. Frå 1868 sat Aasen i den såkalla domsnemnda til Det Norske Samlaget. Det vil seie at han var med i redaksjonen som avgjorde kva for bøker forlaget skulle gi ut. Der var også Unger med. Nemnda møttest ofte heime hos Aasen.

Ein annan av dei nære var presten Johannes Belsheim. Dei to var blitt kjende med kvarandre i 1855, og dei siste tjue åra gjekk det ikkje mange dagane mellom kvar gong dei møttest. Då timen var komen, var det Belsheim som var hos han.

Grunntekstane for språket

Ivar Aasen skreiv alle grunntekstane for det nye skriftspråket.

Ivar Aasen kasta knapt eit papir i vaksen alder, og det gjekk sjeldan ein dag utan at han skreiv eitkvart. Det han ville, var å etablere «et almindeligt og ægte norsk Skriftsprog». Det nye språksystemet fekk sitt kolon i Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873).

Papir var mangelvare og måtte nyttast godt. Difor skreiv han med svært lita skrift og små margar. Arbeidsmåten var prega av både den absolutte nyttetenkinga og den knappe tilgangen på det godet som papir var. Det ein gjorde, skulle vere til nytte for einkvan – om ikkje for andre, så iallfall for ein sjølv. Det som var til nytte, var også tilgjengeleg. Eit språk og ein kulturtradisjon som var tilgjengeleg, kunne likeins vere til nytte i ein større samanheng, den som representerte demokratisering.

Særleg ein runde måldebatt i avisene i 1858 gjorde noko med han. No blei han myndigare i tonen, og med den store grammatikken var situasjonen definert: Etter 1864 stilte ingen spørsmål om Aasens autoritet som forskar. Meiningane hans var derimot mange usamde i.

Det første han publiserte på landsmål, var stykket «Samtale imellem to Bønder» i Morgenbladet 5. januar 1849. Det var det få bønder som fekk høve til å lese. Avisa hadde berre 1850 abonnentar, og dei fleste av desse budde i hovudstaden. Om han ikkje nådde ut til allmugen, kunne han iallfall lesast av embetsstand og folkevalde.

Offentleg ytra han seg berre i skrift. Ivar Aasen heldt aldri nokon offentleg tale. Skrifta var hans form. Dei fem viktigaste bøkene hans var Prøver af Landsmaalet i Norge (1853), Symra (tre utgåver 1863–75), Norsk Grammatik (1864), Norsk Ordbog (1873) og Norske Ordsprog (1881).

Skriftene hans nådde ut til få førstehandslesarar. Førsteopplaget av bøkene hans var gjerne 500 eksemplar, og det kunne ta lang tid før dette opplaget var utselt. Fire år etter artikkelen i Morgenbladet gav Ivar Aasen ut den første boka på landsmål for eit allment publikum, Prøver af Landsmaalet i Norge. Flest kjøparar og lesarar fekk songspelet Ervingen (1855). I Aasens leveår kom denne vesle boka ut i minst 4500 eksemplar.

Dei som skreiv dansk, hadde alle dei føredøma dei trong. Dei som ville prøve seg på landsmål, hadde knapt nokon. På same måten som den skrivande allmugen måtte gripe ulike sjangrar og lage sine eigne, måtte det nye skriftspråket no inn i dei mest ymse skriveformer. Her kom Aasen allmugen i møte, like mykje til inspirasjon som føredøme. Han forma såleis tekstar i mange sjangrar – dikt, ordtak, forteljingar, skodespel, talar, artiklar, essay, utgreiingar og oppslagsverk.

Aasen gjekk over gjerdet der det var lågast. Frå den munnleg traderte diktekunsten skriftfesta han segner og vers, skildringar og forteljingar, alt saman stoff som mange kjende frå før. Til dette la han nokre kortare utgreiingar og refleksjonar. Den kvardagsprosaen allmugen nok hadde mest bruk for når brev og avtalar skulle skrivast, var likevel ikkje å finne i den vesle boka frå 1853. Det måtte andre ta seg av.

I den private skrivinga blei han helst verande dansk, slik han hadde lært det i skulen. Dei gongene han skreiv slike tekstar på landsmål, var det gjerne til sambygdingar. I 1856 skreiv seinare stortingsrepresentant Niels Juel, som ætta frå ei dansk adelsslekt, det eldste kjende privatbrevet på landsmål. Mottakaren var Ivar Aasen, som sjølv skreiv sitt første brev på landsmål i 1861.

Bruken av dansk kan til dels ha vore taktisk. Ved å skrive på dansk hindra Aasen at nokon kunne skuve skriftene hans frå seg ved å hevde at dei ikkje forstod. Han skilde seg ut gjennom det han skreiv, ikkje språket han skreiv på. Etter fleire hundre år med allmugens skriveøvingar på dansk representerte Aasen eit språkleg høgdepunkt. «Ivar Aasen skriver Dansk bedre end nogen her i Landet,» skreiv Arne Garborg i 1888, med ei syrleg helsing til både Alexander Kielland, Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson.

I 1848 gav han ut Det norske Folkesprogs Grammatik og to år seinare Ordbog over det norske Folkesprog. Desse bøkene var som mellombelse utgåver å rekne. I 1864 kom den endelege utgåva Norsk Grammatik, og i 1873 Norsk Ordbog. Den utgåva hadde mykje meir presise og utfyllande ordforklaringar enn 1850-ordboka. Med sine 45 000 oppslagsord var 1873-utgåva dessutan nesten dobbelt så stor, og den geografiske fordelinga var mykje jamnare. I 1873-utgåva var 31 prosent av ordtilfanget frå Vestlandet, 46 prosent frå Austlandet, 8 prosent frå Trøndelag og likeins frå Nord‑Noreg, og 7 prosent frå Sørlandet. I formverket bygde han nok landsmålet mest på vestnorske trekk, men i ordtilfanget dekte han heile landet.

Ivar Aasen prøvde å følgje fleire prinsipp i utviklinga av landsmålet. Han såg på dialektane som variantar av eit felles språksystem, og målet hans var difor at både lyd- og formverk i det nye skriftspråket skulle svare til systemet i dialektane. Vidare la han vekt på at orda skulle skrivast slik at den historiske samanhengen blei tydeleg. Verbet hugse kom av substantivet hug og skulle difor skrivast med g. Han søkte altså både mot det opphavlege og det systematiske, samstundes som han såg etter det som faktisk var vanleg tale i samtida. Det kravde sine mellomløysingar. Til dette kom eit tredje prinsipp: Ikkje for noko ord ville han føre opp ei skriftform som ikkje fanst i talen ein eller annan stad. Så langt han kunne, skulle han unngå å konstruere samlande mellomløysingar.

Alt i 1852 hadde Ivar Aasen sett opp ein langtidsplan med 19 «paatænkte Værker til Udgivelse». Den planen blei for ambisiøs, sjølv om han realiserte mykje, som den naturvitskaplege innføringsboka Heimsyn (1875) og ordtaksamlinga Norske Ordsprog (to utgåver 1856 og 1881). Somt gjorde han aldri ferdig, særleg Dansk-norsk Ordbog streva han med. Noko av det han skreiv, var ikkje med i planane frå 1852, til dømes Norsk Navnebog (1878). Plantesamling slutta han med då han fekk stipend frå vitskapsselskapet i Trondheim, men i 1860 publiserte han Norske Plantenavne, med over 2100 oppslagsord.

Noko av det viktigaste Ivar Aasen skreiv, var fortalen til Norsk Grammatik. Her skisserte han den språkhistoriske bakgrunnen for arbeidet. I tillegg gav han ei sosiologisk, pedagogisk og språkleg motivering for det nye skriftspråket. Aasen peika blant anna på at det ikkje skulle vere nødvendig for allmugen i eit land å lære meir enn eitt språk, og meinte at «Landets Høvdinger ogsaa skulde lære det samme». Det var sosialt urettferdig at dei som hadde nok å tenkje på frå før, også måtte lære seg dansk i tillegg til det morsmålet dei hadde med seg heimanfrå. Med Norsk Grammatik la Ivar Aasen fram ei norm for eit nytt norsk skriftspråk som språkforskaren Kjell Venås har kalla det konstitusjonelle grunnlaget for nynorsk.

Midt i målstriden

Ivar Aasen gjekk på tvers av tradisjonalistane som ville halde på dansk og reformistane som ville fornorske det danske språket.

Det mangla ikkje på motførestillingar og motargument mot det Aasen ville og gjorde. Slik motstand drog han lærdom av, og han gjekk aldri lenger enn han meinte hans eigne funn gav dekning for. Som forskar var han varsam, som språkbrukar ein strateg med kløkt.

Med Ivar Aasen tok diskusjonen om språket i Noreg ei ny vending. Det som i dei første tiåra på 1800-talet hadde vore uforpliktande høgttenking, blei no livsens alvor. Det var ikkje lenger berre eit spørsmål om meiningar. No galdt det å vinne makta over språkutviklinga i landet.

Tradisjonalistane ville halde på det danske skriftspråket utan norsk innblanding, medan reformistane gradvis ville endre dette skriftspråket ved å tilføre innslag frå norsk talemål. Den fremste blant dei heller få tradisjonalistane var teologen og filosofen Marcus Jacob Monrad. For han var skriftspråket alt norsk, og han ønskte difor berre ei varsam vidare oppnorsking, og då gjennom ei såkalla naturleg utvikling, utan aktive tiltak. Blant dei mange reformistane var språkforskaren Knud Knudsen sjølve konstruktøren av det som etter lang tid blei norsk bokmål, tufta på den såkalla danna daglegtalen – «Byfolkets Talesprog» eller «den landsgyldige norske uttale».

Kring 1850 blei både tradisjonalistane og reformistane utfordra frå ein tredje posisjon: Ivar Aasens.

Truleg visste berre Aasen sjølv kva han hadde skrive i det upubliserte manifestet sitt i 1836. I forordet til ordboka i 1850 hadde han ordlagt seg varsamt. Språk- og kulturhistorikaren Reidar Djupedal meiner Aasen var meir opprørsk enn orda hans gav uttrykk for. Aasen ville halde kongstanken sin for seg sjølv til han visste at han hadde tyngd til å bere den fram.

Først våren 1852 tona han flagg. I ein artikkel kom han inn på forholdet mellom dei to språka dansk og norsk. Der sette han denne setninga på prent: «Forholdet imellem de to Sprog er forøvrigt af en saa uheldig Beskaffenhed, at den eneste sikkre Udvei for os vilde være at anlægge en aldeles norsk Sprogform.»

Så langt hadde ordskiftet om eit norsk skriftspråk vore ganske teoretisk, rett og slett fordi det hadde vore uklart kva som ville vere skilnaden mellom eit dansk og eit norsk språk. Grammatikken og ordboka til Ivar Aasen gjorde det heile handgripeleg og mykje meir nærgåande. No var det tredje alternativet skissert. Han gjorde det i ei tid då bølgjene gjekk høgt om kva slags språk skodespelarane burde tale på scener i Noreg, og kva det ville seie å vere norsk. Ein nasjon skulle byggjast, og Aasen ville så å seie ta fatt på ombygginga før byggverket var teke i bruk.

Slikt blir det strid av. Personlege åtak mot Ivar Aasen var det ingen av så lenge han levde. Derimot dominerte latterleggjerande og nedlatande kritikk mot det han ville utrette. Enno er Ivar Aasen den einaste nordmannen frå 1800-talet det kan stå strid om, men tendensen er aukande respekt.

Diktekunstnaren

Nesten halvparten av det Ivar Aasen sjølv publiserte, var skrive i 1840-åra. Dei viktigaste dikta og visene skreiv han i 1850- og 60-åra.

Mest alt Ivar Aasen dikta eller skreiv, blei til i hovudstaden. Der gjorde han ferdig både første- og andreutgåvene av grammatikken og ordboka si. Dikt, songar og teaterstykke skreiv han helst på vinterstid og utover våren, når han ikkje var ute på ei av språkreisene sine.

19 år gamal publiserte han sine først dikt, eit trykk med to skillingsviser i 1833, Ny Vise om den sørgelige Tildragelse paa Gaarden Krøvle i Ørsten … Tilligemed: en Trøste-Sang for en anfægtet og bedrøvet Sjel. Året etter skreiv han eit vakkert minnedikt om ein nær ven som døydde berre 18 år gamal, «Ved Efterretningen om den unge Sivert R. Aarflots Død». Etter 1840 dikta han med få unntak berre på landsmål. På åtte år gav han ut tre små visetrykk med til saman ti songdikt, alle prenta på Ekset. Fem Viser i Søndre Søndmørs Almuesprog kom i 1843. Året etter kom Tre nye Sange, og i 1851 gav han ut Tvo nye Visor.

I 1854 framførte Det norske Theater det første teaterstykket på landsmål, I Marknaden av Ivar Aasen. Ein kveld blei det vist særskilt for stortingsrepresentantane. Noko viktig stykke var det ikkje, men det var det første, og det introduserte landsmålet på teaterscenene. Vinteren 1855 gjorde han ferdig syngjespelet Ervingen, eit trekantdrama mellom ervingen Aamund, ungkaren Trond og bondedottera Inga. På prøvene song Aasen sjølv songane for kapellmeisteren. Stykket hadde premiere 29. april 1855, og då skreiv forfattaren i dagboka: «Ingen Ulyd. [Klap ved enkelte Sange og ved Slutningen.]». Songen «Dei vil alltid klaga og kyta» er frå dette skodespelet.

Det skjønnlitterære hovudverket hans var diktsamlinga Symra. Ho kom ut i tre utgåver i 1863, 1867 og 1875, med mange endringar frå ei utgåve til neste, men kvar gong med 24 dikt pluss føre- og etterstev. I alt publiserte Ivar Aasen 95 dikt og gjendiktingar, og 105 artiklar og prosastykke. Somme av dikta var ein del av Ervingen, ein del stod som enkeltdikt i blad og aviser, men mange blei aldri publiserte medan han levde. Etter 1896 har ulike utgivarar publisert 202 dikt og gjendiktingar for første gong, ein del av dei i utdrag. Det er også publisert 212 artiklar og prosastykke – originale og omsette. Saman med nesten 400 brev er dermed godt og vel 1000 tekstar av Ivar Aasen publiserte.

Symra med sine songdikt har språkforskaren og Aasen-kjennaren Terje Aarset kalla mor til dei nynorske songbøkene. For Ivar Aasen var dikt tekstar som skulle syngjast. Så brukte han då også nemninga «Visor» i undertittelen på diktsamlinga Symra. Det var denne typen song- og diktekunst han helst oppsøkte i salar og scener.

Aasen arbeidde mykje med både oppbygning og innhald i Symra, som er ei nøye komponert samling av dikt og songar. I alle tre utgåvene stod «Nordmannen» som dikt nummer tre, etter det innleiande «Fyrestev» og «Gamle Norig». Etterpå kjem «Dei gamle Fjelli». Med «Nordmannen» som overskrift plasserte Aasen songdiktet om sitt eige folk mellom historia i «Gamle Norig» og naturen i «Dei gamle Fjelli». Desse første visene i boka utgjer ein bolk om mennesket si rolle i historia og naturen.

«Nordmannen» («Mellom bakkar og berg») er ikkje det viktigaste Ivar Aasen skreiv, men det er det mest brukte diktet hans, og det mest folkekjære han skapte. Diktet er ei lita noregshistorie, som til skilnad frå «Ja, vi elsker» er mogleg å forstå også i dag. Mengdene av levande dialektord som Aasen hadde samla inn, la han vekk til fordel for meir allmenne ord og vendingar. Diktet fortel om korleis landet blei teke i bruk og busett, kor avgjerande kysten har vore for utviklinga av Noreg, og det endar med å grunngi kvifor dette er ein god stad å leve. Patriotismen frå nasjonsbygginga er der, men utan patos og ha-stemte uttrykk. Dette er som det finaste gullsmedarbeid, sa nasjonsdiktaren Bjørnstjerne Bjørnson.

12 år brukte Ivar Aasen på å lage det som blei allsongen om Noreg. Ikkje noko dikt arbeidde han meir med enn dette. Opningslinjene kom fort på plass. Resten var det verre med. Diktaren skreiv minst 15 ulike strofer og sette 11 av dei på trykk i ulike samanhengar før den femte og endelege versjonen kom på plass i siste utgåva av Symra i 1875. Same året laga Jakob N. Kobberstad eit tonetillegg til denne utgåva.

I 1870 skreiv Ludvig M. Lindeman den melodien som gjorde sitt til at dette på kort tid blei den norske allsongen. Både før og seinare har mange komponert melodiar til dikta av Ivar Aasen, og han komponerte sjølv fleire melodiar. Nokre av desse er ikkje lenger i bruk, men den dag i dag syng ein «Dei vil alltid klaga og kyta» og «Gamle grendi» til Aasens melodiar.

Lindemans melodi til «Nordmannen» er aldri blitt utfordra. Gong på gong har det vist seg at svært mange kan ikkje berre opningslinjene og første strofa, men alle dei fem strofene i diktarens siste versjon. I 1995 utfordra Nitimen i NRK P1 lyttarane til å kåre nasjonalvisa for Noreg. «Du ska få en dag i mårå» av Alf Prøysen vann, med «Nordmannen» på andre plass. Hausten 2009 var diktet all tekst i reklamefilmen Made by Norway frå Aker-konsernet, sett av 2,5 millionar tv- og filmsjåarar. 

Impulsar utanfrå

Ivar Aasen var ein av dei fire store i europeisk språkvitskap på 1800-talet, ved sida av danske Rasmus Rask og dei tyske brørne Wilhelm og Jacob Grimm.

Mange hadde skrive om språk i Noreg før Ivar Aasen. Han var derimot den første moderne språkforskaren i landet. Grammatikken hans er framleis eit standardverk på mange område, til dømes i bøyingslæra. Ordforklaringane hans i ordbøkene er eit føredøme for ordbokforfattarar den dag i dag. Han la grunnlaget for den jamførande dialektvitskapen, og saman med Peter Andreas Munch var han pioner i norsk personnamnforsking.

Ivar Aasen var lommekjend i internasjonal språkvitskap, og med ei rekkje gjendiktingar gjorde han verk frå verdslitteraturen tilgjengelege i det nye skriftspråket. Dette var ein strategi for å utvikle det nye skriftspråket og gi det status. I alt omsette og gjendikta Aasen verk av meir enn eit dusin utanlandske forfattarar. For bladet Dølen omsette han kring 1860 fleire prosatekstar, medrekna ein trontale.

Både diktaren og språkvitaren Aasen henta altså impulsar utanfrå. Han vitja aldri andre land, men boksamlinga hans inneheldt svært mange av dei viktige skriftene i internasjonal språkvitskap i samtida. Særleg viktige for han var dansken Rasmus Rask og tyskaren Jacob Grimm. Han hadde også ein viss kontakt med svenske språkforskarar, til dømes Johan Erik Rydqvist. Det Aasen gjorde for å etablere eit norsk språk, var på mange vis ein parallell til skrift- og normfestinga av andre europeiske språk, til dømes færøysk, serbokroatisk, slovakisk, slovensk, tsjekkisk og ukrainsk.

Ordbøkene han gav ut, var i praksis norsk-danske ordbøker, med oppslagsord på landsmål og alle forklaringar på dansk. Planen hans var også å få til ei dansk-norsk ordbok. Dette arbeidde han med i fleire periodar, og mest i åra 1880–83. Då han gav opp, inneheldt manuskriptet nær 11 000 oppslagsord. Manuskriptet blei først utgitt i 2000.

I 1855 gjendikta han Martin Luthers grunnsalme «Vaar Gud er oss so fast ei Borg», med revisjon i 1869. I 1858 gav han ut den norrøne fornaldersoga Fridtjofs Saga. Dette blei det første skjønnlitterære prosaverket på nynorsk. Han omsette «Songen um Klokka» av Friedrich Schiller i 1870 og eit lite utdrag frå Miguel Cervantes store roman i 1873 – «Den raadville Riddaren don Quixote av La Mancha». I tillegg til fleire norrøne dikt omsette eller gjendikta Ivar Aasen også engelske Lord Byron, George Eliot, Thomas B. Macaulay og William Shakespeare, irskengelske Richard B. Sheridan, tyske Johann Wolfgang von Goethe, Alexander von Humboldt og Karl Rotteck, norskdanske Ludvig Holberg og finske Johan Ludvig Runeberg.

Ivar Aasen visste kvar han ville, og at det ville bli strid. Difor ville han drygje lengst råd var før ein kristna landsmålet. «I eet Fag vilde man rigtignok møde Modstand, nemlig i det religiøse,» skreiv han alt i 1852, «men saa kunde man da udsætte dette, indtil Begreberne om Sagen vare bedre opklarede.» Det stod om hjartespråket og grunnsterke kjensler han ikkje ville utfordre for tidleg.

Her forrekna Ivar Aasen seg. Alt i 1869 hadde teologen Elias Blix gitt ut eit lite hefte med salmar på landsmål. Først i 1892 blei det lovleg å bruke desse og seinare salmar han skreiv, i kyrkja, men Blix var ein så god diktar at det var umogleg å oversjå han. I 1881 løyvde Stortinget for første gong offentlege midlar til utgiving av bøker på landsmål. Det Norske Samlaget fekk 1000 kroner til ei prøveomsetjing frå Det nye testamentet. Blix tok på seg oppgåva, på det vilkåret at Ivar Aasen blei med. Etter 25 korte og lange arbeidsmøte i husværet til Aasen var omsetjinga ferdig i februar 1882.

Det var eit tidsspørsmål før heile Nytestamentet kunne liggje føre på landsmål. Johannes Belsheim, Matias Skard og Elias Blix delte på arbeidet, og dei visste kven dei kunne spørje til råds. I dagboka noterte Aasen over 150 besøk berre av Elias Blix i dei sju åra fram til heile Nytestamentet låg føre på landsmål i 1889. Dette var det siste viktige arbeidet Ivar Aasen var med på.

Eit av dei siste ønska til Aasen var at visene i Symra ikkje skulle gjendiktast på dansk. Likevel blei det gjort, og dei første blei framførte berre to månader etter at han var død. Den første gjendiktinga til engelsk kom alt i 1881, av «Nordmannen». Kjetil Myskja har gjendikta heile Symra til engelsk, og i alt ligg det føre over 120 omsetjingar og gjendiktingar til åtte språk av 36 dikt og fem prosatekstar.

«Dette forunderligste lille Væsen»

Ivar Aasen var den største språkforskaren Noreg har hatt, og det store samlingsmerket for dei som vil fremje landsmålet.

Det var også han dei kom til, dei mange som hadde noko med språk å gjere og som trong råd. Utover i 1880-åra trekte han seg meir attende, sjølvbiletet smuldra, og helsa skranta. Store delar av livet var han plaga med røykjebein, claudicatio intermittens. Det er ei åreforkalking som snevrar inn pulsårene i føtene, som dermed får mindre blod. Det merkar ein mest når ein går, for då treng føtene meir blod. Røykebein gav haltande gange og vondt i leggmusklane.

Ivar Aasen hadde gått landet på langs og på tvers, til fots og med ulike framkomstmiddel, og hadde teke store steg for norsk språkutvikling. I alders år måtte han nøye seg med små steg. Trass i helseplagene blei han svært gamal. Ein mann fødd i 1813 kunne rekne med å leve i om lag 60 år. Ivar Aasen blei 83 år.

«Saa skal da ingen mer se Ivar Aasen komme trippende nedigjennem Gaden. Nu har han lagt sig til Hvile og sagt sit Farvel,» skriv ettermiddagsavisa Dagbladet på førstesida onsdag 23. september 1896. Aasen døydde same dagen kring kl. 13.00 av hjartesvikt. Dagbladet hadde rydda førstesida til ein nekrolog, truleg skriven av journalisten Peter Rosenkrantz Johnsen. «Han vil bli baaret til Graven i stille Ærefrygt og under prunkløs Højtidelighed – dette forunderligste lille Væsen, som nogensinde har traadt norsk Jord, og som, efterat nu et langt Liv er afsluttet, efterlader lige mange Spørsmaal og lige megen Undren, som da han stod frem for at udøve den Virken, hvortil han var kaldet.»

Ivar Aasen blei jordfesta på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania 29. september 1896 kl. 14.00, på dagen 54 år etter at han frå Ekset i Volda hadde lagt ut på den første av mange reiser gjennom det norske språket. På gravferdsdagen var det mange kransar, sterke helsingar, mykje folk. Dei var der, statsrådane, professorane, lærarane, kunstnarane, studentane. Dagen etter skreiv Verdens Gang: «Ikke minst rørende var det at se Fattigfolk, hvem Aasen saa mangen Gang havde hjulpet, staa med taarefyldte Øjne paa Gravene langs Vejen, hvor det lange Likfølge drog frem.»

På mindre enn tjue år etter at Aasen hadde gitt ut første grammatikken sin, låg det føre både salmar, diktsamlingar, skodespel, novellesamlingar, romanar og lærebøker på landsmål, og det første nynorske bladet hadde både kome ut og gått inn. Ivar Aasen gav sjølv ut to ordbøker med til saman 69 000 oppslagsord, to grammatikkar, skreiv godt over 300 dikt og vel 300 prosatekstar som no er publiserte, og om lag 400 brev som er kjende i dag.

Ivar Aasen fann ikkje opp eit språk. Han skapte ikkje eit språk. Han laga ikkje eit språk. Ivar Aasen fann eit språk.

Han fann eit mønster i dei talemåla som var i bruk i landet kring midten av 1800-talet. Han viste samanhengane mellom desse talemåla, påviste ei mange hundre år lang linje frå norrønt språk til samtida og gjorde det klinkande klart at norsk var eit sjølvstendig språk på linje med dansk og svensk.

Det heile tok mindre enn 50 år. I 1836 tenkte han dette, men det heldt han for seg sjølv. I 1852 sa han det som det var, offentleg. Når det er som det er, skreiv Ivar Aasen, er den einaste sikre utvegen å etablere en «aldeles norsk Sprogform». I 1864 var det skriftspråket etablert som han hadde funne, og i 1885 vedtok Stortinget å jamstille det norske Folkesprog (i dag nynorsk) med vort almindelige Skrift- og Bogsprog (i dag bokmål).

Han var ein framsynt strateg som gav landsmålet form og retning ved å byggje vidare på den ubrotne talemålstradisjonen i landet gjennom tusen år. Med Ivar Aasen passerte den norske språkutviklinga staden der det ikkje var nokon veg attende.

 

Ottar Grepstad

 

Kjelder

John Ole Askedal og Ann-Berit Aarnes Breder (red): Ivar Aasen – vandreren og veviseren. Oslo 2002

Tove Bull: «Ivar Aasen», Norsk biografisk leksikon, bd. 10. Oslo 2005

Dansk-norsk ordbok av Ivar Aasen, redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset. Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet, serie A, bd. 10. Bergen 2000

Reidar Djupedal: Noko om Ivar Aasen i åra 1840–1860. Særleg arbeidet hans med landsmålet. Upublisert hovudoppgåve. Universitetet i Oslo 1950

Reidar Djupedal: «Etterord» i Ivar Aasen: Symra og andre dikt. Oslo 1963

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Idar Handagard: Ivar Aasen. Oslo 1944

Geir Hjorthol (red.): Forteljingar om Ivar Aasen. Aasen-resepsjonen i fortid og notid. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 2. Volda 1997

Jostein Krokvik: Ivar Aasen. Diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar. Bergen 1996

Kristoffer Kruken og Terje Aarset: «Innleiing», i Ivar Aasen: Ordbog over det norske Folkesprog. Oslo 2000

Kristoffer Kruken og Terje Aarset: «Innleiing», i Ivar Aasen: Norsk Ordbog. Oslo 2003

Knut Liestøl: Ivar Aasen. Oslo 1963

Magne Myhren (red.): Ei bok om Ivar Aasen. Oslo 1975

Namnesamlingar av Ivar Aasen, redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset. Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet, serie A, bd. 9. Bergen 2006

Jan Inge Sørbø: «Portalen til nynorsk-lyrikken». Syn og Segn. 1996

Kjell Venås: Då tida var fullkomen. Ivar Aasen. Oslo 1996

Kjell Venås: Ivar Aasen og universitetet. Oslo 2000

Stephen J. Walton: Ivar Aasens kropp. Oslo 1996

Terje Aarset: Ivar Aasen. Dikting på vers. Ein bibliografi. Volda 1993

Terje Aarset: «'Nordmannen'», Møre-Nytt 21.9.1996

Terje Aarset: Den nynorske songskatten. Bergen 2009

Ivar Aasen: Symra og andre dikt, ved Reidar Djupedal. Oslo 1963

Ivar Aasen: Millom bakkar og berg, i utval ved Magne Myhren. Stabekk 1980

Ivar Aasen: Skrifter i samling. Oslo 1996

 

 

    Artikkellesar
    Aasen i årstal
    Bilete frå boka "Ivar Aasens kropp", skrive av Stephen J. Walton.Foto: Anders Aanes

    Aasen i årstal

    Les om dei viktigaste hendingane i livet til Ivar Aasen.

    Ønskjer du eit grundigare oversyn? Sjå på den lange årstalslista.
     
    1813
    Ivar Aasen vert fødd på garden Åsen i Ørsta den 5. august.
    1813-31
    Heime i Åsen
    1831-33
    Omgangsskulelærar i Ørsta
    1833-35
    Hos prost H.C. Thoresen i Stokksund, Herøy
    1835-42
    Hos kaptein L.J. Daae på Solnør i Skodje
    1842-47
    Granskingsferder med løn frå Vitskapsselskapet i Trondheim
    1847
    Buset seg i Kristiania
    (budde lengst i Theatergt. 6, frå 1880 i Holbergsgt. 23)
    1851
    Statsløn
    1850-1868
    Årlege reiser (utanom 1862-63) for innsamling og dokumentasjon av talemål
    1896
    Døyr på hybelen sin i Holbergsgt. 23 i Kristiania den 23. september
     
    Heime i Ørsta i 1834, 1842, 1850/51, 1855, 1886
     

     

    Vitskaplege verk og dikting

     
    1836
    "Om vort skriftsprog" (prenta 1909, omsett til nynorsk i 2006)
    1841
    Den søndmørske Dialekt. En grammatikalsk Oversigt med Fragmenter af en Ordbog
    1841
    Sjølvbiografi (i Bergens Stiftstidende nr. 67 og 68)
    1843
    Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog
    1846
    "Om en Ordbog over det norske Almuesprog, samt en dertil hørende Grammatik"
    (i Det Kongelige Norske Videnskabers-Selskabs Skrifter i det 19de Aarhundrede)
    1848
    Det norske Folkesprogs Grammatik
    1850
    Ordbog over det norske Folkesprog
    1853
    Prøver af Landsmaalet i Norge
    1854
    Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform (prenta i 1917)
    1855
    Songspelet Ervingen (framført på Christiania Norske Theater 29. april same året)
    1856
    Norske Ordsprog (ny revidert utgåve 1881)
    1857
    "Om Dannelsen og Norskheden" (i Folkevennen)
    1859
    "Minningar fraa Maalstriden" (i Dølen)
    1863
    Diktsamlinga Symra
    1864
    Norsk Grammatik
    1873
    Norsk Ordbog
    1875
    Heimsyn
    1878
    Norsk Navnebog