Bibliografi over skrifter om Ivar Aasen
Foto: Anders Aanes

Bibliografi over skrifter om Ivar Aasen

– Alt medan Ivar Aasen var i arbeid, blei han omtalt i mange land. Dei omtalane blei kjende i Noreg og prega også nordmenns oppfatning av Aasen. Han fekk tidleg offentleg omtale og blei først kjend for det han skulle utrette, ikkje for det han hadde gjort.

Det seier Ottar Grepstad har gitt ut «Bibliografi over skrifter om Ivar Aasen» her på nettstaden Aasentunet.no. Der har han registrert 1760 omtalar frå 1841 til 2013.

Bibliografien over det som er skrive om Ivar Aasen, kjem i tillegg til den bibliografien over publiserte skrifter av Aasen som Grepstad gav ut på Aasentunet.no i fjor.

Last ned heile bibliografien her.


Kjend for det han enno ikkje hadde gjort

I 1841 skreiv fleire Oslo- og Bergens-aviser om Ivar Aasen. Det var første gongen han blei omtalt offentleg. Alt han då hadde publisert, var tre dikt som var trykte i Volda mange år tidlegare. I 1842 tok han fatt på det språklege innsamlingsarbeidet som varte i fleire tiår.

– Det var det språklege talentet hans som vekte merksemd, ikkje diktinga hans, seier Grepstad og legg til: – Ivar Aasen blei kjend for det han skulle utrette, ikkje for det han hadde gjort.
 

Skilnad mellom bokmål og nynorsk

Ottar Grepstad har funne 85 dikt og songar om Ivar Aasen og syner at mange skjønnlitterære forfattarar har skrive om Aasen. – Ein av dei som hadde stor respekt for livsverket hans, var Herman Wildenvey, men det er knapt eit dikt å finne på bokmål om Aasen, seier Grepstad.

Han ser eit tydeleg skilje i omtalane. – Bokmålsfolk har heile tida hatt ein tendens til å lese Ivar Aasen inn i ei nasjonalromantisk ramme. Like lenge har nynorskbrukarane framheva det realistiske og moderne hos Aasen. Det skiljet viste seg alt i dei første nekrologane hausten 1896, seier Grepstad.
 

Mykje nytt og ukjent stoff

Bibliografien dokumenterer mange artiklar og skrifter som er blitt gløymde og i dag er ukjende. Fem intervju blei publiserte i 1890-åra. Bere fire av dei har vore kjende til no. – Ein av dei fremste journalistane i den gongen var Peter Rosenkrantz Johnsen i Dagbladet. Han intervjua Aasen tre gonger, men det første og viktigaste av desse intervjua har vore oversett av alle biografar, meg sjølv inkludert, seier Grepstad.

Ottar Grepstad gav i fjor ut biografien «Historia om Ivar Aasen». Boka blei trykt i tre opplag og kjem i ny utgåve 21. august. Der har noko av det ukjende stoffet kome med, også dei tre intervjua frå Dagbladet.