Ivar Aasen

Ivar Andreas Aasen (1813-1896) var språkforskar, språkgrunnleggjar og diktar. Han endra den språklege framtida i Noreg, forma skriftspråket nynorsk på grunnlag av talemål frå heile landet, og skreiv folkekjære songar som «Nordmannen» («Mellom bakkar og berg»).

Ivar Aasen
Ivar Aasen, 1871. Foto C. C. Wischmann

Aasen var fødd i Ørsta 5. august 1813 og døydde i Kristiania 23. september 1896. Etter vanleg omgangsskule, studium hos huslærar og eige arbeid som huslærar var han kunnig i seks språk – norrønt, dansk, engelsk, fransk, tysk og latin. I 1842 tok han til på det arbeidet som resulterte i skriftspråket landsmål, tufta på Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873).

I arbeidet med å samle inn prøver frå talemåla landet rundt var Aasen innom halvparten av dagens kommunar og så langt nord som til Tromsø, men han la mindre vekt på talemålet i byane. Desse reisene utgjorde nær 27 000 km, og i 24 år var han på gjennomsnitt på reise kvar tredje dag.

Aasen forma sjølv prøver på det nye skriftspråket i ei rekkje sjangrar, publiserte 95 dikt og skapte nokre av dei mest folkekjære songane i Noreg, og sette på trykk 105 artiklar og prosatekstar. Han gav ut 39 bøker og småtrykk, mellom dei to ordbøker med til saman 69 000 oppslagsord. Dei klare og presise ordforklaringane hans gjer få han etter den dag i dag.

Han budde i Kristiania frå 1847 til han døydde, berre avbrote av eit år på Sunnmøre frå seinsommaren 1850. I Kristiania hadde han eit vidt kontaktnett og fungerte som eit einmanns forskingsinstitutt.

I 1871 fekk han ein æresmedalje i gull av kong Karl 15 for det språkvitskaplege studiet av «det Norske Folkesprog», og to år etter blei Aasen tildelt Riddarkrossen av Sankt Olavs orden «for litterair Fortjeneste».

Skrifter i samling kom i tre band i 1911–12 og i to band i 1926, den siste utgåva trykt opp att i 1996. Skrifter. Eit utval kom i 1976, og Reidar Djupedal gav ut Brev og dagbøker i tre band 1957–60. I åra 1992–2002 gav Ivar Aasen-selskapet ut ti band i to skriftseriar, for det meste uprenta målsamlingar av Ivar Aasen som var førearbeid til Norsk Ordbog.

På heimegarden Åsen i Ørsta har det vore museum sidan 1898, frå 2000 Ivar Aasen-tunet, som er eit nasjonalt opplevings- og dokumentasjonssenter for nynorsk skriftkultur.

Les meir om Ivar Aasen (utvida artikkel)