Hausten i Aasen-tunet
Foto: Marcel Leliënhof

Hausten i Aasen-tunet

Boknatta i november med forfattarane Unn Conradi Andersen, Marit Tusvik og Lars Amund Vaage, er eitt av fleire høgdepunkt i Ivar Aasen-tunet denne hausten. På plakaten står også julekonsert med Aasmund Nordstoga og dei yngste kan gle seg til familiedag første søndagen i kvar månad.

– Fagleg og litterært påfyll og gode musikk- og matopplevingar er stikkord for haustens kulturprogram i Ivar Aasen-tunet.

Den etter kvart så tradisjonsrike Boknatta gir deg smakebitar frå bokhausten. Unn Conradi Andersen debuterer i haust med romanen Alt uavklart, Marit Tusvik kjem med boka I hans armar og Lars Amund Vaage kjem med novellesamlinga Den vesle pianisten. Elin Furubotn og Torbjørn Økland krydrar det heile med vakre songar frå albumet Ikkje gå deg vill. Journalist Maria Dyrhol Sandvik vil leie samtalane med forfattarane.

Konsertar med Hoem og Nordstoga

Allereie i september er det klart for «Livet», ein poesikonsert med forfattar Edvard Hoem, folkemusikar Jorun Marie Kvernberg, jazzpianist Dag-Filip Roaldsnes og jazzvokalist Hilde Brunsvik. I slutten av november ønsker vi velkomen til julekonsert med Aasmund Nordstoga, Åsmund Reistad og Erik Sollid.

Ivar Aasens reiser

Vi markerer at det denne hausten er 175 år sidan Ivar Aasen la ut på den første reisa si, for å samle prøver frå dei norske talemåla. Første søndagen i oktober kan du få med deg dramatiseringa "Aasen sine reiser på 10 minutt" med Line Starheimsæter og foredraget "Dei gamle fjell i syningom" av Gaute Øvereng. Musikalsk reisefølgje vert ved Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Geir Helge Ådneram. Same dag er det familiedag med aktivitetar og høgtlesing frå Janosch-klassikaren Med tigeren og bjørnen til Panama. 

Bok og bakverk og familiedagar

Første onsdagen i månaden kan den bakande bibliotekaren vår igjen freiste med fersk litteratur og duftande bakverk i kafeen, og vi kan nyte god musikk framført av dyktige elevar frå Volda vidaregåande skule. Den første søndagen i kvar månad blir det familiedagar med kjekke aktivitetar og samlingsstunder med høgtlesing, med den populære juleverkstaden første søndag i advent som ei stemningsfull avslutning på det heile. Vi får høyre frå Janosh-klassikaren Med tigeren og bjørnen til Panama, bokserien Den mystiske skulen og den komande boka Papelina av Randi Fuglehaug.

Meir om programmet og billettar til arrangementa