Vestlandet for nynorsk
Øystein Vangsnes og Lodve SolholmFoto: Stig Brøndbo, UiT og Ivar Aasen-tunet

Vestlandet for nynorsk

Kronikk om språket i den nye Vestlandsregionen, skriven av rådsordførar Øystein Vangsnes og styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. Publisert av Bergens Tidende måndag 3. oktober.

Dei tre fylkestinga i den nye Vestlandsregionen bør vedta at staten skal bruke nynorsk overfor den nye regionen. Dei bør også vedta språkreglar for nynorsk som administrasjonsspråk i regionen, med klare språklege rettar for tilsette og innbyggjarar.

Dette er dei samrøystes tilrådingane frå rådet i Nynorsk kultursentrum med 24 stiftarane og partnarar frå heile landet, og frå styret.

Den nye regionen vil med si økonomiske kraft og over ein million innbyggjarar bli ein mektig aktør i norsk samfunnsutvikling og offentleg forvaltning. Denne regionen bør vere like tydeleg språkpolitisk som næringspolitisk. Kommunar, fylkeskommunar og regionar er språkleg viktigare aktørar enn mange politikarar trur. Det handlar om identitet, folkestyre og å skrive godt og forståeleg.

Ved å jamstelle nynorsk og bokmål i 1885 gjorde Stortinget truleg Noreg til den første formelt fleirspråklege staten i verda. Ei spørjeundersøking i 2013 viste at Vestlandet var den einaste landsdelen der så mykje som seks av ti innbyggjarar meinte at nynorsk og bokmål framleis skal vere to jamstelte språk.

I intensjonsavtalen blir det med rette slått fast at «nynorsk har vore, og er ein viktig felles identitetsbyggar». Dette gjeld for både Vestlandet og andre landsdelar. At nynorskbrukarane tidleg danna fleire regionale tyngdepunkt i landet, var ein nødvendig føresetnad for at jamstellinga kunne bli meir enn ord. Enno er det likevel langt fram til ei reell jamstelling, og Vestlandet er den einaste landsdelen med eit nynorsk tyngdepunkt. Det har ringverknader for heile landet, og det forpliktar.

Nynorsk kultursentrum har lagt fram oppdatert dokumentasjon frå «Språkfakta 2015» som viser kor viktig den nye regionen er i denne nasjonale språkpolitikken. Seks av ti nynorskkommunar i Noreg ligg i den nye regionen. Det same gjer godt over halvparten av alle kyrkjesokn med nynorsk liturgi, likeins seks av ti aviser redigerte på berre nynorsk. Sju av ti nynorskelevar i grunnskulen bur i dei tre fylka, det same gjer sju av ti avgangselevar i vidaregåande skule.

I den nye regionen er nynorsk mest brukt institusjonelt og bokmål mest brukt privat.

Fleirtalet av vaksne innbyggjarar skriv helst bokmål privat. Bokmålsbrukarane er i stort fleirtal i Rogaland, nynorskbrukarane i like stort fleirtal i Sogn og Fjordane. Der er 138 000 grunnskuleelevar i dei tre fylka, og for 62 prosent av dei er bokmål opplæringsspråket, for 38 prosent nynorsk.

I 2016 er det 85 kommunar i dei tre fylka. Staten bruker nynorsk til 67 av desse kommunane, eller 79 prosent. Dei tre byane Eigersund, Stavanger og Haugesund er dei einaste bokmålskommunane i regionen.

Nynorsk er tenestemålet til dei regionale statsorgana i heile regionen. Det vil seie at alle statsorgan skal bruke nynorsk i all generell informasjon (annonsar, fellesbrev til alle kommunane i regionen, oppslag på nettstaden, invitasjonar til kurs, rapportar med meir).

Alle statsorgan skal i dag skrive nynorsk til fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland, medan Rogaland fylkeskommune har definert seg som språknøytral.

Dei to bispedøma Stavanger og Bjørgvin har 288 kyrkjesokn. 206 av desse, eller 72 prosent, bruker nynorsk liturgi.

Det kjem ut 51 aviser i dei tre fylka. Over halvparten av dei er redigerte på nynorsk, mange er språkblanda redaksjonelt, og berre tre av ti er redigerte på bokmål. Likeins er administrasjonsspråket nynorsk i over halvparten av dei 15 musea i regionen.

Høgskulen på Vestlandet med avdelingar frå Førde til Haugesund kjem i drift frå 1. januar 2017. Partane blei alt tidleg i forhandlingane samde om at nynorsk skal vere det administrative hovudspråket.

Fylkestinga bør i denne saka gjere to vedtak. Det eine er kva språk staten skal skrive til Vestlandsregionen på, slik dei har rett til etter mållova. Det andre er kva administrasjonsspråket i regionen skal vere.

I Vestlandsregionen vil det vere eit overveldande fleirtal av nynorskkommunar. Difor bør også fylkestinga vedta at staten skal bruke nynorsk i sin skriftlege kommunikasjon med regionen. Utan vedtak definerer Vestlandsregionen seg som nøytral, og sakshandsamarane i staten kan velje om dei vil skrive på bokmål eller nynorsk.

Nøytralitet må ikkje forvekslast med jamstelling. I språknøytrale kommunar og fylkeskommunar er det som regel bokmål som dominerer. Fleire norske fylkeskommunar har delte løysingar med nynorsk i nokre sektorar og bokmål i andre, eller nynorsk i nokre typar dokument og bokmål i andre. Desse løysingane fungerer aldri godt over tid. Det som er det mest brukte språket privat, blir etter kvart dominerande også i yrkeskvardagen.

Nynorsk kultursentrum rår til å vedta nynorsk administrasjonsspråk med språkreglar som tek vare på dei språklege rettane til både tilsette og private (personar, institusjonar, organisasjonar, bedrifter). Ved å følgje reglane for språk i statstenesta på eitt punkt og svare private på det språket dei sjølve bruker, sikrar regionen rettane også til dei mange bokmålsbrukarane i regionen.

Språkreglane må vere klare og lette å forstå, enkle å bruke og formidle til innbyggjarar og tilsette. Nynorsk kultursentrum har sendt framlegg til slike språkreglar til dei tre fylkestinga. Saman med «Språkfakta om Vestlandsregionen» og brev til fylkestinga er desse språkreglane publiserte på aasentunet.no og haugesenteret.no.

Vi meiner framlegget til språkreglar definerer den standarden som bør gjelde for alle nye regionar, anten nynorsk eller bokmål dominerer. Her kan dei tre fylkestinga gjere den nye regionen til eit føredøme for andre.

 

Øystein A. Vangsnes, rådsordførar Nynorsk kultursentrum

Lodve Solholm, styreleiar Nynorsk kultursentrum