Utebiblioteka 2017
Foto: Eileen Gjerde

Utebiblioteka 2017

Tunkatten Lurivar sine populære utebibliotek har no opna for sommaren.

– Barneboktua er eit litt annleis bibliotek. Det er berre ope i sommarferien og det er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i vakre omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier formidlar Liv Astrid Skåre Langnes i Aasen-tunet.

Tunkatten Lurivar har i fleire år hatt eit utandørs barnebibliotek på Høgetua, ein liten gåtur opp i skogen frå Aasen-tunet, i det området der Ivar Aasen sjølv leika som gutunge. Dette har vore svært populært, og difor er no tilbodet om utebibliotek å finne i Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Hornindal, Stryn og Sula kommune. 

Du finn bøkene i ei fargerik postkasse som er godt merka med både potemerket til Lurivar og eige skilt. – Biblioteket har eit godt utval av nynorske barnebøker, og kan vere ein fin måte for dei vaksne å orientere seg om kva som er nytt i den nynorske barnebokverda, seier Langnes. Borna finn heilt sikkert ei bok dei synest er spennande i utvalet til Lurivar, som har tenkt spesielt på born frå tre til ti år. Bøkene er ei gåve frå Ivar Aasen-tunet og forlaga Skald, Publica Bok, Mangschou og Det Norske Samlaget.

 

Her finn du utebiblioteka:

Herøy: Barneboktua, på Herøy gard, turvegen

Ulstein: Barnebokberget, i Trollskogen ved Osberget

Hareid: Barneboktua, ved Rotarystien

Volda: Barnebokskogen, i Heltnelihuken

Hornindal: Barneboktua, gapahuken ved Hornindal skule

Stryn: Barnebokplassen, Leikeplassen i Tonningsbakkane (Opnar fredag 5.mai)

Sula: Barneboktua, ved turstien rundt Mausavatnet i Mauseidvåg, ved grindløa i Kaffivika ved Vassetvatnet i Langevåg, ved gapahuken i Sundsmyra i Solevåg og ved Gjølevatnet på Fiskarstranda

Ørsta: Barneboktua, på Høgetua ovanfor Ivar Aasen-tunet og ved turmålet i Daleteigane ved Mossetrevegen

Vi takkar alle kommunane for samarbeidet.