Utebibliotek i vinter

Utebibliotek i vinter

No blir Lurivar sitt utandørs barnebibliotek tilgjengeleg på utescena i Aasen-tunet heile vinteren.

Her kan borna lese eit rikt utval barnebøker i ly for regn og snø. Ein kan sjølvsagt også ta turen innom utstillingane, butikken og kafeen, som har ope kvardagar frå 10 til 16 og søndagar frå 12 til17.
Lurivar har eigen nettstad med songbok og aktivitetar: www.tunkatten.no