Unikt samarbeid på Vestlandet om Økland-tunet
Foto: Tove K. Breistein

Unikt samarbeid på Vestlandet om Økland-tunet

Økland-tunet i Valevåg i Sveio kan bli eit nytt kulturelt tyngdepunkt på Vestlandet. I tett kontakt med familien Økland set Nynorsk kultursentrum og Sunnhordland museum i gang eit forprosjekt om tunet og dei eineståande samlingane til forfattaren Einar Økland.

Hordaland fylkeskommune har løyvt 150 000 til eit forprosjekt om nye måtar å forvalte kunstnarheimar på. Forprosjektet blir avslutta hausten 2018. – Eit unikt prosjekt er under planlegging. Dette er svært gode nyheiter for oss, og vi ser fram til eit godt samarbeid, seier ordførar Jorunn Skåden i Sveio kommune.

Unikt samarbeid om eineståande samlingar

Styra i dei to musea gav tidlegare i haust prinsipiell støtte til prosjektet som inneber samarbeid mellom museum i to fylke. Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum kjenner ikkje til at det har vore gjort før. Han meiner at også samlingane er eineståande.

– Einar Øklands samlingar viser korleis skriftkultur og bildekultur har prega 1900-talet og gjennomsyrer kvardagsliva våre. Desse samlingane finst det iallfall ikkje maken til i Noreg, og her er det mykje som ikkje finst i verken arkiv, bibliotek eller museum, seier Grepstad.

Samlingane er bygde opp over 70 år og utgjer om lag 450 hyllemeter. Den første gjenstanden skaffa Einar Økland seg då han kjøpte ein kasse full av bøker som sjuåring i 1947. Grepstad er godt i gang med å dokumentere det heile. – Det vanlege er at forvaltninga av slike kulturskattar tek til når opphavspersonen er borte. No dreg vi vekslar på all hans kunnskap og forstår samstundes kva som er viktig for han.

Ikkje noko nytt senter

Det er ikkje lagt opp til noko nybygg eller senter med ein fast stab av medarbeidarar. Samlingane blir verande i husa i Økland-tunet, og ei første arbeidsdeling er alt avklara. Sunnhordland museum vurderer forvaltninga av bygningar og anlegg, Nynorsk kultursentrum forvaltninga av samlingane, og musea skal samarbeide tett om bruken av tunet..

Sunnhordland museum har laga ein første tilstandsrapport som viser at vedlikehaldet av bygningar og anlegg er svært godt. – Dette er eit svært spennande prosjekt og det er ekstra kjekt at vi får samarbeid med ein så profesjonell aktør som Nynorsk kultursentrum i regionen vår. Gjennom forprosjektet skal vi få fram driftskostnadene, og vi skal finne ut korleis vi kan gjere Økland-tunet til ein viktig stad for sveibuar, sunnhordlendingar og mange fleire, seier Tvedte.

Familien bur i tunet og vil gjere det så lenge dei kan. – Vi skal finne ut korleis fagmiljø og publikum kan nyte godt av samlingane seinare, men også korleis staden kan vere tilgjengeleg i avgrensa former i åra som kjem, seier direktør Håvard Tvedte.